JOHN
Chapter 21
John | NorSMB | 21:1 | Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinarne ved Tiberiassjøen. Med det gjekk det soleis til: | |
John | NorSMB | 21:2 | Simon Peter og Tomas - han som me kallar Didymus - og Natanael - han frå Kana i Galilæa - og Sebedæus-sønerne og tvo andre av læresveinarne var der i hop. | |
John | NorSMB | 21:3 | Då segjer Simon Peter til deim: «Eg gjeng ’stad å fiska.» «Me vil og med,» segjer dei. So tok dei ut og steig i båten; men den natti fekk dei ’kje noko. | |
John | NorSMB | 21:4 | I det bilet det tok til å dagast, stod Jesus med ein gong på strandi; men læresveinarne visste ikkje at det var han. | |
John | NorSMB | 21:6 | «Kasta garnet på høgre sida av båten, so fær de fisk,» sagde han. Dei so gjorde, og då var dei ikkje god til å draga garnet, so mykje fisk var der i det. | |
John | NorSMB | 21:7 | Då segjer den læresveinen som Jesus elska, til Peter: «Det er Herren!» Med det same Simon Peter fekk høyra at det var Herren, tok han kjolen sin på seg - for han hadde lagt honom av - og kasta seg i sjøen. | |
John | NorSMB | 21:8 | Og dei andre læresveinarne kom med båten, og slæpte garnet med fiskarne etter seg; for dei var ikkje langt ifrå land, berre tvo hundrad alner på lag. | |
John | NorSMB | 21:11 | Då steig Simon Peter ut i båten og drog garnet på land; det var fullt av store fiskar, hundrad og tri og femti; men endå det var so mange, gjekk ikkje garnet sund. | |
John | NorSMB | 21:12 | «Kom hit og få dykk ein morgonbite!» segjer Jesus. Ingen av læresveinarne våga å spyrja honom: «Kven er du?» dei visste at det var Herren. | |
John | NorSMB | 21:14 | Dette var no tridje gongen Jesus openberra seg for læresveinarne etter at han hadde stade upp frå dei daude. | |
John | NorSMB | 21:15 | Som dei no hadde ete morgonverden, segjer Jesus til Simon Peter: «Simon Johannesson, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre,» svarar han; «du veit at eg held av deg.» «Fød lambi mine!» segjer Jesus. | |
John | NorSMB | 21:16 | So segjer han til honom att, andre gongen: «Simon Johannesson, elskar du meg?» Han svarar: «Ja, Herre, du veit eg held av deg.» «Gjæt sauerne mine» segjer Jesus. | |
John | NorSMB | 21:17 | So segjer han til honom tridje gongen: «Simon Johannesson, held du av meg?» Peter tykte det leidt at han spurde honom tridje gongen: «Held du av meg?» Han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg held av deg.» Jesus segjer til han: «Fød sauerne mine!» | |
John | NorSMB | 21:18 | «Det segjer eg deg for visst og sant: Då du var yngre, batt du sjølv livgjordi um deg og gjekk dit du vilde; men når du vert gamall, skal du retta ut henderne dine, og ein annan skal binda livgjordi um deg og føra deg dit du ikkje vil.» | |
John | NorSMB | 21:19 | Det sagde han for å vitra um kvaslags daude han skulde koma til å æra Gud med. Då han hadde sagt det, segjer han til honom: «Fylg meg!» | |
John | NorSMB | 21:20 | Då Peter snudde seg, ser han at den læresveinen som Jesus elska, fylgde med, han som hadde sete tett innmed honom då dei heldt nattverd, og spurt: «Herre, kven er den som svik deg?» | |
John | NorSMB | 21:21 | Då Peter såg honom, segjer han til Jesus: «Herre, korleis skal det so ganga honom?» | |
John | NorSMB | 21:22 | Jesus svarar: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det? Fylg du meg!» | |
John | NorSMB | 21:23 | Soleis kom det ordet ut bland brørne: «Den læresveinen døyr ikkje.» Men Jesus sagde ikkje til honom at han ikkje skulde døy; det han sagde var: «Um eg vil at han skal liva til eg kjem, kva hev so du med det?» | |
John | NorSMB | 21:24 | Det er den læresveinen som vitnar um desse ting og hev skrive dette, og me veit at vitnemålet hans er sant. | |