JOHN
Chapter 4
John | NorSMB | 4:1 | Då no Jesus fekk vita at farisæarane hadde høyrt han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes | |
John | NorSMB | 4:5 | og kom då til ein by i Samaria som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin. | |
John | NorSMB | 4:6 | Der var Jakobs-kjelda. Jesus var trøytt etter ferdi, og sette seg beint ned der innmed kjelda; det var ikring den sette timen. | |
John | NorSMB | 4:7 | Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: «Lat meg få drikka!» | |
John | NorSMB | 4:9 | «Korleis hev det seg,» segjer den samaritanske kvinna, «at du, som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka?» - for jødarne hev ikkje nokoslag samlag med samaritanarne. | |
John | NorSMB | 4:10 | Jesus svara: «Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du honom, og han gav deg livande vatn.» | |
John | NorSMB | 4:11 | «Herre,» segjer kvinna, «du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det livande vatnet frå? | |
John | NorSMB | 4:12 | Er då du større enn Jakob, ættfaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av honom, og sønerne og feet hans med.» | |
John | NorSMB | 4:14 | men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva honom, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev honom, vert i honom til ei kjelda med vatn som vell upp til ævelegt liv.» | |
John | NorSMB | 4:15 | «Herre,» sagde kvinna, «gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir, og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn!» | |
John | NorSMB | 4:17 | «Eg hev ingen mann,» svara kvinna. «Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann,» sagde Jesus; | |
John | NorSMB | 4:18 | «for du hev havt fem menner, og den du hev no, er ikkje din mann. No sagde du sant.» | |
John | NorSMB | 4:20 | «Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda honom.» | |
John | NorSMB | 4:21 | Jesus segjer til henne: «Tru meg, kvinna; det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller. | |
John | NorSMB | 4:22 | De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødarne. | |
John | NorSMB | 4:23 | Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava. | |
John | NorSMB | 4:25 | Kvinna segjer til honom: «Eg veit at Messias kjem» - Messias er det same som Kristus -; «når han kjem, skal han læra oss alt.» | |
John | NorSMB | 4:27 | I det same kom læresveinarne hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sagde: «Kva vil du henne?» eller: «Kvi talar du med henne?» | |
John | NorSMB | 4:29 | «Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias?» | |
John | NorSMB | 4:34 | Jesus segjer til deim: «Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk. | |
John | NorSMB | 4:35 | Segjer ikkje de: «Det er endå fire månader fyrr hausten kjem?» Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten. | |
John | NorSMB | 4:36 | Den som haustar fær løn, og samlar grøda til ævelegt liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar. | |
John | NorSMB | 4:38 | Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira.» | |
John | NorSMB | 4:39 | Det var mange av samaritanarne frå den byen som trudde på honom for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: «Han hev sagt meg alt eg hev gjort!» | |
John | NorSMB | 4:40 | Då no samaritanarne kom til honom, bad dei at han vilde vera hjå deim, og han vart verande der tvo dagar. | |
John | NorSMB | 4:42 | og dei sagde til kvinna: «No trur me ’kje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt honom og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.» | |
John | NorSMB | 4:45 | Då han no kom til Galilæa, tok galilæarane vel imot honom; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei var sjølve komne til høgtidi. | |
John | NorSMB | 4:46 | So kom han då atter til Kana i Galilæa, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son. | |
John | NorSMB | 4:47 | Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judæa og var komen til Galilæa, gjekk han til honom og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste. | |
John | NorSMB | 4:50 | Jesus segjer til honom: «Gakk heim att! Son din liver.» Mannen trudde det Jesus sagde til honom og gjekk. | |
John | NorSMB | 4:51 | Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot honom og sagde at guten hans livde. | |
John | NorSMB | 4:52 | So spurde han deim kva tid det hadde vorte betre med honom. «I går den sjuande timen slepte sotti honom,» sagde dei. | |
John | NorSMB | 4:53 | Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til honom: «Son din liver,» og han trudde, både han og heile hans hus. | |