JOHN
Chapter 8
John | NorSMB | 8:2 | Andre morgonen var han atter i templet; alt folket kom til honom, og han sette seg og lærde deim. | |
John | NorSMB | 8:3 | Då kjem dei skriftlærde og farisæarane med ei kona som var teki i egteskapsbrot; dei stelte henne midt framfyre honom | |
John | NorSMB | 8:6 | Det sagde dei av di dei vilde freista honom, so dei kunde hava noko å klaga honom for. Jesus lutte seg ned og skreiv med fingeren på marki. | |
John | NorSMB | 8:7 | Då dei heldt på og spurde, rette han seg upp og sagde: «Lat den av dykk som er syndelaus kasta den fyrste steinen på henne!» | |
John | NorSMB | 8:9 | Men då dei høyrde det, gjekk dei burt, ein etter ein - dei eldste fyrst - so Jesus vart åleine att med kona som stod der. | |
John | NorSMB | 8:10 | Då rette han seg upp og sagde til henne: «Kvar er dei, kona? Hev ingen felt domen yver deg?» | |
John | NorSMB | 8:11 | «Ingen, Herre,» svara ho. «So dømer ikkje eg deg heller,» sagde Jesus: «Gakk heim, og synda ikkje meir!» | |
John | NorSMB | 8:12 | So tala Jesus atter til deim og sagde: «Eg er ljoset åt verdi. Den som fylgjer meg, skal ikkje ganga i myrkret, men hava livsens ljos.» | |
John | NorSMB | 8:13 | Då sagde farisæarane til honom: «Du vitnar um deg sjølv; vitnemålet ditt sæter ikkje.» | |
John | NorSMB | 8:14 | Jesus svara deim so: «Um eg so vitnar um meg sjølv, so er vitnemålet mitt sant; for eg veit kvar eg er komen ifrå og kvar eg fer av, men de veit ikkje kvar eg kjem ifrå eller kvar eg fer av. | |
John | NorSMB | 8:16 | men endå um eg dømer, so er domen min rett, for eg er ikkje einsleg, men eg og han som sende meg, er saman. | |
John | NorSMB | 8:19 | «Kvar er far din?» sagde dei då. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller far min; kjende de meg, so kjende de far min og.» | |
John | NorSMB | 8:20 | Desse ordi tala Jesus innmed tempelkista, med han lærde i heilagdomen, og ingen lagde hand på honom; for tidi hans var endå ikkje komi. | |
John | NorSMB | 8:21 | Ein annan gong sagde han til deim: «Eg gjeng burt, og de kjem til å leita etter meg, og de skal døy i syndi dykkar; dit som eg gjeng, kann ikkje de koma.» | |
John | NorSMB | 8:22 | «Tru han vil drepa seg sjølv?» sagde jødarne, «sidan han segjer: «Dit som eg gjeng, kann ikkje de koma?»» | |
John | NorSMB | 8:23 | Då sagde han til deim: «De er nedantil, eg er ovantil; de er frå denne verdi, eg er ikkje frå denne verdi; | |
John | NorSMB | 8:24 | difor sagde eg dykk at de skal døy i synderne dykkar; når de ikkje trur at eg er den eg er, so skal de døy i synderne dykkar.» | |
John | NorSMB | 8:25 | «Kven er du?» sagde dei då. «Kvi let eg ’kje heller reint vera å tala til dykk?» svara Jesus. | |
John | NorSMB | 8:26 | «Mykje hev eg å segja og døma um dykk; men han som sende meg, er sannordig, og eg talar ikkje anna til verdi enn det eg hev høyrt av honom.» | |
John | NorSMB | 8:28 | Difor sagde Jesus: «Når de fær lyft Menneskjesonen upp i høgdi, då skal de skyna at eg er den eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar dette soleis som Far min lærde meg det. | |
John | NorSMB | 8:29 | Og han som sende meg, er med meg; han let meg ikkje vera åleine; for eg gjer allstødt det som tekkjest honom.» | |
John | NorSMB | 8:31 | So sagde Jesus til dei jødarne som trudde på honom: «Vert de verande i mitt ord, so er de rette læresveinarne mine, | |
John | NorSMB | 8:33 | «Me er Abrahams ætt,» lagde dei imot, «og hev aldri vore trælar for nokon; korleis hev det seg at du segjer: «De skal verta frie?»» | |
John | NorSMB | 8:34 | Jesus svara: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Kvar den som gjer synd, er træl åt syndi. | |
John | NorSMB | 8:35 | Men trælen vert ikkje verande i huset for all tid - sonen vert verande der for all tid. | |
John | NorSMB | 8:37 | Eg veit at de er Abrahams ætt; men de tenkjer på å drepa meg, av di ordet mitt ikkje fær rom hjå dykk. | |
John | NorSMB | 8:38 | Eg talar um det eg hev set hjå far min, og soleis gjer de det som de hev høyrt av far dykkar.» | |
John | NorSMB | 8:39 | «Vår far er Abraham,» svara dei. Jesus segjer: «Var de Abrahams born, so gjorde de som Abraham gjorde; | |
John | NorSMB | 8:40 | men no sit de um og vil drepe meg, ein mann som hev tala til dykk um sanningi, som eg hev høyrt av Gud. Slikt gjorde ikkje Abraham. | |
John | NorSMB | 8:41 | De gjer som far dykkar gjorde.» «Me er ikkje fødde i hor,» sagde dei; «me hev ein far, Gud!» | |
John | NorSMB | 8:42 | Jesus sagde til deim: Var Gud far dykkar, so hadde de meg kjær; for eg hev gjenge ut frå Gud, og er komen frå honom; ikkje heller er eg komen av meg sjølv; det er han som hev sendt meg. | |
John | NorSMB | 8:44 | De hev djevelen til far, og det de vil, er å gjera det far dykkar hugast; han var ein manndråpar frå fyrste tid, og hev ’kje sitt støde i sanningi; for det finst ikkje sanning i honom. Når han talar lygn, talar han av sitt eige; for han er ein ljugar og far åt lygni. | |
John | NorSMB | 8:46 | Kven av dykk kann segja meg saka i nokor synd? Men når eg talar sanning, kvi trur de meg ikkje? | |
John | NorSMB | 8:47 | Den som er av Gud, høyrer Guds ord; de er ikkje av Gud, difor er det de ikkje høyrer.» | |
John | NorSMB | 8:48 | Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Er det ’kje sant som me segjer at du er ein samaritan, og er forgjord?» | |
John | NorSMB | 8:51 | Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva sjå dauden.» | |
John | NorSMB | 8:52 | «No veit me at du er forgjord,» sagde jødarne. «Abraham hev døytt, og profetarne og, og du segjer: «Den som held seg etter mine ord, skal ikkje i all æva smaka dauden.» | |
John | NorSMB | 8:53 | Er då du større enn Abraham, ættfaren vår? han døydde, og profetarne døydde! Kven gjer du deg sjølv til?» | |
John | NorSMB | 8:54 | Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, so er æra mi ingen ting; det er Far min som ærar meg; de segjer han er dykkar Gud, | |
John | NorSMB | 8:55 | men de hev ikkje kjent honom, men eg kjenner honom; sagde eg at eg ikkje kjenner honom, so var eg ein ljugar som de! Men eg kjenner honom og held meg etter hans ord. | |
John | NorSMB | 8:56 | Abraham, ættfaren dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag; og han såg honom og var fegen.» | |
John | NorSMB | 8:58 | Jesus sagde til deim: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Fyrr Abraham vart til, er eg til.» | |