JOHN
Chapter 11
John | NorSMB | 11:1 | Det var ein som låg sjuk, Lasarus frå Betania, den vesle byen som Maria og Marta, syster hennar, budde i. | |
John | NorSMB | 11:2 | Maria var den som salva Herren med myrrasalve, og turka føterne hans med håret sitt; og det var bror hennar, Lasarus, som låg sjuk. | |
John | NorSMB | 11:3 | Systerne sende då bod til honom med dei ordi: «Herre, han som du hev so kjær, ligg sjuk!» | |
John | NorSMB | 11:4 | Då Jesus høyrde det, sagde han: «Den sotti er ’kje nokor helsott, men ho er til Guds æra; Guds son skal få æra av det.» | |
John | NorSMB | 11:6 | Då han no høyrde at Lasarus låg sjuk, drygde han endå tvo dagar på den staden han var; | |
John | NorSMB | 11:8 | «Rabbi,» sagde læresveinarne, «nyst vilde jødarne steina deg, og so fer du dit att!» | |
John | NorSMB | 11:9 | «Er det ’kje tolv timar i dagen?» svara Jesus; «den som gjeng um dagen, snåvar ikkje; for han ser ljoset åt denne verdi; | |
John | NorSMB | 11:11 | So tala han, og um eit bil segjer han til deim: «Lasarus, venen vår, hev sovna; men no gjeng eg av og vekkjer honom.» | |
John | NorSMB | 11:15 | Og for dykkar skuld er eg glad at eg ikkje var der, so de kann koma til å tru. Men kom, lat oss ganga til honom!» | |
John | NorSMB | 11:16 | Tomas - han som me kallar Didymus - sagde då til dei andre læresveinarne: «Lat oss ganga med, so me kann døy med honom!» | |
John | NorSMB | 11:19 | og mange jødar var komne til Marta og Maria, og vilde trøysta dei i sorgi yver broren. | |
John | NorSMB | 11:20 | Då no Marta høyrde at Jesus kom, gjekk ho til møtes med honom; men Maria sat heime. | |
John | NorSMB | 11:21 | Då sagde Marta til Jesus: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt. | |
John | NorSMB | 11:24 | «Eg veit at han skal standa upp att når alle stend upp, på den siste dag,» svara Marta. | |
John | NorSMB | 11:25 | Då sagde Jesus til henne: «Eg er uppstoda og livet! Den som trur på meg, skal liva, um han so døyr, | |
John | NorSMB | 11:27 | «Ja, Herre,» svara ho, «eg hev trutt, og trur, at du er Messias, Guds son, han som skulde koma til verdi.» | |
John | NorSMB | 11:28 | Med so sagt gjekk ho av ’stad og kalla på Maria, syster si, og sagde til henne i løynd: «Meisteren er her og spør etter deg.» | |
John | NorSMB | 11:30 | Jesus hadde endå ikkje kome inn i byen; han var endå på den staden der Marta hadde møtt honom. | |
John | NorSMB | 11:31 | Då jødarne som var heime hjå Maria og trøysta henne, såg at ho brått reiste seg og gjekk ut, fylgde dei etter henne; dei tenkte ho gjekk ut til gravi og vilde gråta der. | |
John | NorSMB | 11:32 | Som no Maria kom dit som Jesus var og fekk sjå honom, kasta ho seg ned for føterne hans og sagde: «Herre, hadde du vore her, so hadde ikkje bror min døytt.» | |
John | NorSMB | 11:33 | Då Jesus såg at ho gret, og at jødarne som hadde fylgt henne gret, vart han harm i hugen og øste seg upp og sagde: | |
John | NorSMB | 11:37 | Og sume av deim sagde: «Kunde ikkje han som opna augo på den blinde, ha gjort det so at denne mannen ikkje hadde døytt?» | |
John | NorSMB | 11:38 | Då vart Jesus på nytt harm inni seg og gjekk burt til gravi; det var ein heller, og det låg ein stein attfyre. | |
John | NorSMB | 11:39 | «Tak steinen ifrå!» segjer Jesus. Då segjer Marta, syster åt den avlidne: «Herre, det tevjar alt av honom, for han hev lege der på fjorde dagen!» | |
John | NorSMB | 11:40 | Jesus segjer til henne: «Sagde eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom!» | |
John | NorSMB | 11:41 | So tok dei steinen ifrå. Og Jesus lyfte augo mot himmelen og sagde: «Fader! eg takkar deg for di du hev høyrt meg! | |
John | NorSMB | 11:42 | Eg visste nok at du alltid høyrer meg; men for folket skuld som stend her kringum, segjer eg dette, so dei skal tru at det er du som hev sendt meg.» | |
John | NorSMB | 11:44 | Ut kom den daude, med føterne og henderne sveipte i lindar, og med ein sveiteduk bunden kring andlitet. «Løys honom, so han fær ganga!» sagde Jesus til deim. | |
John | NorSMB | 11:45 | Mange av jødarne, alle dei som var komne til Maria og hadde set det han gjorde, trudde då på honom. | |
John | NorSMB | 11:47 | Då kalla øvsteprestarne og farisæarane det Høge Rådet i hop til eit møte og sagde: «Kva skal me gjera? Denne mannen gjer mange teikn! | |
John | NorSMB | 11:48 | Let me honom få halda på soleis, kjem alle til å tru på honom, og då kjem romarane og tek både landet og folket vårt.» | |
John | NorSMB | 11:50 | «De veit ingen ting! Ikkje heller tenkjer de på at det er til bate for dykk at ein mann døyr for landslyden, so ikkje heile folket gjeng til grunns.» | |
John | NorSMB | 11:51 | Det sagde han ikkje av seg sjølv, men av di han var øvsteprest det året, var ordi hans ein spådom um at Jesus skulde døy for folket, | |
John | NorSMB | 11:52 | og ikkje berre for folket, men at han og skulde samla i hop til eitt Guds born som er spreidde ikring. | |
John | NorSMB | 11:54 | Difor gjekk ikkje Jesus lenger fritt ikring millom jødarne, men for derifrå til dei bygderne som ligg tett med øydemarki, til ein by som heiter Efraim; der heldt han til eit bil med læresveinarne sine. | |
John | NorSMB | 11:55 | No leid det nær til påskehelgi åt jødarne, og mange for frå bygderne upp til Jerusalem fyre påske og skulde helga seg. | |
John | NorSMB | 11:56 | Då leita dei etter Jesus, og sagde seg imillom med dei stod i templet: «Kva tenkjer de? Kjem han slett ikkje til høgtidi?» | |