JOHN
Chapter 15
John | NorSMB | 15:2 | Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt. | |
John | NorSMB | 15:4 | Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller, utan de er i meg. | |
John | NorSMB | 15:5 | Eg er vintreet, de er greinerne. Den som er i meg og eg i honom, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera. | |
John | NorSMB | 15:6 | Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein, og visnar; folk sankar deim i hop og kastar deim på elden, og dei brenn. | |
John | NorSMB | 15:7 | Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det! | |
John | NorSMB | 15:8 | På den måten vert far min herleggjord, at de ber mykje frukt, og de vert mine læresveinar. | |
John | NorSMB | 15:10 | Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt far min, og er i hans kjærleik. | |
John | NorSMB | 15:11 | Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann vera i dykk, og dykkar gleda kann verta fullkomi. | |
John | NorSMB | 15:15 | Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer, men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av far min, hev eg sagt med dykk. | |
John | NorSMB | 15:16 | De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn. | |
John | NorSMB | 15:19 | Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk. | |
John | NorSMB | 15:20 | Kom i hug det ordet eg sagde dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og. | |
John | NorSMB | 15:21 | Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg. | |
John | NorSMB | 15:22 | Var eg ikkje komen og hadde tala til deim, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med. | |
John | NorSMB | 15:24 | Hadde eg ’kje gjort slike verk bland deim som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set deim, og like vel hatar dei både meg og far min. | |
John | NorSMB | 15:25 | Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: «Utan orsak hata dei meg.» | |
John | NorSMB | 15:26 | Når målsmannen kjem, han som eg vilde senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg. | |