Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
HEBREWS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next
Chapter 7
Hebr NorSMB 7:1  For denne Melkisedek, konge i Salem og den høgste Guds prest, han som gjekk Abraham til møtes då han kom att frå sin siger yver kongarne, og som velsigna honom,
Hebr NorSMB 7:2  som Abraham og gav tiend av alt; han som er, når hans namn vert utlagt, fyrst rettferds konge, dinæst og Salems konge, det er freds konge,
Hebr NorSMB 7:3  som er utan far, utan mor, utan ættartal, og som korkje hev dagars byrjing eller livs ende, men er gjord lik med Guds son: han vert prest for alltid.
Hebr NorSMB 7:4  Og sjå kor stor han er, som Abraham, patriarken, endå gav tiend av herfanget!
Hebr NorSMB 7:5  Og dei av Levi søner som fær prestedømet, hev påbod um å taka tiend etter lovi av folket, det er av sine brør, endå desse er komne or Abrahams lend.
Hebr NorSMB 7:6  Men denne, som ikkje reknar si ætt frå deim, han tok tiend av Abraham og velsigna den som hadde lovnaderne.
Hebr NorSMB 7:7  Men utan all motsegn er det den ringare som vert velsigna av den høgre.
Hebr NorSMB 7:8  Og her er det døyelege menneskje som tek tiend, men der ein som det vert vitna um at han liver.
Hebr NorSMB 7:9  Og um eg so må segja: Gjenom Abraham hev endå Levi, som tek tiend, sjølv gjeve tiend;
Hebr NorSMB 7:10  for han var endå i sin fars lend då Melkisedek gjekk honom til møtes.
Hebr NorSMB 7:11  Var det då fullkomenskap å vinna ved det levitiske prestedømet - for det var folket bunde til ved lovi - kvi turvest det då at ein annan prest skulde verta uppstelt etter Melkisedeks vis og ikkje verta nemnd etter Arons vis?
Hebr NorSMB 7:12  For når prestedømet vert umskift, vert det naudsynleg og eit umskifte med lovi.
Hebr NorSMB 7:13  For han som dette vert sagt um, høyrde til ei onnor ætt, og ingen av henne hev tent for altaret.
Hebr NorSMB 7:14  Det er kjent nok at vår Herre er upprunnen av Juda, og til den ætti hev ikkje Moses tala noko um prestar.
Hebr NorSMB 7:15  Og det er endå meir openbert, når ein annan prest vert uppstelt i likning med Melkisedek,
Hebr NorSMB 7:16  ein som ikkje hev vorte det etter eit kjøtlegt bods lov, men etter eit uforgjengelegt livs kraft.
Hebr NorSMB 7:17  For han vitnar: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.»
Hebr NorSMB 7:18  For eit bod som fyrr galdt, vert avlyst, av di det var magtlaust og gagnlaust
Hebr NorSMB 7:19  - for lovi førde ingen ting fram til fullkomenskap - og ei betre von vert innførd, som me nærmar oss til Gud med.
Hebr NorSMB 7:21  - for hine hev vorte prestar utan eid, men denne med eid ved den som segjer til honom: «Herren hev svore, og han skal ikkje angra det: «Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis»» -
Hebr NorSMB 7:22  so visst er det ei hævare pakt som Jesus hev vorte borgsmann for.
Hebr NorSMB 7:23  Og hine prestarne hev vore fleire, då dei ved dauden vart hindra i å halda ved.
Hebr NorSMB 7:24  Men denne hev eit uforgjengelegt prestedøme, av di han vert verande til æveleg tid.
Hebr NorSMB 7:25  Difor kann han og fullkomleg frelsa deim som kjem til Gud ved honom, med di han liver alltid til å ganga i bøn for deim.
Hebr NorSMB 7:26  For me laut og hava ein sovoren øvsteprest som er heilag, uskuldig, rein, skild frå syndarar og upphøgd yver himlarne,
Hebr NorSMB 7:27  ein som ikkje dagleg treng til, som øvsteprestarne, å bera fram offer fyrst for sine eigne synder og so for synderne åt folket; for det gjorde han ein gong for alle då han ofra seg sjølv.
Hebr NorSMB 7:28  For lovi set til øvsteprestar menneskje som hev vesaldom; men den eids ord som kom etter lovi, set Sonen inn, han som er fullenda for all æva.