Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next
Chapter 20
Matt NorSMB 20:1  For himmelriket kann liknast med ein husbond som gjekk ut tidleg um morgonen og vilde leiga arbeidsfolk til vingarden sin.
Matt NorSMB 20:2  Han vart samd med arbeidsfolki um ei mark for dagen, og sende deim burt i vingarden.
Matt NorSMB 20:3  So gjekk han ut ikring den tridje timen, og fekk sjå nokre andre som stod gjerandslause på torget.
Matt NorSMB 20:4  Han sagde til deim: «Gakk de og burt i vingarden, og det som rett er, skal de få.» So gjekk dei.
Matt NorSMB 20:5  Sidan gjekk han ut ikring den sette og niande timen og gjorde like eins.
Matt NorSMB 20:6  Då det leid til den ellevte timen, gjekk han ut att, og fann endå nokre som stod der. Han segjer til dei: «Kvi stend de her arbeidslause heile dagen?»
Matt NorSMB 20:7  «Av di ingen hev leigt oss,» svara dei. «Gakk de og burt i vingarden!» sagde han då.
Matt NorSMB 20:8  Um kvelden sagde vingardseigaren til hushaldaren sin: «Ropa inn arbeidsfolket, og lat deim få løni si! Tak til med dei siste, og haldt fram til dei fyrste!»
Matt NorSMB 20:9  So kom dei som var leigde kring den ellevte timen, og fekk ei mark kvar.
Matt NorSMB 20:10  Då dei fyrste kom, tenkte dei at dei skulde få meir; men dei fekk og kvar si mark;
Matt NorSMB 20:11  då dei fekk den, mukka dei mot husbonden og sagde:
Matt NorSMB 20:12  «Desse siste hev ’kje arbeidt meir enn ein time, og so gjev du deim likt med oss, som hev slite og sveitta heile dagen!»
Matt NorSMB 20:13  Då svara han ein av deim: «Eg gjer deg ikkje urett, venen min. Var me ’kje samde um ei mark?
Matt NorSMB 20:14  Tak du ditt og gakk! Men eg hev hug til å gjeva denne siste likso mykje som deg.
Matt NorSMB 20:15  Hev eg ’kje lov til å gjera med mitt som eg vil? Eller ser du ilt til det at eg gjer vel?»
Matt NorSMB 20:16  Soleis skal dei siste vera dei fyrste, og dei fyrste dei siste; for mange er kalla, men få utvalde.»
Matt NorSMB 20:17  Med Jesus var på vegen til Jerusalem, tok han dei tolv læresveinarne til sides og sagde til deim:
Matt NorSMB 20:18  «No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma honom frå livet
Matt NorSMB 20:19  og gjeva honom yver til heidningarne, so dei skal spotta og hudfletta og krossfesta honom; men tridje dagen skal han standa upp att.»
Matt NorSMB 20:20  Då kom mor åt Sebedæus-sønerne til honom med sønerne sine, og fall på kne og bad honom um noko.
Matt NorSMB 20:21  «Kva er det du vil?» spurde han. Ho svara: «Seg at desse tvo sønerne mine skal få sitja innmed deg i riket ditt, den eine på di høgre og den andre på di vinstre sida!»
Matt NorSMB 20:22  «De veit ikkje kva de bed um,» sagde Jesus. «Kann de drikka den skåli som eg lyt drikka?» «Ja, det kann me,» svara dei.
Matt NorSMB 20:23  Då sagde han: «Mi skål skal de nok drikka, men sæte ved mi høgre og vinstre sida kann ikkje eg gjeva nokon; det lyt dei få som far min hev etla det åt.»
Matt NorSMB 20:24  Då dei ti høyrde det, vart dei harme på dei tvo brørne.
Matt NorSMB 20:25  Då kalla Jesus deim kring seg og sagde: «De veit at fyrstarne råder yver folki sine, og dei store hev velde yver deim.
Matt NorSMB 20:26  Men so skal det ikkje vera hjå dykk; den som vil verta stor millom dykk, lyt tena dei andre,
Matt NorSMB 20:27  og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dei andre.
Matt NorSMB 20:28  Menneskjesonen er ’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva livet sitt til løysepening for mange.»
Matt NorSMB 20:29  Då dei tok ut frå Jeriko, fylgde det mykje folk med honom.
Matt NorSMB 20:30  Attmed vegen sat det tvo blinde, og då dei høyrde at Jesus for framum, ropa dei: «Gjer sælebot på oss, Herre, du Davids son!»
Matt NorSMB 20:31  Folket truga deim, og sagde dei skulde tegja; men dei ropa endå meir: «Herre, gjer sælebot på oss, du som er Davids son!»
Matt NorSMB 20:32  Då stana Jesus og ropa på deim og sagde: «Kva vil de eg skal gjera for dykk?»
Matt NorSMB 20:34  Jesus tykte synd i deim og tok burtpå augo deira; og med ein gong kunde dei sjå, og dei fylgde honom.