Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
EXODUS
Prev Up Next
Chapter 7
Exod NorSMB 7:1  Då sagde Herren til Moses: «Sjå no vil eg laga det so at du vert som ein Gud for Farao, og Aron, bror din, skal vera målsmannen din.
Exod NorSMB 7:2  Du skal tala alt det eg segjer deg fyre, men Aron, bror din, skal orda det ut for Farao, so han let Israels-folket fara ut or landet sitt.
Exod NorSMB 7:3  Men eg vil herda hugen åt Farao, og sidan vil eg gjera mange teikn og under i Egyptarlandet.
Exod NorSMB 7:4  Farao kjem ikkje til å høyra på dykk, og då vil eg leggja mi hand på Egyptarland med harde refsingar, og føra herarne mine, folket mitt eige, Israels-borni, ut or Egyptarlandet.
Exod NorSMB 7:5  Og egyptarane skal ljota sanna at eg er Herren, når eg rettar handi mi utyver landet, og tek Israels-borni beint ifrå deim.»
Exod NorSMB 7:6  Og Moses og Aron gjorde dette; som Herren hadde sagt deim fyre, so gjorde dei.
Exod NorSMB 7:7  Moses var åtteti og Aron tri og åtteti år gamall, då dei tala med Farao.
Exod NorSMB 7:9  «Når Farao talar til dykk og segjer: «Lat meg få sjå eit under av dykk!» då skal du segja med Aron: «Tak staven din, og kasta honom ned framfor augo åt Farao, so skal han verta til ein stor orm.»»
Exod NorSMB 7:10  So gjekk Moses og Aron fram for Farao, og gjorde som Herren hadde sagt: Aron kasta ned staven sin framfor augo åt Farao og mennerne hans, og staven vart til ein diger orm.
Exod NorSMB 7:11  Då sende Farao bod etter vismennerne og trollkararne, runemeistrarne, som dei hadde i Egyptarland, og dei bruka trollkunsterne sine og gjorde det same.
Exod NorSMB 7:12  Dei kasta kvar sin stav, og dei vart til store ormar, men staven hans Aron gløypte stavarne deira.
Exod NorSMB 7:13  Og det gjekk som Herren sagde: Farao var strid i hugen og vilde ikkje høyra på deim.
Exod NorSMB 7:14  Då sagde Herren til Moses: «Farao er tråssug; han vil ikkje lata folket fara.
Exod NorSMB 7:15  Gakk til honom i morgon tidleg - då kjem han ned åt elvi - og statt på elvbakken, so han møter deg, og staven som vart skapt um til ein orm, skal du hava i handi.
Exod NorSMB 7:16  Og so skal du segja med honom: «Herren, Hebræarguden, sende meg til deg og sagde: «Lat folket mitt fara, so dei kann tena meg i øydemarki!» Men det hev ’kje du vilja lydt på endå.
Exod NorSMB 7:17  Og Herren segjer so: «Dette skal du hava til merke på at eg er Herren: Sjå no vil eg slå i elvevatnet med denne staven, som eg hev i handi mi, og so skal det verta til blod.
Exod NorSMB 7:18  Og fisken i elvi skal døy, og ein illtev stiga frå elvi, so egyptarane ikkje er god til å drikka vatnet i henne.»»»
Exod NorSMB 7:19  Sidan sagde Herren til Moses: «Seg med Aron: «Tak staven og rett handi di ut yver Egyptarlands-vatni, yver åerne og elvarne og tjørnerne deira og yver kvar vatsdam der er, so skal dei verta til blod, og blod skal det vera utyver heile Egyptarlandet, jamvel i koppar og kjer.»»
Exod NorSMB 7:20  Og Moses og Aron gjorde som Herren sagde: Aron lyfte staven, og slo i elvevatnet, so dei såg på det både Farao og mennerne hans, og alt vatnet i elvi vart blod.
Exod NorSMB 7:21  Då døydde all fisken i elvi, og det stod ein ond tev av elvi, so egyptarane ikkje kunde drikka vatnet, og i heile Egyptarland var det blod.
Exod NorSMB 7:22  Men runemeistrarne deira bruka trollkunsterne sine, og gjorde det same. Og det gjekk som Herren sagde: Farao var stridhuga og høyrde ikkje på deim.
Exod NorSMB 7:23  Og Farao snudde seg og gjekk inn i huset sitt, og brydde seg ikkje um dette heller.
Exod NorSMB 7:24  Men alle egyptarane grov kringum elvi etter drikkevatn; for dei kunde ikkje drikka elvevatnet.
Exod NorSMB 7:25  So leid det sju dagar etter Herren hadde gjort elvi til blod.