Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JOHN
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 16
John NorSMB 16:1  «Dette hev eg tala til dykk, av di eg vil at de ikkje skal koma til å styggjast.
John NorSMB 16:2  Dei kjem til å støyta dykk ut or synagogorne; ja, det kjem ei tid då kvar den som drep dykk, trur at han tener Gud med det,
John NorSMB 16:3  og det gjer dei av di dei ikkje kjenner Faderen og ikkje meg heller.
John NorSMB 16:4  Men dette hev eg tala til dykk, so de, når den tidi kjem, skal koma i hug eg hev sagt dykk det; eg sagde det ikkje med dykk frå det fyrste, av di eg var hjå dykk.
John NorSMB 16:5  Men no gjeng eg til den som hev sendt meg, og ingen av dykk spør meg: «Kvar gjeng du av?»
John NorSMB 16:6  men for di eg hev tala dette til dykk, er hjarta dykkar fullt av sorg.
John NorSMB 16:7  Men eg segjer dykk som sant er: Det er til bate for dykk at eg gjeng burt. For gjeng eg ikkje burt, kjem målsmannen ikkje til dykk; men gjeng eg burt, so skal eg senda honom til dykk.
John NorSMB 16:8  Og når han kjem, skal han yvertyda verdi um synd og um rettferd og um dom.
John NorSMB 16:10  um rettferd av di eg gjeng til Faderen, og de ikkje ser meg meir;
John NorSMB 16:11  um dom av di hovdingen yver denne verdi er dømd.
John NorSMB 16:12  Endå hev eg mykje å segja dykk, men de kann ikkje bera det no.
John NorSMB 16:13  Men når han kjem, Sannings-Anden, skal han leida dykk fram til heile sanningi; for han skal ikkje tala av seg sjølv, men alt det han høyrer, skal han tala, og det som skal koma, skal han gjera kunnigt for dykk.
John NorSMB 16:14  Han skal herleggjera meg; for det er av mitt han tek og lærer dykk.
John NorSMB 16:15  Alt det Faderen hev, er mitt; difor sagde eg, at han tek av mitt og lærer dykk.
John NorSMB 16:16  Um ei lita stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg.»
John NorSMB 16:17  Då sagde nokre av læresveinarne seg imillom: «Kva meiner han med dette som han segjer til oss: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg,» og: «Eg gjeng til Faderen?»
John NorSMB 16:18  Kva meiner han med det: ei liti stund,» sagde dei; «me veit ikkje kva han talar um.»
John NorSMB 16:19  Jesus skyna at dei vilde spyrja honom, og han sagde til deim: «Er det det de dryfter med kvarandre, at eg sagde: «Um ei liti stund ser de meg ikkje, og um ei liti stund att skal de få sjå meg?»
John NorSMB 16:20  Det segjer eg dykk for visst og sant: De skal gråta og øya, men verdi skal gleda seg. De skal syrgja, men sorgi dykkar skal vendast til gleda.
John NorSMB 16:21  Når ei kona skal eiga barn, er ho sutfull av di timen hennar er komen; men når ho hev fenge barnet, kjem ho ikkje lenger i hug kor vondt ho hev lide, so glad er ho for di eit menneskje er født til verdi.
John NorSMB 16:22  Soleis er de og sutfulle no; men eg skal sjå dykk att; då vert de hjarteglade, og ingen tek gleda dykkar frå dykk.
John NorSMB 16:23  Den dagen skal de ikkje spyrja meg um noko. Det segjer eg dykk for visst og sant: Bed de Faderen um noko, so skal han gjeva dykk det i mitt namn.
John NorSMB 16:24  Til dessa hev de ikkje bede um noko i mitt namn - bed, so skal de få, so gleda dykkar kann vera fullkomi!
John NorSMB 16:25  Dette hev eg tala til dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala til dykk i likningar lenger, men fortelja dykk ope og endefram um Faderen.
John NorSMB 16:26  Den dagen skal de beda i mitt namn, og eg segjer dykk ikkje at eg vil beda Faderen for dykk;
John NorSMB 16:27  for Faderen sjølv elskar dykk for di de hev elska meg og trutt at eg hev gjenge ut frå Gud.
John NorSMB 16:28  Eg hev gjenge ut frå Faderen og er komen hit til verdi; no fer eg burt frå verdi att og gjeng til Faderen.»
John NorSMB 16:29  Segjer so læresveinarne: «Sjå, no talar du endefram, og segjer ingi likning.
John NorSMB 16:30  No veit me at du veit alt, og ikkje treng at nokon skal spyrja deg; difor trur me at du er komen frå Gud.»
John NorSMB 16:32  «sjå, det kjem ei stund - ja, ho er alt komi - då de skal spreidast, kvar til sin heim, og lata meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; far min er med meg.
John NorSMB 16:33  Dette hev eg tala til dykk, so de skal hava fred i meg. I verdi hev de trengsel; men ver hugheile! eg hev vunne yver verdi.»