MATTHEW
Chapter 26
Matt | NorSMB | 26:2 | «De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.» | |
Matt | NorSMB | 26:3 | Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas - | |
Matt | NorSMB | 26:7 | kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords. | |
Matt | NorSMB | 26:10 | Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg. | |
Matt | NorSMB | 26:13 | Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.» | |
Matt | NorSMB | 26:15 | og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom. | |
Matt | NorSMB | 26:17 | Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?» | |
Matt | NorSMB | 26:18 | Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»» | |
Matt | NorSMB | 26:21 | Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.» | |
Matt | NorSMB | 26:22 | Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?» | |
Matt | NorSMB | 26:24 | «Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.» | |
Matt | NorSMB | 26:25 | Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han. | |
Matt | NorSMB | 26:26 | Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.» | |
Matt | NorSMB | 26:29 | Eg segjer dykk, at heretter skal eg ’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.» | |
Matt | NorSMB | 26:31 | Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.» | |
Matt | NorSMB | 26:33 | Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.» | |
Matt | NorSMB | 26:34 | «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.» | |
Matt | NorSMB | 26:35 | Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne. | |
Matt | NorSMB | 26:36 | So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!» | |
Matt | NorSMB | 26:38 | So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!» | |
Matt | NorSMB | 26:39 | Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!» | |
Matt | NorSMB | 26:40 | Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg! | |
Matt | NorSMB | 26:41 | Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.» | |
Matt | NorSMB | 26:42 | So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!» | |
Matt | NorSMB | 26:43 | Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn. | |
Matt | NorSMB | 26:45 | So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender. | |
Matt | NorSMB | 26:47 | Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne. | |
Matt | NorSMB | 26:48 | Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!» | |
Matt | NorSMB | 26:49 | Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom. | |
Matt | NorSMB | 26:50 | Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom. | |
Matt | NorSMB | 26:51 | Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten. | |
Matt | NorSMB | 26:52 | Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet. | |
Matt | NorSMB | 26:53 | Eller trur du ’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar? | |
Matt | NorSMB | 26:55 | I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje. | |
Matt | NorSMB | 26:56 | Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom. | |
Matt | NorSMB | 26:57 | Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla. | |
Matt | NorSMB | 26:58 | Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk. | |
Matt | NorSMB | 26:59 | Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet; | |
Matt | NorSMB | 26:60 | men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde: | |
Matt | NorSMB | 26:61 | «Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»» | |
Matt | NorSMB | 26:62 | Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?» | |
Matt | NorSMB | 26:63 | Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?» | |
Matt | NorSMB | 26:64 | Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.» | |
Matt | NorSMB | 26:65 | Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi. | |
Matt | NorSMB | 26:69 | Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.» | |
Matt | NorSMB | 26:71 | So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.» | |
Matt | NorSMB | 26:73 | Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.» | |
Matt | NorSMB | 26:74 | Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen. | |