GENESIS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
Chapter 7
| Gene | NorSMB | 7:1 | So sagde Herren til Noah: «Gakk inn i arki, du og heile ditt hus! For deg hev eg røynt for ein rettvis millom deim som no liver. | |
| Gene | NorSMB | 7:2 | Av alle reine dyr skal du taka deg ut sju par, han og ho, og av dei dyri som ikkje er reine, eitt par, han og ho; | |
| Gene | NorSMB | 7:3 | like eins av fuglarne i lufti sju par, han og ho, so elde kann haldast i live utyver all jordi. | |
| Gene | NorSMB | 7:4 | For um sju dagar vil eg lata det regna på jordi i fyrti jamdøger, og rydja ut av verdi kvart liv eg hev skapt.» | |
| Gene | NorSMB | 7:7 | Då gjekk Noah og sønerne hans og kona hans og konorne åt sønerne hans med honom inn i arki, og berga seg for flaumen. | |
| Gene | NorSMB | 7:8 | Og av dei reine dyri, og av dei dyri som ikkje er reine, og av fuglarne, og av alt det som krelar på marki, | |
| Gene | NorSMB | 7:11 | Den syttande dagen i den andre månaden i det året då Noah fyllte seks hundrad år, den dagen brast alle brunnar i stordjupet, og himmellukorne let seg upp. | |
| Gene | NorSMB | 7:13 | Denne same dagen gjekk Noah, og Sem og Kham og Jafet, sønerne hans Noah, og kona hans Noah, og dei tri sonekonorne hans med deim inn i arki, | |
| Gene | NorSMB | 7:14 | dei og alle villdyr, kvart etter sitt slag, og alt bufe, kvart etter sitt slag, og alt krek som krelar på jordi, kvart etter sitt slag, og alle fuglar, kvar etter sitt slag: alt som kvitrar, alt som hev vengjor. | |
| Gene | NorSMB | 7:16 | Og dei som kom inn, var han og ho av alt kjøt, so som Gud hadde sagt honom fyre. Og Herren let att etter honom. | |
| Gene | NorSMB | 7:17 | So kom flodi veltande yver jordi i fyrti dagar, og vatnet auka, og lyfte arki, so ho flaut upp ifrå jordi. | |
| Gene | NorSMB | 7:19 | Og vatnet steig høgre og høgre yver jordi, so alle dei høge fjelli under heile himmelen vart gøymde. | |
| Gene | NorSMB | 7:21 | Då døydde alt kjøt som røyvde seg på jordi, både fuglar og bufe og villdyr og alt det som urde og krydde på jordi, og alt folket. | |
| Gene | NorSMB | 7:23 | So rudde han ut kvart liv som på jordi fanst, både folk og fe og krek og fuglarne i lufti. Dei vart utrudde av verdi, og att vart berre Noah og det som var med honom i arki. | |