Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I KINGS
Prev Up Next
Chapter 15
I Ki NorSMB 15:1  I det attande styringsåret åt Jerobeam Nebatsson vart Abiam konge yver Juda.
I Ki NorSMB 15:2  Tri år styrde han i Jerusalem; mor hans heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
I Ki NorSMB 15:3  Og han fylgde far sin i alle dei syndar som han hadde gjort fyre honom, og hjarta hans var ikkje heilt med Herren, hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
I Ki NorSMB 15:4  Men for David skuld gav Herren, hans Gud, honom ei lampa i Jerusalem, med di han lyfta upp son hans etter honom og let Jerusalem få standa,
I Ki NorSMB 15:5  for di David hadde gjort det som rett var i Herrens augo og ikkje vike ifrå noko av det han hadde bode honom, so lenge han livde, so nær som i saki med hetiten Uria.
I Ki NorSMB 15:6  Millom Rehabeam og Jerobeam var det ufred so lenge han livde.
I Ki NorSMB 15:7  Det som elles er å fortelja um Abiam og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Abiam og Jerobeam låg i ufred med kvarandre.
I Ki NorSMB 15:8  Og Abiam lagde seg til kvila hjå federne sine, og dei gravlagde honom i Davidsbyen; og Asa, son hans, vart konge i staden hans.
I Ki NorSMB 15:9  I tjugande året åt Jerobeam, kongen i Israel, vart Asa konge i Juda.
I Ki NorSMB 15:10  Han styrde eitt og fyrti år i Jerusalem. Hans mor heitte Ma’aka Abisalomsdotter.
I Ki NorSMB 15:11  Og Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans.
I Ki NorSMB 15:12  Han jaga utukt-sveinarne ut or landet, og fekk burt alle dei skarnsgudarne som far hans hadde laga.
I Ki NorSMB 15:13  Og jamvel mor si, Ma’aka, sette han ifrå hennar dronningrang, for di ho hadde late gjera eit styggjelegt bilæte for Asjera; Asa hogg ned det stygge bilætet hennar og brende det i Kidronsdalen.
I Ki NorSMB 15:14  Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt; like vel var hjarta åt Asa heilt med Herren, so lenge han livde.
I Ki NorSMB 15:15  Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Herrens hus, sylv og gull og ymse ting.
I Ki NorSMB 15:16  Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
I Ki NorSMB 15:17  Basea, Israels-kongen, drog upp imot Juda og bygde ei borg i Rama, av di han vilde hindra at nokon drog ut eller inn hjå Asa, kongen i Juda.
I Ki NorSMB 15:18  Då tok Asa alt det sylv og gull som var att i skattkammeri i Herrens hus og i skattkammeret i kongsgarden og lagde det i handi åt tenarane sine; so sende han dei til Benhadad, son åt Tabrimmon Hezjonsson, syrarkongen, som budde i Damaskus, med dei ordi:
I Ki NorSMB 15:19  «Det er eit samband millom meg og deg, sameleis som millom far min og far din. Her sender eg deg ei gåva i sylv og gull. Gjer no vel og brjot sambandet ditt med Basea, Israels-kongen, so han lyt draga burt ifrå meg!»
I Ki NorSMB 15:20  Og Benhadad lydde kong Asa og sende herførarane sine imot byarne i Israel og herja Ijon, Dan, Abel-Bet-Ma’aka og heile Kinnerot umfram heile Naftalilandet.
I Ki NorSMB 15:21  Då Basea no høyrde det, slutta han med borgbyggjingi i Rama og heldt seg sidan i ro i Tirsa.
I Ki NorSMB 15:22  Men kong Asa baud ut heile Juda - ikkje ein var friteken - og dei tok burt steinar og trevyrke som Basea hadde bruka til byggverket i Rama; og med det gjorde no kong Asa Geba i Benjamin og Mispa til borgbyar.
I Ki NorSMB 15:23  Det som elles er å fortelja um Asa, um alle storverki hans og alt han gjorde, um byarne som han bygde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne. Men på sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føterne.
I Ki NorSMB 15:24  Og Asa lagde seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd hjå federne sine i byen åt David, far sin. Og Josafat, son hans, vart konge i staden hans.
I Ki NorSMB 15:25  Nadab Jerobeamsson vart konge i Israel i det andre styringsåret åt Juda-kongen Asa og rådde yver Israel i tvo år.
I Ki NorSMB 15:26  Han gjorde det som vondt var i Herrens augo og stemnde fram på vegen til far sin og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.
I Ki NorSMB 15:27  Men Basea Ahiason av Issakars hus fekk til ei samansverjing imot honom, og Basea slo honom i hel ved Gibbeton, som høyrde filistarane til; Nadab med heile Israel heldt då på å kringsette Gibbeton.
I Ki NorSMB 15:28  Basea drap honom i det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa, og han vart so konge i staden hans.
I Ki NorSMB 15:29  Og då han var konge vorten, slo han i hel heile Jerobeams hus; han let det ikkje vera att ei livande sjæl av Jerobeams hus, men gjorde ende på, etter det ord som Herren hadde tala ved tenaren sin, siloniten Ahia;
I Ki NorSMB 15:30  det var for dei synder skuld som Jerobeam hadde gjort, og som han hadde fenge Israel til å gjera, og for di han soleis hadde harma Herren, Israels Gud.
I Ki NorSMB 15:31  Det som elles er å fortelja um Nadab og um alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Israels-kongarne.
I Ki NorSMB 15:32  Millom Asa og Basea, kongen i Israel, var det ufred so lenge dei livde.
I Ki NorSMB 15:33  I det tridje styringsåret åt Juda-kongen Asa vart Basea Ahiason konge yver heile Israel i Tirsa, og det var han i fire og tjuge år.
I Ki NorSMB 15:34  Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og stemnde fram på Jerobeams veg og i den synd som han hadde fenge Israel til å gjera.