Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
PHILEMON
1
Chapter 1
Phil NorSMB 1:1  Paulus, Kristi Jesu fange, og broderen Timoteus til Filemon, vår kjære ven og medarbeidar,
Phil NorSMB 1:2  og til Apfia, vår syster, og til Arkippus, vår medstridsmann, og til kyrkjelyden i ditt hus:
Phil NorSMB 1:3  Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Fader, og Herren Jesus Kristus!
Phil NorSMB 1:4  Eg takkar alltid min Gud, når eg kjem deg i hug i bønerne mine,
Phil NorSMB 1:5  då eg høyrer um din kjærleik og den tru som du hev til Herren Jesus og til alle dei heilage,
Phil NorSMB 1:6  at deira samfund med deg i trui må verta verksamt for Kristus i kjennskapen til alt det gode som er i dykk.
Phil NorSMB 1:7  For eg fekk stor gleda og trøyst ved din kjærleik, av di dei heilage er hugga i hjarta ved deg, bror!
Phil NorSMB 1:8  Difor, endå eg hev stort frimod i Kristus til å påleggja deg det som sømelegt er,
Phil NorSMB 1:9  so bed eg då heller for kjærleiken skuld. Slik som eg er, den gamle Paulus, men no og Kristi Jesu fange,
Phil NorSMB 1:10  bed eg deg for son min, som eg hev avla i mine lekkjor, Onesimus,
Phil NorSMB 1:11  som fyrr var unyttug for deg, men no er nyttug for deg og for meg, han som eg sender attende til deg.
Phil NorSMB 1:13  Eg hadde hug til å få hava honom hjå meg, so han i din stad kunde tena meg i mine lekkjor for evangeliet,
Phil NorSMB 1:14  men utan ditt samtykkje vilde eg ingen ting gjera, so din godleik ikkje skulde vera liksom av tvang, men av fri vilje.
Phil NorSMB 1:15  For kann henda han difor vart skild frå deg for ei stund, at du kunde få honom att til æveleg eiga,
Phil NorSMB 1:16  ikkje lenger som træl, men meir enn ein træl, som ein kjær bror, serleg for meg, men kor mykje meir for deg, både i kjøtet og i Herren!
Phil NorSMB 1:17  So sant du då held meg for din medbror, so tak imot honom som meg sjølv!
Phil NorSMB 1:18  Og hev han gjort deg nokon urett, eller er han deg noko skuldig, so før det på mi rekning.
Phil NorSMB 1:19  Eg, Paulus, skriv med mi eigi hand: Eg skal betala det - at eg ikkje skal segja deg, at du skyldar meg endå deg sjølv.
Phil NorSMB 1:20  Ja, bror, lat meg då hava gagn av deg i Herren, hugga mitt hjarta i Kristus!
Phil NorSMB 1:21  I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg, eg er viss på at du vil gjera endå meir enn eg segjer.
Phil NorSMB 1:22  Stell so og til herbyrge åt meg; for eg vonar at eg ved dykkar bøner skal verta dykk gjeven.
Phil NorSMB 1:23  Epafras, min medfange i Kristus Jesus, helsar deg;
Phil NorSMB 1:24  like eins Markus, Aristarkus, Demas, Lukas, mine medarbeidarar.
Phil NorSMB 1:25  Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd!