Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
I SAMUEL
Prev Up Next
Chapter 24
I Sa NorSMB 24:1  David drog upp derifrå, og heldt seg so i fjellborgerne i En-Gedi.
I Sa NorSMB 24:2  Då Saul kom heim att frå herferdi mot filistarane, fekk han tiend at David var i øydemarki En-Gedi.
I Sa NorSMB 24:3  Då tok Saul tri tusund mann, utvalde or heile Israel, og drog av stad på leit etter David og kararne hans austum Steinbukk-hamrarne.
I Sa NorSMB 24:4  Han kom til sauegardarne attmed vegen; der var det ein heller; og der inn gjekk Saul for seg sjølv. David og kararne hans sat inst i helleren.
I Sa NorSMB 24:5  Då sagde folki åt David med honom: «No er dagen komen som Herren nemde med deg: «Eg vil gjeva uvenen din i handi di, so du kann gjera med honom etter eige tykkje.»» David reis upp og skar i løyndom ein snipp av kappa åt Saul.
I Sa NorSMB 24:6  Men so fekk David samvitsagg, av di han hadde skore av kappesnippen for Saul.
I Sa NorSMB 24:7  Og han sagde med kararne sine: «Aldri i verdi vil Herren at eg skal gjera sovore og leggja hand på herren min som Herren hev salva; for han er den som Herren hev salva.»
I Sa NorSMB 24:8  David truga kararne sine med strenge ord og gav deim ikkje lov til å falla yver Saul. Men då Saul reis upp og gjekk ut or helleren og skulde fara lenger,
I Sa NorSMB 24:9  då reis David og upp, gjekk ut or helleren og ropa etter Saul: «Herre konge!» Då Saul såg seg attende, kasta David seg å gruve på jordi. Han bøygde seg,
I Sa NorSMB 24:10  og ropa til Saul: «Kvi høyrer du på det folk segjer, at David lurar på eitkvart ilt mot deg?
I Sa NorSMB 24:11  Med eigne augo hev du set i dag kor eg sparde deg, endå Herren hadde gjeve deg i mi hand i helleren, og dei rådde meg til å drepa deg. Men eg sparde deg, med di eg tenkte: «Ikkje vil eg leggja hand på herren min; for han er den Herren salva.»
I Sa NorSMB 24:12  Sjå sjølv, far! ja sjå her snippen av kappa di i mi hand! Når eg skar av kappesnippen og ikkje drap deg, so må du då skyna og sjå at eg ikkje etlar deg noko ilt eller noko brot, og at eg ikkje hev gjort synd mot deg, endå du sit etter meg og vil taka livet av meg.
I Sa NorSMB 24:13  Herren skal døma oss imillom, og Herren skal hemna meg på deg. Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
I Sa NorSMB 24:14  Det er som det gamle ordtøket segjer: «Frå dei vonde kjem vondskap.» Men mi hand skal ikkje vera lyft mot deg.
I Sa NorSMB 24:15  Kven er det Israels konge hev drege ut imot? Kven er det du forfylgjer? Ein daud hund! ei einsleg loppa!
I Sa NorSMB 24:16  Herren skal vera domar og døma oss imillom. Han skal sjå til og føra mi sak, ja døma meg fri frå deg.»
I Sa NorSMB 24:17  Då David hadde tala ut med Saul, ropa Saul til David: «Er det di røyst dette, David, son min?» Og Saul sette i og gret.
I Sa NorSMB 24:18  Og han sagde til David: «Retten er på di sida og ikkje på mi. Du hev gjort godt mot meg, medan eg hev gjort ilt mot deg.
I Sa NorSMB 24:19  I dag hev du synt kor god du er mot meg, med di du ikkje drap meg, endå Herren hadde gjeve meg i di hand.
I Sa NorSMB 24:20  Når ein råkar uvenen sin, plar ein då lata honom fara i fred? Herren gjeva deg lika for det gode du synte meg i dag!
I Sa NorSMB 24:21  Sjå no skynar eg at du skal verta konge, og at kongedømet yver Israel skal vera fast i di hand.
I Sa NorSMB 24:22  Men gjer no eid ved Herren at du ikkje vil rydja ut mi ætt etter meg og ikkje strjuka ut namnet mitt or ætti mi!» David gjorde den eiden til Saul. So for Saul heim. David og kararne hans drog upp i fjellborgi.