Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 4
Matt NorSMB 4:1  Sidan førde Anden Jesus ut i øydemarki, so djevelen skulde freista honom.
Matt NorSMB 4:2  Han fasta i fyrti dagar og fyrti næter, og vart hungrig då so langt leid.
Matt NorSMB 4:3  Og freistaren kom og sagde til honom: «Er du Guds Son, so seg at desse steinarne skal verta til brød!»
Matt NorSMB 4:4  Men han svara: «Det stend skrive: «Menneskja liver ikkje berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.»»
Matt NorSMB 4:5  Då tok djevelen honom med seg til den heilage byen og sette honom ytst på tempeltaket, og sagde til honom:
Matt NorSMB 4:6  «Er du Guds Son, so kasta deg utfyre! For det stend skrive: «Han englarn’ sine bjoda skal at dei på henderne deg ber, so aldri du på nokon stein skal turva støyta foten din.»»
Matt NorSMB 4:7  Jesus svara: «Det stend og skrive: «Du skal ikkje freista Herren, din Gud.»»
Matt NorSMB 4:8  So tok djevelen honom med seg upp på eit ovhøgt fjell, og synte honom alle verdsens rike og deira herlegdom og sagde:
Matt NorSMB 4:9  «Alt dette gjev eg deg, dersom du fell på kne og tilbed meg.»
Matt NorSMB 4:10  Då sagde Jesus til honom: «Gakk frå meg, Satan! For det stend skrive: «Herren, din Gud, skal du tilbeda; honom og ingen annan skal du tena.»»
Matt NorSMB 4:11  So for djevelen ifrå honom, og med det same kom englarne og tente honom.
Matt NorSMB 4:12  Då Jesus fekk høyra at Johannes var gjeven i henderne på uvenerne sine, drog han seg undan og for til Galilæa.
Matt NorSMB 4:13  Sidan flutte han frå Nasaret og busette seg i Kapernaum, som ligg nedmed sjøen, på Sebulons og Naftalis grunn,
Matt NorSMB 4:14  so det skulde sannast det som er tala gjenom Jesaja, profeten, når han segjer:
Matt NorSMB 4:15  «Sebulons og Naftalis land, som langs med sjøen ligg, og dei som burtum Jordan bur, og heidne bygdekrins -
Matt NorSMB 4:16  det folket som i myrker sat, so stort eit ljos fekk sjå; dei sat i daudens skoddeland, då rann for deim eit ljos.»
Matt NorSMB 4:17  Frå den tidi tok Jesus til å tala til folket og sagde: «Vend um! Himmelriket er nær!»
Matt NorSMB 4:18  Som han no ein gong gjekk frammed Galilæasjøen, fekk han sjå tvo brør, Simon, han som kallast Peter, og Andreas, bror hans; dei heldt på og kasta ei not i sjøen; for dei var fiskarar.
Matt NorSMB 4:19  Han segjer til dei: «Kom og fylg meg! Eg vil gjera dykk til menneskje-fiskarar!»
Matt NorSMB 4:20  Då gjekk dei beint frå garni sine og fylgde honom.
Matt NorSMB 4:21  Då han kom lenger fram, såg han tvo andre brør, Jakob, son åt Sebedæus, og Johannes, bror hans: dei sat i båten hjå Sebedæus, far sin, og greidde garni sine. Han kalla deim,
Matt NorSMB 4:22  og med ein gong gjekk dei burt frå båten og frå far sin, og fylgde honom.
Matt NorSMB 4:23  Sidan for han ikring i heile Galilæa og lærde folket i synagogorne deira, og forkynte evangeliet um riket, og lækte all sjukdom og vanhelsa hjå deim.
Matt NorSMB 4:24  Det gjekk gjetord um honom yver heile Syria, og dei kom til honom med alle som hadde vondt og drogst med eikor sott eller plåga, forgjorde og nedfall-sjuke og lamne, og han gjorde deim gode att.
Matt NorSMB 4:25  Og det fylgde honom ein stor folkehop frå Galilæa og Dekapolis og Jerusalem og Judalandet og bygderne på hi sida Jordan.