Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MATTHEW
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 26
Matt NorSMB 26:1  Då Jesus hadde tala alle desse ordi, sagde han til læresveinarne:
Matt NorSMB 26:2  «De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.»
Matt NorSMB 26:3  Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas -
Matt NorSMB 26:4  og lagde yver at dei vilde gripa Jesus med list og slå honom i hel.
Matt NorSMB 26:5  «Men ikkje med helgi!» sagde dei; «elles kunde det verta upplaup millom folket.»
Matt NorSMB 26:7  kom det ei kvinna burt til honom med ei alabaster-krukka full av kosteleg salve; den helte ho ut på hovudet hans då han sat til bords.
Matt NorSMB 26:8  Då læresveinarne såg det, vart dei harme og sagde: «Kva skal slik øyding vera til?
Matt NorSMB 26:9  Dette kunde vore selt for mange pengar og gjeve til dei fatige.»
Matt NorSMB 26:10  Jesus gådde det og sagde til deim: «Kvi er de leide med henne? Ho hev då gjort ei god gjerning mot meg.
Matt NorSMB 26:11  Dei fatige hev de alltid hjå dykk, men meg hev de ikkje alltid.
Matt NorSMB 26:12  Då ho slo denne salven ut yver likamen min, då vilde ho bu meg til jordferdi mi.
Matt NorSMB 26:13  Det segjer eg dykk for visst: Kvar i verdi dette evangeliet vert kunngjort, der skal dei og tala um det ho hev gjort, so alle skal minnast henne.»
Matt NorSMB 26:14  Då gjekk ein av dei tolv, han som heitte Judas Iskariot, til dei øvste prestarne
Matt NorSMB 26:15  og sagde: «Kva vil de gjeva meg, so skal eg laga det so at de fær honom i dykkar magt?» Då talde dei upp tretti sylvdalar til honom.
Matt NorSMB 26:16  Og frå den stundi søkte han eit høve til å gjeva Jesus i henderne deira.
Matt NorSMB 26:17  Den fyrste dagen i søtebrødhelgi kom læresveinarne til Jesus og sagde: «Kvar vil du me skal laga til påskemålet åt deg?»
Matt NorSMB 26:18  Han svara: «Gakk inn i byen til den mannen de veit, og seg med honom: «Meisteren segjer: Det lid innpå tidi for meg; eg vil halda påske hjå deg med læresveinarne mine.»»
Matt NorSMB 26:19  Og læresveinarne gjorde som Jesus sagde, og laga til påskemålet.
Matt NorSMB 26:20  Då det vart kveld, sette han seg til bords med dei tolv.
Matt NorSMB 26:21  Og med dei sat og åt, sagde han: «Det segjer eg dykk for sant: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
Matt NorSMB 26:22  Då vart dei reint ille ved, og tok til å spyrja honom, kvar for seg: «Det er då vel ikkje eg, Herre?»
Matt NorSMB 26:23  «Den som duppa med meg i fatet, han er det som vil svika meg,» svara Jesus.
Matt NorSMB 26:24  «Menneskjesonen gjeng fulla burt, soleis som det er skrive um honom, men ve yver den mannen som svik Menneskjesonen! Det var betre for den mannen um han aldri var fødd.»
Matt NorSMB 26:25  Då tok Judas, svikaren, til ords og sagde: «Det er då vel ikkje eg, rabbi?» «No sagde du det sjølv,» svara han.
Matt NorSMB 26:26  Med dei sat til bords, tok Jesus brødet, og signa det og braut det, og gav læresveinarne og sagde: «Tak, og et! Dette er likamen min.»
Matt NorSMB 26:27  Og han tok kalken, og takka, og gav deim og sagde: «Drikk av det alle!
Matt NorSMB 26:28  Dette er blodet mitt, paktblodet, som renn for mange til forlating for synderne.
Matt NorSMB 26:29  Eg segjer dykk, at heretter skal eg ’kje drikka av denne druvesafti, fyrr den dagen eg drikk henne ny med dykk i riket åt far min.»
Matt NorSMB 26:30  Då dei so hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.
Matt NorSMB 26:31  Då segjer Jesus til deim: «I denne natti kjem de alle til å styggjast ved meg og forlata meg. For det stend skrive: «Hyrdingen slær eg i hel, og saueflokken skal spreidast.»
Matt NorSMB 26:32  Men når eg hev stade upp att, skal eg fara fyre dykk til Galilæa.»
Matt NorSMB 26:33  Då tok Peter til ords og sagde: «Um alle styggjest ved deg, so skal eg aldri styggjast.»
Matt NorSMB 26:34  «Det segjer eg deg for sant,» svara Jesus: «Fyrr hanen gjel i natt, kjem du til å avneitta meg tri gonger.»
Matt NorSMB 26:35  Men Peter sagde: «Um eg so lyt døy med deg, skal eg aldri avneitta deg.» Like eins sagde alle læresveinarne.
Matt NorSMB 26:36  So kom Jesus med læresveinarne til ein stad som heiter Getsemane. Då sagde han til deim: «Sit her med eg gjeng der burt og bed!»
Matt NorSMB 26:37  Og han tok med seg Peter og båe Sebedæus-sønerne, og tok til å syrgja og kvidast.
Matt NorSMB 26:38  So segjer han til deim: «Hjarta mitt er so fullt av sorg - det er som det vilde bresta. Ver her og vak med meg!»
Matt NorSMB 26:39  Og han gjekk eit lite stykke fram, og lagde seg ned på kne og bad: «Far, er det råd, so lat denne skåli takast ifrå meg! Men ikkje som eg vil, berre som du vil!»
Matt NorSMB 26:40  Då han kom attende til læresveinarne, såg han at dei sov. Då sagde han til Peter: «So var de ’kje god til å vaka ein time med meg!
