Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 53
Isai NorSMB 53:1  Kven trudde det bodet me høyrde? Og kven synte Herrens arm seg for?
Isai NorSMB 53:2  Han rann som ein renning for augo hans, som ein teinung or turre jordi. Uskapleg var han og lite sjåleg. Me såg han, men ei såg han hugnadleg ut.
Isai NorSMB 53:3  Vanvyrd var han, so folk heldt seg undan, ein mann i pinslor og velkjend med sjukdom, som ein som ingen vil sjå på, vanvyrd, og me honom rekna for inkje.
Isai NorSMB 53:4  Men våre sjukdomar var det han bar, og våre pinslor som han tok på seg, medan me trudde Gud hadde råka og slege og plåga honom.
Isai NorSMB 53:5  Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Refsing til fred for oss låg på honom, og ved hans sår fann me lækjedom.
Isai NorSMB 53:6  Alle for me vilt som sauer, vende oss kvar sin veg; men Herren let råka honom det som me hadde skuld i alle.
Isai NorSMB 53:7  Skamfaren vart han, men leid so viljug og let ikkje upp sin munn, som lambet dei fører til slagting, og sauen som tegjer når han vert klypt - han let ikkje upp sin munn.
Isai NorSMB 53:8  Med vald og dom vart han teken burt, men kven i hans samtid tenkte då: «Burtriven vart han or livandelandet, for mitt folks brot fekk han ulivssår?»
Isai NorSMB 53:9  Millom gudlause gav dei han grav, men hjå rikmann var han i dauden; for ingen urett hadde han gjort, og det fanst ikkje svik i hans munn.
Isai NorSMB 53:10  Men Herren vilde med sott honom krasa. Når hans sjæl eit skuldoffer bar, skulde han avkjøme sjå og langt liv, og Herrens vilje ved honom lukkast.
Isai NorSMB 53:11  For si sjæle-møda skal han sjå det og mettast, ved sin kunnskap gjev han rettferd, min rettvise tenar, til mange, med di han ber deira skuld.
Isai NorSMB 53:12  Difor gjev eg honom mange til lut, og sterke fær han til herfang, for han tømde si sjæl til dauden og vart millom brotsmenner rekna, medan han bar syndi åt mange, og han for brotsmenner bad.