Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next
Chapter 8
John NorSMB 8:2  Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim.
John NorSMB 8:3  Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom
John NorSMB 8:4  og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor.
John NorSMB 8:5  Moses hev sagt oss fyre i lovi at slike kvinnor skal steinast; kva segjer no du?»
John NorSMB 8:6  Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki.
John NorSMB 8:7  Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!»
John NorSMB 8:9  Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der.
John NorSMB 8:10  Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?»
John NorSMB 8:11  «Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!»
John NorSMB 8:12  So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.»
John NorSMB 8:13  Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.»
John NorSMB 8:14  Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av.
John NorSMB 8:16  men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman.
John NorSMB 8:17  Og i dykkar eigi lov stend skrive at tvo manns vitnemål sæter.
John NorSMB 8:18  Her er det eg som vitnar um meg sjølv, og Faderen, som sende meg, vitnar um meg.»
John NorSMB 8:19  «Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.»
John NorSMB 8:20  Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi.
John NorSMB 8:21  Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.»
John NorSMB 8:22  «Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»»
John NorSMB 8:23  Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi;
John NorSMB 8:24  difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.»
John NorSMB 8:25  «Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus.
John NorSMB 8:26  «Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.»
John NorSMB 8:27  Dei skyna ikkje at det var Faderen han tala til deim um.
John NorSMB 8:28  Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det.
John NorSMB 8:29  Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.»
John NorSMB 8:31  So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine,
John NorSMB 8:32  og de skal læra å kjenna sanningi, og sanningi skal gjera dykk frie.»
John NorSMB 8:33  «Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»»
John NorSMB 8:34  Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi.
John NorSMB 8:35  Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid.
John NorSMB 8:36  Fær no Sonen frigjort dykk, so vert de retteleg frie.
John NorSMB 8:37  Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk.
John NorSMB 8:38  Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.»
John NorSMB 8:39  «Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde;
John NorSMB 8:40  men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham.
John NorSMB 8:41  De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!»
John NorSMB 8:42  Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg.
John NorSMB 8:43  «Kvi skynar de ikkje min tale? Av di de ikkje toler å høyra ordi mine!
John NorSMB 8:44  De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni.
John NorSMB 8:46  Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje?
John NorSMB 8:47  Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.»
John NorSMB 8:48  Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?»
John NorSMB 8:49  Jesus svara: «Eg er ikkje forgjord; eg ærar Far min, og de vanærar meg.
John NorSMB 8:50  Men eg søkjer ikkje mi eigi æra, det er ein som søkjer henne, og dømer.
John NorSMB 8:51  Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.»
John NorSMB 8:52  «No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.»
John NorSMB 8:53  Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?»
John NorSMB 8:54  Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud,
John NorSMB 8:55  men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord.
John NorSMB 8:56  Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.»
John NorSMB 8:57  «Du er endå ikkje femti år,» sagde jødarne, «og so hev du set Abraham!»
John NorSMB 8:58  Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.»
John NorSMB 8:59  Då tok dei upp steinar og vilde kasta på honom; men Jesus løynde seg og gjekk ut or templet.