ISAIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
53
54
55
56
57
58
59
60
61
62
63
64
65
66
Chapter 15
Isai | NorSMB | 15:1 | Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på. | |
Isai | NorSMB | 15:2 | Dei stig upp til huset og til Dibon på haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg på Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka. | |
Isai | NorSMB | 15:3 | På gatorne sveiper dei sekk um seg, på tak og på torg jamrar deim alle, tårorne fløymer. | |
Isai | NorSMB | 15:4 | Hesbon og El’ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennerne åt Moab seg! hans sjæl skjelv i honom. | |
Isai | NorSMB | 15:5 | Hjarta mitt klagar yver Moab, for rømingarne hans flyr radt til Soar, til Triårs-kviga; gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, og på vegen til Horonajim jamrar dei høgt yver øydeleggjingi. | |
Isai | NorSMB | 15:6 | Ja, Nimrimsvatni vert øydemarker, graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå. | |
Isai | NorSMB | 15:8 | Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Eglajim når deira våling, og til Be’er-Elim når deira våling. | |