Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ACTS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 14
Acts NorSMB 14:1  So hende det seg i Ikonium, at dei gjekk saman inn i synagoga til jødarne, og tala soleis at ein stor mengd både med jødar og grækarar trudde.
Acts NorSMB 14:2  Men dei jødar som ikkje trudde, øste upp og sette vondt i hugen åt heidningarne imot brørne.
Acts NorSMB 14:3  Dei drygde då der ei lang tid og tala frimodigt i Herren, som vitna for sitt nådeord, med di han let teikn og under verta gjorde ved deira hender.
Acts NorSMB 14:4  Og mengdi i byen sundra seg: nokre heldt med jødarne, andre med apostlarne.
Acts NorSMB 14:5  Men då det vart stor ågang både av heidningarne og jødarne med deira styresmenner, med di dei vilde gjera vondt med deim og steina deim,
Acts NorSMB 14:6  og då dei merka det, flydde dei til byarne i Lykaonia: Lystra og Derbe, og landet der ikring;
Acts NorSMB 14:8  Og i Lystra sat det ein mann som var magtlaus i føterne og hadde vore vanfør frå mors liv og aldri hadde gjenge.
Acts NorSMB 14:9  Han høyrde Paulus tala, og då han stirde på honom og såg at han hadde tru på å verta lækt, sagde han med høg røyst:
Acts NorSMB 14:10  «Statt rett upp på føterne dine!» Og han sprang upp og gjekk ikring.
Acts NorSMB 14:11  Men då folket såg det som Paulus hadde gjort, lyfte dei røysti og sagde på lykaonisk: «Gudarne hev teke menneskjeskapnad på og er komne ned til oss.»
Acts NorSMB 14:12  Og dei kalla Barnabas Zeus og Paulus Hermes, av di han var den som førde ordet.
Acts NorSMB 14:13  Og presten for det Zeus-templet som var utanfor byen deira, kom til porten med uksar og kransar og vilde ofra saman med folket.
Acts NorSMB 14:14  Men då apostlarne Barnabas og Paulus høyrde det, reiv dei klædi sine sund og sprang inn i flokken,
Acts NorSMB 14:15  og ropa og sagde: «Menner, kva er det de gjer? Me er og menneskje under same kår som de, og me forkynner dykk evangeliet, at de skal venda dykk burt frå desse fåfengde gudar til den livande Gud, som gjorde himmelen og jordi og havet og alt som i deim er,
Acts NorSMB 14:16  han som i dei framfarne tiderne let alle heidningfolk ganga sine eigne vegar,
Acts NorSMB 14:17  endå han ikkje let seg utan vitnemål, men di han gjorde godt og gav dykk regn og grøderike tider frå himmelen, og metta hjarto dykkar med føda og fagnad.»
Acts NorSMB 14:18  Og ved å segja dette var det med naudi dei heldt folket frå å ofra til deim.
Acts NorSMB 14:19  Men det kom jødar dit frå Antiokia og Ikonium og eggja upp mengdi, og dei steina Paulus og drog honom ut or byen i den tru at han var slokna.
Acts NorSMB 14:20  Men medan læresveinarne stod um honom, reiste han seg upp og gjekk inn til byen. Og dagen etter gjekk han med Barnabas ut til Derbe.
Acts NorSMB 14:21  Og då dei hadde forkynt evangeliet der i byen og gjort mange til læresveinar, vende dei um att til Lystra og Ikonium og Antiokia,
Acts NorSMB 14:22  og dei styrkte sjælerne hjå læresveinarne og talde deim til å halda fast ved trui og sagde: «Me lyt ganga inn i Guds rike gjenom mange trengslor.»
Acts NorSMB 14:23  Og då dei hadde valt eldste åt deim for kvar kyrkjelyd, heldt dei bøn og fasta, og yvergav deim til den Herre som dei trudde på.
Acts NorSMB 14:25  og då dei hadde tala ordet i Perge, for dei ned til Attalia.
Acts NorSMB 14:26  Derifrå siglde dei til Antiokia, der som dei hadde vorte yvergjevne til Guds nåde til den gjerning som dei hadde fullført.
Acts NorSMB 14:27  Då dei kom dit, samla dei kyrkjelyden og fortalde kor store ting Gud hadde gjort ved deim, og at han hadde opna døri til tru for heidningarne.
Acts NorSMB 14:28  Og dei drygde der ikkje so kort tid saman med læresveinarne.