JOHN
Chapter 12
John | NorSMB | 12:1 | Seks dagar fyre påske kom Jesus til Betania, der Lasarus budde, han som Jesus hadde vekt upp frå dei daude. | |
John | NorSMB | 12:2 | Der gjorde dei eit gjestebod for honom; Marta stelte for deim, og Lasarus var ein av deim som sat til bords med honom. | |
John | NorSMB | 12:3 | Då tok Maria eit pund egte, dyr nardesalve og salva føterne åt Jesus, og turka føterne hans med håret sitt; og huset vart fullt av salveangen. | |
John | NorSMB | 12:5 | «Kvi vart ikkje denne salven seld for eit halvt hundrad dalar, og gjeven til fatigfolk?» | |
John | NorSMB | 12:6 | Det sagde han ikkje av umsut for dei fatige, men av di han var ein tjuv; det var han som hadde kassa, og han tok jamleg av det som vart lagt ned der. | |
John | NorSMB | 12:7 | Då sagde Jesus: «Lat henne vera i fred! Det er som ho skulde ha gøymt det til jordferdsdagen min. | |
John | NorSMB | 12:9 | No fekk ei stor mengd av jødarne vita at han var der, og dei kom, ikkje berre for Jesu skuld, men og for å sjå Lasarus, som han hadde vekt upp frå dei daude. | |
John | NorSMB | 12:12 | Dagen etter spurdest det bland den store folkehopen som var komen til høgtidi, at Jesus var på veg til Jerusalem. | |
John | NorSMB | 12:13 | Då tok dei palmekvister og gjekk til møtes med honom og ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn, Israels konge!» | |
John | NorSMB | 12:15 | «Ottast ikkje, Sions dotter! Sjå, her kjem din konung ridand’ sit uppå ein asenfole.» | |
John | NorSMB | 12:16 | I fyrstninga skyna ikkje læresveinarne dette; men då Jesus var herleggjord, då kom dei i hug at dette var skrive um honom, og at dei hadde gjort det so for honom. | |
John | NorSMB | 12:17 | Folkehopen som var med honom, vitna at han hadde ropa Lasarus ut or gravi og vekt honom upp frå dei daude. | |
John | NorSMB | 12:18 | Difor var det og folket kom imot honom; for dei hadde høyrt at han hadde gjort det teiknet. | |
John | NorSMB | 12:19 | Då sagde farisæarane seg imillom: «Der ser de: det nyttar dykk inkje; heile verdi flyg etter honom!» | |
John | NorSMB | 12:21 | dei kom til Filip, han frå Betsaida i Galilæa, og bad honom: «Gode herre, me vilde so gjerne få sjå Jesus!» | |
John | NorSMB | 12:22 | Filip gjeng og segjer det med Andreas, og Andreas og Filip kjem og segjer det med Jesus. | |
John | NorSMB | 12:24 | Det segjer eg dykk for visst og sant: Fell ikkje kveitekornet i jordi og døyr, so er det og vert det berre eitt korn; men døyr det, gjev det stor grøda! | |
John | NorSMB | 12:25 | Den som elskar livet sitt, misser det, og den som hatar livet sitt i denne verdi, skal berga det til eit ævelegt liv. | |
John | NorSMB | 12:26 | Um nokon tener meg, so lyt han fylgja meg, og der som eg er, der skal tenaren min og vera; den som tener meg, honom skal Faderen æra. | |
John | NorSMB | 12:27 | No er sjæli mi full av uro, og kva skal eg segja? «Fader, frels meg frå denne stundi!» Men nei, difor er det eg hev nått til denne stundi - | |
John | NorSMB | 12:28 | Fader, herleggjer namnet ditt!» Då kom det ei røyst frå himmelen: «Både hev eg herleggjort det og skal eg på nytt herleggjera det.» | |
John | NorSMB | 12:29 | Folket som stod der og høyrde det, sagde at tora hadde slege. Andre sagde: «Det var ein engel som tala til honom. | |
John | NorSMB | 12:30 | Då tok Jesus til ords og sagde: «Det var ’kje for mi skuld denne røysti kom, men for dykkar skuld. | |
John | NorSMB | 12:34 | Folket svara: «Me hev høyrt av lovi at Messias liver æveleg; korleis hev det seg då at du segjer Menneskjesonen skal lyftast upp? Kven er denne Menneskjesonen?» | |
John | NorSMB | 12:35 | Då sagde Jesus til deim: Endå ei liti stund er ljoset ibland dykk. Gakk so lenge de hev ljoset, so ikkje myrkret skal koma yver dykk! Den som gjeng i myrkret, veit ikkje kvar han kjem av. | |
John | NorSMB | 12:36 | So lenge de hev ljoset, so tru på ljoset, so de kann verta born åt ljoset!» Soleis tala Jesus; so gjekk han burt og løynde seg for deim. | |
John | NorSMB | 12:37 | Men endå han hadde gjort so mange teikn for augo deira, trudde dei ikkje på honom; | |
John | NorSMB | 12:38 | det skulde sannast det ordet som profeten Jesaja hev tala: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?» | |
John | NorSMB | 12:40 | «Han hev gjort augo deira blinde, og hev gjort hugen deira hard, so dei med augo inkje sjå med hjarta inkje skyna skal, og snu so eg deim lækja fær.» | |
John | NorSMB | 12:42 | Like vel var det då mange, jamvel av styresmennerne, som trudde på honom; men dei vilde ikkje kjennast ved det for farisæarane skuld; dei var rædde dei kunde verta utstøytte or synagoga; | |
John | NorSMB | 12:44 | Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på honom som sende meg, | |
John | NorSMB | 12:46 | Eg er komen til verdi - eit ljos, so ingen som trur på meg, skal verta verande i myrkret. | |
John | NorSMB | 12:47 | Um nokon høyrer ordi mine og ikkje tek vare på deim, so dømer ikkje eg honom; for eg er ’kje komen på den måten at eg skal døma verdi, men at eg skal frelsa verdi. | |
John | NorSMB | 12:48 | Den som vandar meg og ikkje tek imot ordi mine, hev den som dømer honom: det ordet eg hev tala, det skal døma honom på den siste dag. | |
John | NorSMB | 12:49 | For eg hev ikkje tala av meg sjølv; men Faderen, som sende meg, han hev sagt meg fyre kva eg skal segja og kva eg skal tala; | |