Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II SAMUEL
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
II S NorSMB 2:1  Sidan spurde David Herren: «Skal eg draga upp til ein av byarne i Juda?» Herren svara ja. «Kvar helst?» spurde David. Herren svara: «Til Hebron.»
II S NorSMB 2:2  So drog David dit med båe konorne sine, Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona åt Nabal frå Karmel.
II S NorSMB 2:3  David førde ogso fylgjesveinarne sine dit upp med huslydarne sine; og dei busette seg i byarne kringum Hebron.
II S NorSMB 2:4  Då kom Juda-folket dit og salva David til konge yver Juda-ætti. Då David fekk høyra at det var folket i Jabes i Gilead som hadde gravlagt Saul,
II S NorSMB 2:5  sende han bod til folket i Jabes i Gilead og sagde til deim: «Velsigna av Herren vere de som gjorde denne sælebotstenesta mot Saul, herren dykkar, at det gravlagde honom.
II S NorSMB 2:6  So vise då Herren dykk kjærleik og truskap! Sjølv vil eg løna dykk vel for de gode de gjorde.
II S NorSMB 2:7  Ver då urædde, og dugande karar! Saul, herren dykkar, er dåen; men meg hev Juda-ætti salva til konge yver seg.»
II S NorSMB 2:8  Abner Nersson, herhovdingen åt Saul, tok Isboset Saulsson og førde honom yver til Mahanajim,
II S NorSMB 2:9  og gjorde honom til konge yver Gilead, yver asuritarne og Jizre’el, yver Efraim, yver Benjamin, og yver heile Israel.
II S NorSMB 2:10  Isboset Saulsson var fyrti år gamall då han vart konge yver Israel, og han var konge i tvo år. Einast Juda-ætti fylgde David.
II S NorSMB 2:11  Og den tidi David var konge i Hebron yver Juda-ætti, var sju år og seks månader.
II S NorSMB 2:12  Abner Nersson drog ut frå Mahanajim til Gibeon med folket åt Isboset Saulsson.
II S NorSMB 2:13  Joab Serujason og Davids folk drog ut dei og. Og dei møttest ved Gibeontjørni. Der stogga dei på kvar si sida av tjørni.
II S NorSMB 2:14  Abner sagde til Joab: «Lat nokre av sveinarne våre koma fram og halda våpnleik for oss!» «Ja vel,» svara Joab.
II S NorSMB 2:15  Dei kom og møtte fram like mange i tal: tolv av Benjamin for Isboset Saulsson, og tolv av Davids folk.
II S NorSMB 2:16  Dei treiv kvarandre kring hovudet, og rende sverdi i sida på kvarandre, so dei fall alle i hop. Difor heitar den staden Sverdåkeren; han ligg attmed Gibeon.
II S NorSMB 2:17  Då vart det ein ovhard strid den dagen. Abner og Israels-mennerne vart slegne av Davids folk.
II S NorSMB 2:18  Tri søner av Seruja var med i striden: Joab, Ahisai og Asael. Asael var lettføtt som ei hind i heidi.
II S NorSMB 2:19  Og Asael forfylgde Abner, og veik korkje til høgre eller vinstre frå Abner.
II S NorSMB 2:20  Abner vende seg og sagde: «Er du Asael?» Han svara ja.
II S NorSMB 2:21  Abner sagde til honom: «Vend deg ei onnor leid, til høgre eller til vinstre! Tak på ein av sveinarne, og freista taka våpni hans!» Men Asael vilde ikkje slutta å elta honom.
II S NorSMB 2:22  Abner heldt endå fram og ropa til Asael: «Lat meg vera! elles lyt eg slå deg til jordi; og korleis skal eg då sjå Joab, bror din, i augo?»
II S NorSMB 2:23  Men han vilde ikkje slutta. Og so støytte Abner bakenden av spjotet inn i magen hans, so spjotet gjekk ut gjenom ryggen. Og det vart hans bane. Alle stogga når dei kom dit Asael fall og døydde.
II S NorSMB 2:24  Joab og Abisai forfylgde Abner. Men då soli gladde, var dei komne til Ammahaugen, beint imot Giah, på vegen til Gibeons-øydemarki.
II S NorSMB 2:25  Då samla dei seg, Benjamins-folki, attum Abner, so dei vart til ein flokk, og fylkte seg på toppen av ein og same haugen.
II S NorSMB 2:26  Abner ropa til Joab: «Skal då sverdet halda på og øyde i all æva? Skynar du ikkje at dette tek ein beisk ende? Kor lenge vil du drygja fyrr du byd folki dine slutta å elta brørne sine?»
II S NorSMB 2:27  Joab svara: «So sant Gud liver: hadde du ikkje tala, so vilde folket ha slutta å elta brørne sine alt frå morgonen.»
II S NorSMB 2:28  Joab let blåsa i luren. Alle stana, og slutta å elta Israel. Og so heldt dei upp å slåst.
II S NorSMB 2:29  Abner og kararne hans for yver heidi heile natti; dei gjekk yver Jordan og for gjenom heile Bitron, og kom so til Mahanajim.
II S NorSMB 2:30  Då Joab hadde slutta å elta Abner, samla han alt folket. Då sakna dei nittan mann av Davids folk, forutan Asael.
II S NorSMB 2:31  David folk hadde drepe tri hundrad og seksti mann av benjaminitarne og Abner-folket.
II S NorSMB 2:32  Dei tok Asael og gravlagde honom i farsgravi i Betlehem. So gjekk dei heile natti, Joab og mennerne hans, og kom ved dagsprett til Hebron.