Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
MARK
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 11
Mark NorSMB 11:1  Då dei kom burtimot Jerusalem, til Betfage og Betania ved Oljeberget, sende Jesus tvo av læresveinarne sine i veg og sagde til deim:
Mark NorSMB 11:2  «Gakk burt i den grendi som ligg beint framfor dykk! Med det same de kjem der, finn de ein fole som stend bunden, og som det endå aldri hev sete noko menneskje på; den skal de løysa og koma hit med!
Mark NorSMB 11:3  Og dersom nokon segjer med dykk: «Kvi gjer de det?» so skal de svara: «Herren treng um honom, og sender honom straks attende.»»
Mark NorSMB 11:4  So gjekk dei og fann folen; han stod bunden uti gata attmed ei dør, og dei løyste honom.
Mark NorSMB 11:5  Nokre folk som stod der, sagde til deim: «Kva gjer de? løyser de folen?»
Mark NorSMB 11:6  Dei svara so som Jesus hadde sagt; då let folket deim ganga.
Mark NorSMB 11:7  So kom dei til Jesus med folen og lagde kjolarne sine på honom, og Jesus sette seg uppå.
Mark NorSMB 11:8  Og mange breidde klædi sine på vegen, andre strådde lauv, som dei hadde henta frå marki.
Mark NorSMB 11:9  Og dei som gjekk fyre, og dei som fylgde etter, ropa: «Hosianna! Velsigna vere han som kjem i Herrens namn!
Mark NorSMB 11:10  Velsigna vere vår fader Davids rike som kjem! Hosianna i det høgste!»
Mark NorSMB 11:11  So kom han til Jerusalem og gjekk inn i templet. Der såg han seg ikring allstad; men då det tok til å kvelda, gjekk han ut til Betania med dei tolv.
Mark NorSMB 11:12  Dagen etter, då dei gjekk frå Betania, kjende han seg svolten.
Mark NorSMB 11:13  Langt burte såg han eit fiketre med lauv på; han gjekk burtåt, og vilde sjå um han kunde finna noko på det; men då han kom dit, fann han ’kje anna enn lauv; for det var ikkje tidi for fikor.
Mark NorSMB 11:14  Då tala han til treet og sagde: «Gjev aldri i verdi nokon må koma til å eta frukt av deg meir!» Og det høyrde læresveinarne på.
Mark NorSMB 11:15  Då dei kom til Jerusalem, gjekk han inn i templet og tok til å driva ut deim som handla i heilagdomen; han velte bordi åt pengevekslarane og krakkarne åt deim som selde duvor,
Mark NorSMB 11:16  og let ingen få lov til å bera nokon reidskap gjenom templet.
Mark NorSMB 11:17  Og han lærde deim og sagde: «Stend det ’kje skrive: «Mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk?» Men de hev gjort det til eit røvarbol.»
Mark NorSMB 11:18  Dei øvste prestarne og dei skriftlærde fekk høyra det, og lurde på korleis dei skulde få teke livet av honom; dei var rædde honom; for alle folk var hugtekne av læra hans.
Mark NorSMB 11:19  Men når det leid til kvelds, gjekk han alltid ut or byen.
Mark NorSMB 11:20  Då dei tidleg um morgonen gjekk framum fiketreet, såg dei at det hadde turka radt ifrå roti.
Mark NorSMB 11:21  Peter kom i hug dei ordi Jesus hadde lyst, og sagde: «Meister, sjå fiketreet som du banna, hev turka!»
Mark NorSMB 11:22  Då tok Jesus til ords og sagde: «Hav tru til Gud!
Mark NorSMB 11:23  Det segjer eg dykk for sant: Um nokon segjer til dette fjellet: Lyft deg upp og kasta deg ut i havet! og ikkje hev tvil i hjarta, men trur at det vil ganga som han segjer, so skal det ganga som han vil.
Mark NorSMB 11:24  Difor segjer eg dykk: Kva de bed um og ynskjer etter, so tru visst at de alt hev fenge det - då fær de det!
Mark NorSMB 11:25  Og når de stend og bed, og hev noko imot einkvan, so tilgjev honom det! Då skal og far dykkar i himmelen tilgjeva dykk for misgjerningarne dykkar!
Mark NorSMB 11:26  Men um de ikkje tilgjev, skal ikkje heller far dykkar i himmelen tilgjeva dykkar misgjerningar.»
Mark NorSMB 11:27  So kom dei til Jerusalem att. Og med han gjekk ikring i templet, kom dei øvste prestarne og dei skriftlærde og styresmennerne burt til honom
Mark NorSMB 11:28  og sagde: «Kva rett hev du til å gjera dette, eller kven gav deg retten til å gjera det?»
Mark NorSMB 11:29  «Eg vil spyrja dykk um ein ting,» sagde Jesus. «Svara meg, so skal eg segja dykk kva rett eg hev til å gjera dette:
Mark NorSMB 11:30  Var dåpen åt Johannes frå himmelen eller frå menneskje? Svara meg!»
Mark NorSMB 11:31  Då lagde dei yver med kvarandre og sagde: «Svarar me: «Frå himmelen,» so segjer han: «Kvi trudde de honom då ikkje?»
Mark NorSMB 11:32  Lat oss heller svara: «Frå menneskje!»» men det torde dei ikkje for folket; for alle trudde at Johannes var retteleg ein profet.
Mark NorSMB 11:33  So svara dei honom: «Det veit me ikkje.» «Då segjer ikkje eg dykk heller kva rett eg hev til å gjera dette,» sagde Jesus.