Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next
Chapter 28
I Sa NorSMB 28:1  I dei dagarne fylkte filistarane krigsherane sine til strid mot Israel. Og Akis sagde med David: «Det skal du vita for visst, at du og kararne dine lyt fara i herferd med meg!»
I Sa NorSMB 28:2  David svara Akis: «Ja vel, då skal du ogso røyna kva tenaren din duger til!» Akis sagde med David: «Ja vel, so set eg deg til livvakt hjå meg alle dagar.»
I Sa NorSMB 28:3  Samuel var dåen. Heile Israel hadde gråte yver honom. Og dei hadde gravlagt honom heime i Rama. Og Saul hadde rudt ut or landet deim som mana fram draugar og spåvette.
I Sa NorSMB 28:4  Filistarane fylgte seg og lagde seg i læger attmed Sunem. Då fylkte ogso Saul heile Israel, og dei lægra seg ved Gilboa.
I Sa NorSMB 28:5  Då Saul såg filistarlægret, vart han so rædd at hjarta hans skalv.
I Sa NorSMB 28:6  Og Saul spurde Herren. Men Herren svara honom ikkje, antan gjenom draumar eller gjenom urim eller gjenom profetar.
I Sa NorSMB 28:7  Då sagde Saul med tenarane sine: «Leita upp for meg ei som manar fram draugar, so gjeng eg åt henne og gjer spursmål til henne.» Tenarane svara: «I En-Dor er ei kona som manar fram draugar.»
I Sa NorSMB 28:8  Saul gjorde seg ukjenneleg, tok på seg andre klæde, og gjekk avstad med tvo fylgjesveinar. Dei kom til kona nattars tid. Og han sagde: «Få ein draug til å spå meg! Mana fram åt meg den eg nemner for deg!»
I Sa NorSMB 28:9  Kona svara: «Du veit då sjølv kva Saul hev gjort, at han hev rudt ut or landet deim som manar fram draugar og spåvette. Kvifor vil du då leggja ut snaror for meg, so eg må lata livet?»
I Sa NorSMB 28:10  Saul svor ein eid til henne ved Herren og sagde: «So sant Herren liver: ingi skuld skal råka deg for denne saki!»
I Sa NorSMB 28:11  Kona spurde: «Kven vil du eg skal mana for deg?» Han svara: «Mana fram åt meg Samuel!»
I Sa NorSMB 28:12  Då kona fekk sjå Samuel, sette ho i eit høgt skrik. Og ho sagde med Saul: «Kvifor hev du svike meg? Du er Saul!»
I Sa NorSMB 28:13  Kongen svara: «Ver hugheil! Kva er det du ser?» Kona sagde: «Eg ser ein gud koma upp or jordi.»
I Sa NorSMB 28:14  «Korleis ser han ut?» spurde han. Ho svara: «Det er ein gamall mann som kjem upp, sveipt i ei kåpa.» Då skyna Saul det var Samuel, og lutte andlitet mot jordi og bøygde seg for honom.
I Sa NorSMB 28:15  Og Samuel spurde Saul: «Kvi uroar du meg og manar meg fram?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistarane fører krig mot meg, og Gud hev vike frå meg og svarar meg ikkje, anten gjenom profetar eller gjenom draumar. Difor kalla eg på deg, so eg fær vita kva eg skal gjera.»
I Sa NorSMB 28:16  Samuel svara: «Kvi spør du meg, når Herren hev vike frå deg og hev vorte uvenen din?
I Sa NorSMB 28:17  Herren hev no gjort med deg som han sagde gjenom min munn: Herren hev rive riket ut or di hand og gjeve det åt ein annan, åt David.
I Sa NorSMB 28:18  Av di du ikkje lydde Herren og ikkje let den brennande harmen hans råka Amalek, difor hev Herren gjort dette mot deg no.
I Sa NorSMB 28:19  Herren vil gjeva både deg og Israel i filistarmagt. I morgon skal du og sønerne dine vera hjå meg. Og jamvel Israels-lægret vil Herren gjeva i filistarmagt.»
I Sa NorSMB 28:20  Då datt Saul brått til jordi so lang han var; so forfærd vart han for ordi frå Samuel. Magtløysa tok honom; for han hadde ikkje smaka matbiten eit heilt døger.
I Sa NorSMB 28:21  Kona gjekk fram åt Saul. Og då ho såg kor reint forstøkt han var, sagde ho med honom: «Sjå terna di lydde deg, og eg våga livet og rette meg etter dei ordi du tala åt meg.
I Sa NorSMB 28:22  So lyd no du terna di, so vil eg setja fram litevetta mat åt deg, og du må eta, so du kann magtast att fyrr du fer din veg.»
I Sa NorSMB 28:23  Han vilde ikkje: «Eg vil ikkje eta», sagde han. Men då både tenarane og kona naubad honom, so let han seg segja, reis upp, og sette seg på sengi.
I Sa NorSMB 28:24  Kona hadde ein gjødkalv heime. Ho skunda seg, fekk slagta honom. So tok ho mjøl, knoda og baka søtebrød.
I Sa NorSMB 28:25  So bar ho det fram for Saul og tenarane. Og då dei hadde ete, reis dei upp, og gjekk av stad same natti.