Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 27
Matt NorSMB 27:1  Det var morgon vorte då alle dei øvste prestarne og styresmennerne sagde daudedomen yver Jesus.
Matt NorSMB 27:2  So batt dei honom og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus, landshovdingen.
Matt NorSMB 27:3  Då Judas, svikaren, såg at dei hadde dømt Jesus frå livet, angra han på det han hadde gjort. Han bar dei tretti sylvdalarne attende til dei øvste prestarne og styresmennerne og sagde:
Matt NorSMB 27:4  «Eg hev synda! Det var skuldlaust blod eg gav yver til dykk.» «Kva skil det oss? Det vert di eigi sak,» svara dei.
Matt NorSMB 27:5  Då kasta han pengarne frå seg i templet og tok ut; og sidan gjekk han burt og hengde seg upp.
Matt NorSMB 27:6  Dei øvste prestarne tok pengarne og sagde: «Det er ’kje rett å leggja deim i tempelkista; for det er blodpengar.»
Matt NorSMB 27:7  So tok dei den rådi at dei for desse pengarne kjøpte Pottemakaråkeren til gravstad for framande.
Matt NorSMB 27:8  Difor hev den åkeren vore kalla Blodåkeren alt til denne dag.
Matt NorSMB 27:9  Då vart det sanna det som Jeremia, profeten, hev tala, når han segjer: «So tok dei desse tretti sylvdalarn’ - det var det verd dei hadde sett han i, han som dei verdsette for Israel -
Matt NorSMB 27:10  for Pottemakargården dei det gav, soleis som Herren hadde sagt meg til.»
Matt NorSMB 27:11  So vart då Jesus førd fram for landshovdingen. Og landshovdingen spurde honom: «Er det du som er konge yver jødarne?» «Du segjer det sjølv,» sagde Jesus.
Matt NorSMB 27:12  Men då dei øvste prestarne og styresmennerne kom med klagemåli sine, svara han ingen ting.
Matt NorSMB 27:13  Då sagde Pilatus til honom: «Høyrer du ikkje alt det dei skuldar deg for?»
Matt NorSMB 27:14  Men han svara honom ikkje på eit einaste ord, so landshovdingen undra seg storleg.
Matt NorSMB 27:15  Kvar høgtid hadde landshovdingen for vis å gjeva folket ein fange fri, kven dei vilde.
Matt NorSMB 27:16  Den gongen hadde dei ein ordgjeten fange som heitte Barabbas.
Matt NorSMB 27:17  Då dei no hadde samla seg, sagde Pilatus til deim: «Kven vil de eg skal gjeva dykk fri, Barabbas eller Jesus, han som dei kallar Messias?»
Matt NorSMB 27:18  For han visste at det var av ovund dei hadde gjeve Jesus yver til honom.
Matt NorSMB 27:19  Og med han sat i domarsætet, sende kona hans bod til honom og sagde: «Du skal ikkje hava noko med saki mot denne rettferdige mannen! Eg hev drøymt so vondt i natt for hans skuld.»
Matt NorSMB 27:20  Men dei øvste prestarne og styresmennerne talde folket til å beda Barabbas fri og lata Jesus drepast.
Matt NorSMB 27:21  Og då landshovdingen tok til ords att og spurde: «Kven av desse tvo vil de eg skal gjeva dykk fri?» svara dei: «Barabbas!»
Matt NorSMB 27:22  «Kva skal eg då gjera med Jesus, han som dei kallar Messias?» sagde han. Då svara deim alle: «Lat honom verta krossfest!»
Matt NorSMB 27:23  «Kva vondt hev han då gjort?» sagde Pilatus. Men dei ropa berre sterkare og sterkare: «Lat honom verta krossfest!»
Matt NorSMB 27:24  Då Pilatus såg at han ingen ting kunde gjera, men ståket heller vart verre, tok han vatn og tvo henderne sine midt for augo på folkehopen og sagde: «Eg hev ingi skuld i blodet åt denne rettferdige mannen. Dette lyt de svara for!»
Matt NorSMB 27:25  Då svara heile folket: «Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre!»
Matt NorSMB 27:26  So gav han deim Barabbas fri, men Jesus let han piska, og gav honom yver til hermennerne sine, so dei skulde krossfesta honom.
Matt NorSMB 27:27  Hermennerne åt landshovdingen tok Jesus med seg inn i borgi og samla heile vakti kringum honom.
Matt NorSMB 27:28  So klædde dei av honom, og hengde på honom ei skarlakskåpa,
Matt NorSMB 27:29  og dei fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans, og gav honom ein røyrstav i høgre handi. Med so gjort, fall dei på kne for honom spotta honom og sagde: «Heil deg, jødekonge!»
Matt NorSMB 27:30  So sputta dei på honom, og tok røyrstaven og slo honom i hovudet med,
Matt NorSMB 27:31  og då dei hadde spotta honom det dei vilde, tok dei av honom kåpa og hadde på honom hans eigne klæde, og so førde dei honom burt og skulde krossfesta honom.
Matt NorSMB 27:32  På vegen møtte dei ein mann frå Kyrene som heitte Simon. Honom nøydde dei til å bera krossen hans.
