Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
DEUTERONOMY
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 12
Deut NorSMB 12:1  Dette er dei loverne og bodi de skal halda dykk etter i det landet som Herren, fedreguden dykkar, hev gjeve dykk; lat deim aldri ganga dykk or minne so lenge de liver på jordi:
Deut NorSMB 12:2  Der som dei folki de tek landet frå, hev dyrka gudarne sine, der skal de gjera det audt, på dei høge fjell og på haugar og under sigrøne tre.
Deut NorSMB 12:3  De skal riva ned altari deira, og slå sund minnesteinarne; dei heilage trei deira skal de brenna, og hogga sund gudebilæti, og rydja ut namni deira der dei hev vore.
Deut NorSMB 12:4  Når de dyrkar Herren, dykkar Gud, skal de ikkje fara åt som dei folki gjorde;
Deut NorSMB 12:5  de skal søkja til den staden som Herren, dykkar Gud, vel seg til bustad i eit av fylki dykkar; dit skal du koma,
Deut NorSMB 12:6  og dit skal de føra brennofferi og slagtofferi dykkar, og tiendi og reidorne dykkar, og gåvorne dykkar, både deim de hev lova, og deim de gjev i godvilje, og frumsungarne av storfeet og småfeet dykkar.
Deut NorSMB 12:7  Og der skal de halda måltid for Herrens åsyn, de og huslydarne dykkar, og gleda dykk i alt det de hev vunne med arbeidet dykkar, og som Herren, dykkar Gud, hev velsigna dykk med.
Deut NorSMB 12:8  De må ikkje gjera so som me gjer her i dag - for no gjer kvar det han sjølv held for rett -
Deut NorSMB 12:9  av di de endå ikkje er komne til den heimen og den odelseigni som Herren vil gjeva dykk.
Deut NorSMB 12:10  Men når de hev gjenge yver Jordan, og sett dykk ned i det landet som Herren, dykkar Gud, gjev dykk til odel og eiga, og han hev gjeve dykk ro for alle fiendar rundt ikring, so de bur trygt,
Deut NorSMB 12:11  då vil han kåra seg ein bustad millom dykk, og dit skal det koma med alt det eg segjer dykk fyre: brennofferi og slagtofferi dykkar, tiendi og reidorne og alle dei valde gåvorne som de hev lova Herren.
Deut NorSMB 12:12  Og de skal gleda dykk for Herrens åsyn, de og sønerne og døtterne dykkar, og drengjerne og tenestgjentorne, og levitarne som bur hjå dykk; for dei hev ikkje fenge nokon arvlut tilliks med dykk.
Deut NorSMB 12:13  Agta deg at du ikkje ber fram brennofferi dine kvar du kjem på det.
Deut NorSMB 12:14  På den staden som Herren vel seg ut i eit av fylki dykkar, der skal du ofra brennofferi dine, og der skal du gjera alt anna eg segjer deg fyre.
Deut NorSMB 12:15  Men elles kann de slagta, og eta kjøt so mykje du hev hug til, i alle heimarne dykkar, etter som Herren, dykkar Gud, gjev dykk råd til. Både ureine og reine kann eta det, liksom det var gasella eller hjort,
Deut NorSMB 12:16  so nær som blodet; det må de ikkje eta; de skal slå det ut på marki liksom vatn.
Deut NorSMB 12:17  Tiendi av kornet ditt og av vinen og oljen, og frumsungarne av storfeet og småfeet ditt, og loveofferi som du hev vigt, og gåvorne som du gjev i godvilje, og reidorne som du ber fram, det må du ikkje eta heime i di eigi bygd.
Deut NorSMB 12:18  For Herrens åsyn, på den staden han vel seg ut, skal du eta det, du og son sin og dotter di, og drengen og tenestgjenta, og leviten som bur innan portarne dine, og du skal gleda deg for Herrens åsyn i alt det du hev vunne med arbeidet ditt;
Deut NorSMB 12:19  men agta deg at du aldri gløymer leviten so lenge du liver i landet ditt!
Deut NorSMB 12:20  Når Herren, din Gud, aukar riket ditt, soleis som han hev lova deg, og du tenkjer som so: «No vil eg eta kjøt,» av di du hev hug på kjøt, so kann du eta kjøt so mykje du vil.
Deut NorSMB 12:21  Hev du lang veg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad, so må du gjera som eg hev sagt, og slagta noko av storfeet og småfeet som Herren hev gjeve deg, og eta det i bygdi di, so mykje som du hev hug til.
Deut NorSMB 12:22  Men du må eta det liksom det var gasella eller hjort; både ureine og reine kann eta det.
Deut NorSMB 12:23  Men kom i hug at du ikkje et blodet! For i blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.
Deut NorSMB 12:24  Du må ikkje eta blodet; du skal slå det ut på marki liksom vatn.
Deut NorSMB 12:25  Et det ikkje, so skal det ganga deg vel, og borni dine og, for di du gjer det som er rett i Herrens augo.
Deut NorSMB 12:26  Men vigslegåvorne som du vil gjeva og loveofferi, skal du taka og føra til den staden som Herren hev valt seg ut.
Deut NorSMB 12:27  Brennofferi dine skal du ofra på Herrens altar, både kjøtet og blodet; av slagtofferi skal blodet hellast ut på altaret; men kjøtet kann du eta.
Deut NorSMB 12:28  Lyd då etter alle desse ordi som eg segjer deg no, og ber deim i hugen, so det kann ganga deg og borni dine vel i all æva, for di du gjer det som er godt og rett i augo åt Herren, din Gud!
Deut NorSMB 12:29  Når Herren, din Gud, hev rudt ut for deg dei folki du no fer imot og vil driva burt, og når du hev jaga deim ut og sett deg ned i landet deira,
Deut NorSMB 12:30  agta deg då at du ikkje vert dåra og fylgjer i fotfaret deira, etter dei hev vorte utøydde for augo dine! Du skal ikkje spyrja etter gudarne deira og segja: «Korleis tente desse folki gudarne sine? Eg vil gjera som dei.»
Deut NorSMB 12:31  Far aldri åt som dei gjer, når du dyrkar Herren, din Gud; for alt det som Herren mislikar, og som er ein styggedom hans augo, det gjer dei for gudarne sine; jamvel sønerne og døtterne sine brenner dei til æra for desse gudarne sine.
Deut NorSMB 12:32  Alt det eg segjer dykk fyre, skal de gøyma i hjarta, og liva etter det; de må ingen ting leggja attåt, og ingen ting taka ifrå.