Matt NorSMB 26:41  Vak og bed, so de ikkje skal koma i freisting! Åndi er viljug, men kjøtet er veikt.»
Matt NorSMB 26:42  So gjekk han burt att andre gongen og bad: «Far, kann ikkje dette takast ifrå meg, og lyt eg tøma skåli, so lat det vera som du vil!»
Matt NorSMB 26:43  Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att; for augo deira var tunge av svevn.
Matt NorSMB 26:44  Då let han dei vera og gjekk burt att og bad tridje gongen same bøni.
Matt NorSMB 26:45  So kom han att og sagde til læresveinarne: «De søv og kviler, de! Sjå no er stundi komi, og Menneskjesonen skal gjevast yver i syndarhender.
Matt NorSMB 26:46  Statt upp, og lat oss ganga! Svikaren er ikkje langt undan.»
Matt NorSMB 26:47  Fyrr han hadde tala ut, kom Judas, ein av dei tolv, og med honom ein stor flokk med sverd og stavar; dei kom frå dei øvste prestarne og styresmennerne.
Matt NorSMB 26:48  Svikaren hadde avtala eit teikn med deim og sagt: «Han som eg kysser, han er det; honom skal de taka!»
Matt NorSMB 26:49  Og med det same gjekk han fram til Jesus og sagde: «Heil og sæl, rabbi!» og kysste honom.
Matt NorSMB 26:50  Jesus sagde til honom: «Kvi er du her, venen min?» So gjekk dei innåt og lagde hand på Jesus og greip honom.
Matt NorSMB 26:51  Men ein av deim som var med honom, tok og drog sverdet sitt, og hogg av øyra på tenaren åt øvstepresten.
Matt NorSMB 26:52  Då sagde Jesus til honom: «Stikk sverdet ditt i slira! for alle som grip til sverdet, skal falla for sverdet.
Matt NorSMB 26:53  Eller trur du ’kje eg kunde beda far min, og han i denne stundi vilde senda meg meir enn tolv herar med englar?
Matt NorSMB 26:54  Men korleis skulde då skrifterne sannast, dei som segjer at dette lyt henda?»
Matt NorSMB 26:55  I same stundi sagde Jesus til flokken: «De kjem med sverd og stavar og grip meg, som eg skulde vera ein røvar. Dag etter dag sat eg i templet og lærde folket; då tok de meg ikkje.
Matt NorSMB 26:56  Men alt dette hev hendt av di det laut sannast det som profetarne hev skrive.» Då tok alle læresveinarne ut, og rømde ifrå honom.
Matt NorSMB 26:57  Dei som hadde gripe Jesus, førde honom til Kajafas, øvstepresten; der var dei skriftlærde og styresmennerne samla.
Matt NorSMB 26:58  Peter fylgde eit langt stykke etter, og då han kom til garden åt øvstepresten, gjekk han inn og sette seg hjå tenarane - han vilde sjå korleis det gjekk.
Matt NorSMB 26:59  Dei øvste prestarne og heile det Store Rådet leita etter range vitnemål mot Jesus, so dei kunde få dømt honom frå livet;
Matt NorSMB 26:60  men endå mange falske vitne stod fram, fekk dei ikkje noko på honom. Endeleg kom det tvo som sagde:
Matt NorSMB 26:61  «Denne mannen hev sagt: «Eg kann riva ned Guds tempel og byggja det upp att på tri dagar.»»
Matt NorSMB 26:62  Og øvstepresten reiste seg og sagde til honom: «Svarar du inkje? Kva er det desse vitnar imot deg?»
Matt NorSMB 26:63  Men Jesus tagde. Då tok øvstepresten til ords og sagde: «Ved den livande Gud - seg oss: Er du Messias, Guds Son?»
Matt NorSMB 26:64  Og Jesus svara: «Du hev sjølv sagt det. Men det segjer eg dykk: Frå denne stundi skal de sjå Menneskjesonen sitja ved høgre handi åt Allmagti og koma i himmelskyerne.»
Matt NorSMB 26:65  Då reiv øvstepresten sund klædi sine og sagde: «Han hev spotta Gud! Kva skal me med fleire vitne? No høyrde de gudsspottingi.
Matt NorSMB 26:66  Kva meiner no de?» «Han er skuldig til å døy,» svara dei.
Matt NorSMB 26:67  So sputta dei honom i andlitet og slo honom, sume med nevarne og sume med stavar,
Matt NorSMB 26:68  og sagde: «Seg oss, Messias: Kven var det som slo deg?»
Matt NorSMB 26:69  Medan sat Peter utanfor, i gardsromet. Då kom det ei tenestgjenta burt til honom og sagde: «Du var og med Jesus, galilæaren.»
Matt NorSMB 26:70  Men han neitta so alle høyrde det, og sagde: «Eg veit ikkje kva du talar um.»
Matt NorSMB 26:71  So gjekk han ut i portromet. Der fekk ei onnor gjenta sjå honom, og sagde til deim som var der: «Han var og med Jesus, nasaræaren.»
Matt NorSMB 26:72  Då neitta han atter, og sagde med ein eid: «Eg kjenner ikkje den mannen.»
Matt NorSMB 26:73  Eit lite bil etter kom dei som stod der innåt, og sagde til Peter: «Ja menn er du og ein av deim! Det kann ein høyra på målet ditt.»
Matt NorSMB 26:74  Då sette han i og banna og svor: «Eg kjenner ikkje den mannen!» Og med det same gol hanen.
Matt NorSMB 26:75  Då kom Peter i hug dei ordi Jesus hadde sagt til honom: «Fyrr hanen gjel, skal du hava avneitta meg tri gonger.» Og han gjekk ut og gret sårt.