Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 18
John NorSMB 18:1  Då Jesus hadde tala desse ordi, gjekk han ut med læresveinarne sine og yver til hi sida av Kedronsbekken. Der var det ein hage; den gjekk han og læresveinarne inn i.
John NorSMB 18:2  Men Judas, svikaren, kjende og den staden; for der kom Jesus ofte saman med læresveinarne sine.
John NorSMB 18:3  Judas hadde fenge med seg vaktmannskapet og nokre av sveinarne åt øvsteprestarne og farisæarane, og no kom han dit med kyndlar og lampor og våpn.
John NorSMB 18:4  Som no Jesus visste alt som skulde koma yver honom, gjekk han fram og sagde til deim: «Kven leitar de etter?»
John NorSMB 18:5  «Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» segjer han. Judas, svikaren, stod der og saman med deim.
John NorSMB 18:6  Då han no sagde til deim: «Det er eg», for dei attende og fall til jordi.
John NorSMB 18:7  So spurde han deim endå ein gong: «Kven leitar de etter?» - «Jesus frå Nasaret,» sagde dei.
John NorSMB 18:8  «Eg hev alt sagt dykk at det er eg,» svara Jesus; «er det då meg de leitar etter, so lat desse få ganga!»
John NorSMB 18:9  Soleis skulde det sannast det ordet som han hadde sagt: «Eg hev ikkje mist nokon av deim du gav meg.»
John NorSMB 18:10  Simon Peter hadde eit sverd; han drog det og hogg til tenaren åt øvstepresten, og sneidde av honom det høgre øyra. Tenaren heitte Malkus.
John NorSMB 18:11  Då sagde Jesus til Peter: «Stikk sverdet ditt i slira! Lyt eg ’kje drikka den skåli som Far min hev gjeve meg?»
John NorSMB 18:12  So tok dei og batt Jesus - det var vaktmannskapet og hovdingen deira og sveinarne åt jødarne.
John NorSMB 18:13  Dei førde honom fyrst til Annas; for han var verfar åt Kajafas, som var øvsteprest det året.
John NorSMB 18:14  Det var Kajafas som hadde gjeve jødarne den rådi, at det var best ein mann døydde for folket.
John NorSMB 18:15  Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Den læresveinen var kjend med øvstepresten, og kom med Jesus inn i garden åt øvstepresten;
John NorSMB 18:16  men Peter vart standande utanfor, ved døri. Den andre læresveinen, han som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med gjenta som vakta porten, og fekk Peter inn.
John NorSMB 18:17  So segjer portnargjenta til Peter: «Du skulde vel ikkje og vera ein av læresveinarne åt denne mannen?» «Nei,» svara han.
John NorSMB 18:18  Huskararne og sveinarne hadde gjort upp ein koleld og stod og vermde seg; for det var kaldt. Og Peter stod og hjå deim og vermde seg.
John NorSMB 18:19  Øvstepresten spurde no Jesus um læresveinarne hans og um læra hans.
John NorSMB 18:20  Jesus svara: «Eg hev tala fritt og ope for all verdi; eg lærde allstødt i synagoga og i templet, der alle jødarne kjem saman, og eg hev aldri tala i løynd.
John NorSMB 18:21  Kvi spør du meg? Spør deim som hev høyrt meg, kva det er eg hev tala til deim! Dei veit kva eg hev sagt.»
John NorSMB 18:22  Då han sagde det, gav ein av sveinarne som stod innmed, Jesus eit slag i andlitet og sagde: «Svarar du øvstepresten so?»
John NorSMB 18:23  «Hev eg sagt noko urett,» svara Jesus, «so prova at det er urett; men var det rett det eg sagde, kvi slær du meg då?»
John NorSMB 18:24  So sende Annas han bunden av stad til Kajafas, øvstepresten.
John NorSMB 18:25  Medan stod Simon Peter og vermde seg. Då sagde dei til honom: «Du skulde vel ikkje vera ein av læresveinarne hans, du og?» Han neitta det og sagde: «Nei, det er eg ikkje.»
John NorSMB 18:26  So segjer ein av huskararne åt øvstepresten - han var skyld den som Peter hadde hogge øyra av -: «Såg eg deg ikkje sjølv i lag med honom i hagen?»
John NorSMB 18:27  Då neitta Peter att. Og med det same gol hanen.
John NorSMB 18:28  Frå Kajafas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.
John NorSMB 18:29  So gjekk Pilatus ut til deim og sagde: «Kva er det for klagemål de fører mot denne mannen?»
John NorSMB 18:30  «Var han ikkje ein illgjerdsmann, so hadde me ikkje gjeve honom yver til deg,» svara dei.
John NorSMB 18:31  Då sagde Pilatus til deim: «Tak de honom og døm honom etter lovi dykkar!» «Me hev ikkje lov til å taka livet av nokon,» svara jødarne.
John NorSMB 18:32  Soleis skulde det sannast det ordet Jesus hadde sagt då han vitra um kva slag avferd han skulde få.
John NorSMB 18:33  So gjekk Pilatus inn i borgi att; han kalla Jesus fyre seg og sagde til honom: «Er du kongen yver jødarne?»
John NorSMB 18:34  Jesus svara: «Segjer du det av deg sjølv, eller hev andre tala soleis til deg um meg?»
John NorSMB 18:35  «Er då eg ein jøde?» svara Pilatus; «folket ditt og øvsteprestarne hev gjeve deg yver til meg. Kva hev du gjort?»
John NorSMB 18:36  Jesus svara: «Mitt rike er ikkje av denne verdi; var riket mitt av denne verdi, so vilde sveinarne mine strida for meg, so eg ikkje skulde koma i henderne på jødarne. Men no er ’kje riket mitt av denne verdi.»
John NorSMB 18:37  «Men so er du då ein konge?» sagde Pilatus. Jesus svara: «Det er som du segjer; eg er ein konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verdi, at eg skal vitna for sanningi. Kvar den som er av sanningi, lyder på mi røyst.»
John NorSMB 18:38  «Kva er sanning?» svara Pilatus, og med so sagt gjekk han ut att til jødarne og sagde til deim: «Eg finn ingi skuld hjå honom;
John NorSMB 18:39  men de er vane med at eg gjev dykk ein fri på påskehøgtidi - vil de då at eg skal gjeva dykk kongen yver jødarne fri?»
John NorSMB 18:40  Men dei ropa alle på nytt: «Ikkje han, men Barabbas!» Barabbas, det var ein røvar.