Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 10
Deut NorSMB 10:1  Då var det Herren sagde til meg: «Hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjer deg ei trekista, og kom upp på fjellet til meg,
Deut NorSMB 10:2  so skal eg skriva dei same ordi på dei tavlorne som på dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja deim ned i kista.»
Deut NorSMB 10:3  Då gjorde eg ei kista av akazietre, og hogg til tvo steintavlor like eins som dei fyrste, og gjekk upp på fjellet med båe tavlorne i handi,
Deut NorSMB 10:4  og Herren skreiv på deim det same som han hadde skrive fyrre gongen: dei ti bodordi som han hadde tala til dykk på fjellet midt utor elden, samkomedagen, og han gav deim til meg.
Deut NorSMB 10:5  So snudde eg meg, og gjekk ned av fjellet, og lagde tavlorne i den kista eg hadde gjort, og der vart dei liggjande, soleis som Herren hadde sagt.
Deut NorSMB 10:6  Sidan tok Israels-sønerne ut frå Bene-Ja’akan-brunnarne, og kom til Mosera; der døydde Aron, og der vart han gravlagd, og Eleazar, son hans, vart prest etter honom.
Deut NorSMB 10:7  Derifrå for dei til Gudgoda, og frå Gudgoda til Jotbata, eit land med mange bekkjer.
Deut NorSMB 10:8  I den tidi skilde Herren ut Levi-ætti so dei skulde bera sambandskista åt Herren, og standa framfor Herrens andlit og tena honom, og lysa velsigning i hans namn, og so hev dei gjort til denne dag.
Deut NorSMB 10:9  Difor fekk ikkje Levi nokon arvlut tilliks med brørne sine; Herren skal vera hans arv, soleis som han sjølv hev sagt med honom.
Deut NorSMB 10:10  «So var eg då på fjellet i fyrti jamdøger, liksom fyrre venda, og Herren høyrde bøni mi den gongen og; han vilde ikkje tyna deg.
Deut NorSMB 10:11  So sagde Herren til meg: «Tak i vegen, og før folket lenger fram, so dei kann koma til det landet eg hev lova federne deira å gjeva deim!»»
Deut NorSMB 10:12  Og no, Israel, kva er det Herren, din Gud, krev av deg, anna enn det at du skal ottast Herren, din Gud, og allstødt ganga på hans vegar, og elska og tena honom av heile ditt hjarta og heile din hug,
Deut NorSMB 10:13  og halda bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, so det kann ganga deg vel!
Deut NorSMB 10:14  Sjå, himmelen og alle himlar i himmelen, jordi og alt det som på henne er, høyrer Herren, din Gud, til.
Deut NorSMB 10:15  Men endå var det berre federne dine han lagde hug til og elska, og sidan kåra han ut dykk, ætti deira, framum alle andre folkeslag, soleis som me ser det i dag.
Deut NorSMB 10:16  So bøyg då den stride hugen dykkar, og ver ikkje lenger so hardnakka!
Deut NorSMB 10:17  For Herren, dykkar Gud, han er Gud yver alle gudar og Herre yver alle herrar, den store, velduge, agelege Gud! Han gjer ikkje mannemun, og tek ikkje mutor;
Deut NorSMB 10:18  han hjelper den farlause og enkja til retten sin, og syter for dei framande so dei fær mat og klæde.
Deut NorSMB 10:19  Difor skal de og vera gode med dei framande; de var sjølve framande i Egyptarlandet.
Deut NorSMB 10:20  Herren, din Gud, skal du ottast; honom skal du tena, og honom skal du halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.
Deut NorSMB 10:21  Han skal vera det gildaste du veit; han er din Gud som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.
Deut NorSMB 10:22  Sytti i talet for federne dine ned til Egyptarland, men no hev Herren, din Gud, auka dykk so de er mange som stjernorne på himmelen.