MATTHEW
Chapter 4
Matt | NorSMB | 4:3 | Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!» | |
Matt | NorSMB | 4:4 | Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»» | |
Matt | NorSMB | 4:5 | Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom: | |
Matt | NorSMB | 4:6 | «Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»» | |
Matt | NorSMB | 4:8 | So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde: | |
Matt | NorSMB | 4:10 | Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»» | |
Matt | NorSMB | 4:12 | Då Jesus fekk høyra at Johannes var gjeven i henderne på uvenerne sine, drog han seg undan og for til Galilæa. | |
Matt | NorSMB | 4:13 | Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn, | |
Matt | NorSMB | 4:15 | «Sebulons og Naftalis land, som langs med sjøen ligg, og dei som burtum Jordan bur, og heidne bygdekrins - | |
Matt | NorSMB | 4:16 | det folket som i myrker sat, so stort eit ljos fekk sjå; dei sat i daudens skoddeland, då rann for deim eit ljos.» | |
Matt | NorSMB | 4:17 | Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!» | |
Matt | NorSMB | 4:18 | Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar. | |
Matt | NorSMB | 4:21 | Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim, | |
Matt | NorSMB | 4:23 | Sidan for han ikring i heile Galilæa og lærde folket i synagogorne deira, og forkynte evangeliet um riket, og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå deim. | |
Matt | NorSMB | 4:24 | Det gjekk gjetord um honom yver heile Syria, og dei kom til honom med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plåga, forgjorde og nedfall-sjuke og lamne, og han gjorde deim gode att. | |