Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I CHRONICLES
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 5
I Ch NorSMB 5:1  Og sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel - for han var den eldste; men med di han vanhelga lega åt far sin, vart odelsretten hans gjeven til sønerne hans Josef, son åt Israel, men då ikkje soleis at han skulde skrivast upp i ættelista som den eldste.
I Ch NorSMB 5:2  For Juda var nok den megtigaste millom brørne sine, og ein av etterkomarane hans vart fyrste; men odelsretten høyrde Josef til -
I Ch NorSMB 5:3  sønerne hans Ruben, eldste son åt Israel, var Hanok og Pallu, Hesron og Karmi.
I Ch NorSMB 5:4  Sønerne åt Joel var Semaja, son hans; hans son var Gog; hans son var Sime’i,
I Ch NorSMB 5:5  hans son var Mika, hans son Reaja, hans son Ba’al,
I Ch NorSMB 5:6  hans son Be’era, som Tilgat-Pilneser, kongen i Assyria, førde burt til fange; han var hovding for rubenitarne.
I Ch NorSMB 5:7  Og då brørne hans med sine ætter vart uppskrivne i ættarlista etter sine ættgreiner, var det desse: Je’iel, hovdingen, og Zakarja,
I Ch NorSMB 5:8  og Bela, son åt Azaz, son åt Sema, son åt Jo’el; han budde i Aroer, og bustaderne hans nådde radt til Nebo og Ba’al-Meon.
I Ch NorSMB 5:9  Og austetter nådde bustaderne hans alt fram åt øydemarki som rekk frå Eufratelvi; for dei hadde store flokkar med fe i Gileadlandet.
I Ch NorSMB 5:10  Men i Sauls dagar låg dei i strid med hagarenarne, som då fall for handi deira; so sette dei seg til i tjeldbuderne deira etter heile austsida åt Gilead.
I Ch NorSMB 5:11  Og Gads-sønerne budde midt imot deim i Basanlandet alt til Salka:
I Ch NorSMB 5:12  Joel, hovdingen, og di næst Safan, og so Janai og Safat i Basan.
I Ch NorSMB 5:13  Og brørne deira, etter sine ættgreiner, var Mikael og Mesullam og Seba og Jorai, Jakan, Zia og Eber, sju i talet.
I Ch NorSMB 5:14  Desse var søner åt Abiha’il, son åt Huri, son åt Jaroah, son åt Gilead, son åt Mikael, son åt Jesisai, son åt Jahdo, son åt Buz.
I Ch NorSMB 5:15  Ahi, son åt Abdiel, son åt Guni, var ættarhovdingen deira.
I Ch NorSMB 5:16  Og dei budde i Gilead i Basan og i dei bygderne som låg ikring, og på alle utmarkerne i Saron, so langt som dei rakk.
I Ch NorSMB 5:17  Alle desse vart uppskrivne i ættarlista i den tidi då Jotam var konge i Juda, og då Jeroboam var konge i Israel.
I Ch NorSMB 5:18  Rubens-sønerne og gaditarne og helvti av Manasse-ætti, dei som var stridsføre og bar skjold og sverd og spente boge og var stridskunnige, var fire og fyrti tusund sju hundrad og seksti våpnføre menner.
I Ch NorSMB 5:19  Og dei hadde ufred med hagarenarne og Jetur og Nafis og Nodab.
I Ch NorSMB 5:20  Og dei fekk siger i striden, so hagarenarne og alle som var med deim, kom i deira hender; for dei ropa til Gud i striden, og han høyrde bøni deira, av di dei leit på honom.
I Ch NorSMB 5:21  Og dei førde burt til herfang feet deira, femti tusund kamelar og tvo hundrad og femti tusund sauer og tvo tusund asen, og hundrad tusund mann.
I Ch NorSMB 5:22  For det hadde vore eit stort mannefall, etter di striden var ifrå Gud. Og dei budde i landet deira alt til burtføringi.
I Ch NorSMB 5:23  Sønerne åt helvti av Manasse-ætti budde og der i landet frå Basan alt til Ba’al-Hermon og Senir og Hermonfjellet, og dei var mangmente.
I Ch NorSMB 5:24  Og desse var ættarhovdingarne deira: Efer og Jisi, Eliel og Azriel, Jirmeja og Hodavja og Jahdiel, stridsføre hermenner, namngjetne menner, hovdingar for ættgreinene sine.
I Ch NorSMB 5:25  Men dei var utrue mot fedreguden og heldt seg med gudarne åt det folket der i landet som Gud hadde tynt for augo deira.
I Ch NorSMB 5:26  Då øste Israels Gud upp hugen hjå assyrarkongen Pul og assyrarkongen Tilgat-Pilneser, og han førde deim burt, rubenitarne og gaditarne og eine helvti av Manasse-ætti, og flutte deim til Halah og Habor og Hara og Gozanelvi, og der dei er den dag i dag.