Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
GALATIANS
1 2 3 4 5 6
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Gala NorSMB 3:1  Å, de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest?
Gala NorSMB 3:2  Berre det vil eg få vita av dykk: Fekk det Anden ved lovgjerningar eller ved å høyra trui forkynt?
Gala NorSMB 3:3  Er de so uvituge? De tok til i ånd; vil de no fullenda i kjøt?
Gala NorSMB 3:4  So mykje hev de røynt til unyttes? - um det då elles er til unyttes.
Gala NorSMB 3:5  Og han som gjev dykk Anden og gjer kraftverk millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved å forkynna trui?
Gala NorSMB 3:6  Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.
Gala NorSMB 3:7  Difor skal de vita, at dei som hev tru, dei er Abrahams born.
Gala NorSMB 3:8  Men Skrifti såg fyreåt at Gud vilde gjera heidningarne rettferdige ved tru, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: «I deg skal alle folkeslag verta velsigna.»
Gala NorSMB 3:9  So vert då dei som hev tru, velsigna med den truande Abraham.
Gala NorSMB 3:10  For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: «Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer etter det.»
Gala NorSMB 3:11  Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynlegt; for «den rettferdige, ved tru skal han liva.»
Gala NorSMB 3:12  Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men «den som gjer so, skal liva ved det.»
Gala NorSMB 3:13  Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, då han vart ei forbanning for oss - for det er skrive: «Forbanna er kvar den som heng på eit tre» -
Gala NorSMB 3:14  so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningarne i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova.
Gala NorSMB 3:15  Brør! eg talar på menneskjevis. Ingen gjer då ei pakt av eit menneskje ugild eller legg noko til etter ho er stadfest.
Gala NorSMB 3:16  Men lovnaderne vart gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: «Og ættingarne» liksom um mange, men som um ein: «Og di ætt», og det er Kristus.
Gala NorSMB 3:17  Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes.
Gala NorSMB 3:18  For er arven av lov, so er han ikkje meir av lovnad; men Gud gav Abraham honom ved lovnad.
Gala NorSMB 3:19  Kva skulde so lovi til? Ho vart sett attåt for misgjerderne skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt um - tilskipa av englar, ved ein millommanns hand;
Gala NorSMB 3:20  men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.
Gala NorSMB 3:21  Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde magt til å gjera livande, so kom rettferdi verkeleg av lovi.
Gala NorSMB 3:22  Men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved tru på Jesus Kristus verta gjeve deim som trur.
Gala NorSMB 3:23  Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast.
Gala NorSMB 3:24  So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru.
Gala NorSMB 3:25  Men no, då trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren;
Gala NorSMB 3:26  for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus.
Gala NorSMB 3:27  For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus.
Gala NorSMB 3:28  Her er ikkje jøde eller grækar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus.
Gala NorSMB 3:29  Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.