Matt NorSMB 27:33  Då dei so kom til ein stad som heiter Golgata - det er det same som Skallestaden -
Matt NorSMB 27:34  gav dei honom vin blanda med gall; men då han hadde smaka på det, vilde han ikkje drikka.
Matt NorSMB 27:35  So feste dei honom til krossen. Klædi hans bytte dei millom seg, og drog strå um deim,
Matt NorSMB 27:36  og so vart dei sitjande der og heldt vakt yver honom.
Matt NorSMB 27:37  Og uppyver hovudet hans hadde dei skrive klagemålet mot honom; det lydde so: Dette er Jesus, kongen yver jødarne.
Matt NorSMB 27:38  Saman med honom vart tvo røvarar krossfeste, ein på høgre og ein på vinstre sida.
Matt NorSMB 27:39  Dei som gjekk framum, hædde honom og riste på hovudet og sagde:
Matt NorSMB 27:40  «Du som riv ned templet og byggjer det upp att på tri dagar, hjelp deg no sjølv! Er du Guds Son, so stig ned av krossen!»
Matt NorSMB 27:41  Sameleis spotta dei honom, både dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne, og sagde:
Matt NorSMB 27:42  «Andre hev han hjelpt, seg sjølv kann han ikkje hjelpa! Han er konge i Israel! Lat honom no stiga ned av krossen, so skal me tru på honom.
Matt NorSMB 27:43  Han leit på Gud; lat no Gud berga honom, dersom han bryr seg um honom! Han hev då sagt: «Eg er Guds Son!»»
Matt NorSMB 27:44  Jamvel røvarane som var krossfeste saman med honom, spotta på same visi.
Matt NorSMB 27:45  Frå den sette timen vart det myrkt yver heile landet, alt til den niande timen.
Matt NorSMB 27:46  Og kring den niande timen ropa Jesus med høg røyst og sagde: «Eli, Eli, lama sabaktani!» Det er det same som: «Min Gud, min Gud, kvi hev du forlate meg?»
Matt NorSMB 27:47  Då sagde nokre av deim som stod der og høyrde det: «Han ropar på Elia.»
Matt NorSMB 27:48  Og med det same sprang ein av deim fram og tok ein svamp og fyllte med vineddik og sette på ein tein, og let honom få drikka.
Matt NorSMB 27:49  Men dei hine sagde: «Venta! Lat oss sjå um Elia kjem og hjelper honom!»
Matt NorSMB 27:50  Og Jesus ropa endå ein gong med høg røyst, og gav ut åndi.
Matt NorSMB 27:51  Då rivna forhenget i templet midt i tvo, ovantil og heilt ned, og jordi skalv og bergi brast,
Matt NorSMB 27:52  og graverne opna seg, og mange avlidne heilagmenne stod livs livande upp
Matt NorSMB 27:53  og dei gjekk fram or graverne, og etter Jesus hadde stade upp att, kom dei inn i den heilage staden og synte seg for mange.
Matt NorSMB 27:54  Då hovudsmannen og dei som var med honom og heldt vakt yver Jesus, såg jordskjelven og alt det som hende, vart dei fulle av otte og sagde: «Dette var sanneleg Guds Son!»
Matt NorSMB 27:55  Det var og mange kvinnor der, som stod eit stykke undan og såg på; dei hadde fylgt Jesus frå Galilæa og tent honom.
Matt NorSMB 27:56  Millom deim var Maria Magdalena, og Maria, mor åt Jakob og Josef, og mor åt Sebedæus-sønerne.
Matt NorSMB 27:57  Um kvelden kom det ein rik mann som heitte Josef, og var frå Arimatæa; han hadde og vorte ein læresvein åt Jesus.
Matt NorSMB 27:58  Han gjekk til Pilatus og bad um han måtte få likamen åt Jesus; og Pilatus sende bod at dei skulde lata honom få han.
Matt NorSMB 27:59  Då tok Josef likamen og sveipte honom inn i eit reint linty,
Matt NorSMB 27:60  og lagde honom i den nye gravi som han hadde hogge ut åt seg i berget. So velte han ein stor stein attfor gravopningi og gjekk burt.
Matt NorSMB 27:61  Maria Magdalena og den andre Maria var der og; dei sat midt fyre gravi.
Matt NorSMB 27:62  Den andre dagen - det var den som kjem etter fyrebuingsdagen - gjekk dei øvste prestarne og farisæarane saman til Pilatus
Matt NorSMB 27:63  og sagde: «Herre, me kjem i hug at denne folkedåraren sagde med han livde: «Tri dagar etter stend eg upp att.»
Matt NorSMB 27:64  Set no folk til å vakta vel på gravi til tridje dagen! Elles kunde læresveinarne hans koma og stela honom burt, og segja til folket: «Han hev stade upp frå dei daude,» og då vert den siste dåringi verre enn den fyrste.»
Matt NorSMB 27:65  Då sagde Pilatus: «Her hev de vakt! Gakk no og tak vare på gravi som de best kann!»
Matt NorSMB 27:66  So gjekk dei og sette vakti til å varveitsla gravi, etter dei hadde forsigla steinen.