Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GALATIANS
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next
Chapter 5
Gala NorSMB 5:1  Til fridom hev Kristus frigjort oss; statt difor faste og lat deim ikkje få dykk inn att under trældoms ok!
Gala NorSMB 5:2  Sjå, eg, Paulus, segjer dykk, at um de let dykk umskjera, so vil Kristus inkje gagna dykk.
Gala NorSMB 5:3  Atter vitnar eg for kvart menneskje som let seg umskjera, at han er skuldig til å halda heile lovi.
Gala NorSMB 5:4  De som vil verta rettferdiggjorde ved lovi, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.
Gala NorSMB 5:5  For i trui ventar me i Anden på det som rettferdi gjev oss von um;
Gala NorSMB 5:6  for i Kristus Jesus gjeld korkje umskjering eller fyrehud noko, men berre tru som er verksam i kjærleik.
Gala NorSMB 5:7  De heldt godt fram; kven hindra dykk frå å lyda sanningi?
Gala NorSMB 5:8  Denne yverteljingi er ikkje frå honom som kalla dykk.
Gala NorSMB 5:10  Eg hev den tiltru til dykk i Herren, at de inkje anna vil tenkja. Men den som forviller dykk, han skal få sin dom, kven han so er.
Gala NorSMB 5:11  Men eg, brør, um eg enno forkynner umskjering, kvi vert eg endå forfylgd? då er vel krossens støytestein burtteken.
Gala NorSMB 5:12  Gjev dei måtte skjera seg sjølve sund, dei som eggjar dykk upp!
Gala NorSMB 5:13  For de, brør, er kalla til fridom. Bruk berre ikkje fridomen til høve for kjøtet; men ten kvarandre i kjærleik!
Gala NorSMB 5:14  for heile lovi er uppfyllt i eitt bod, i dette: «Du skal elska næsten din som deg sjølv!»
Gala NorSMB 5:15  Men dersom de bit og et kvarandre, so sjå til at de ikkje et kvarandre upp!
Gala NorSMB 5:16  Men eg segjer: Ferdast i Anden, so skal de ikkje fullføra kjøtsens lyst!
Gala NorSMB 5:17  For kjøtet er huga tvert imot Anden, men Anden imot kjøtet; for desse stend imot kvarandre, so de ikkje skal gjera det som de vil.
Gala NorSMB 5:18  Men dersom de vert drivne av Anden, då er de ikkje under lovi.
Gala NorSMB 5:19  Men kjøtsens gjerningar er openberre, slike som: Utukt, ureinskap, lauslivnad,
Gala NorSMB 5:20  avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, kiv, ovund, vreide, stridssykja, tvidrag, sundringar,
Gala NorSMB 5:21  misunning, mord, drykk, svir og meir slikt; um dette segjer eg dykk fyreåt, likesom eg fyrr hev sagt, at dei som fer med slikt, skal ikkje erva Guds rike.
Gala NorSMB 5:22  Men Andens frukt er kjærleik, gleda, fred, langmod, mildskap, godleik, truskap,
Gala NorSMB 5:23  [Stu21: 22] spaklynde, fråhald. [Stu21: 23] Mot slike er ikkje lovi.
Gala NorSMB 5:24  Men dei som høyrer Kristus Jesus til, dei hev krossfest kjøtet med fysnorne og lysterne.
Gala NorSMB 5:25  Liver me i Anden, so lat oss og ferdast i Anden!
Gala NorSMB 5:26  Lat oss ikkje søkja fåfengd æra, so me eggjar kvarandre og ovundar kvarandre!