ROMANS
Chapter 16
Roma | NorSMB | 16:1 | Eg legg eit godt ord inn for Føbe, syster vår, som er tenar for kyrkjelyden i Kenkreæ, | |
Roma | NorSMB | 16:2 | at de tek imot henne i Herren, som det sømer dei heilage, og hjelper henne med alt som ho treng av dykk; for ho hev vore til hjelp for mange, ja for meg sjølv og. | |
Roma | NorSMB | 16:4 | dei hev våga sitt eige liv for meg, og ikkje berre eg takkar deim, men og alle kyrkjelydar av heidningarne - | |
Roma | NorSMB | 16:5 | og helsa kyrkjelyden i deira hus. Helsa Epænetus, min kjære, som er fyrstegrøda av Asia for Kristus. | |
Roma | NorSMB | 16:7 | Helsa Andronikus og Junias, mine skyldfolk og medfangar, dei er namngjetne millom apostlarne, og dei kom og til Kristus fyre meg. | |
Roma | NorSMB | 16:10 | Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus. Helsa deim som høyrer til Aristobulus’ hus. | |
Roma | NorSMB | 16:12 | Helsa Tryfæna og Tryfosa, som hev arbeidt i Herren. Helsa Persis, den kjære, ho hev arbeidt mykje i Herren. | |
Roma | NorSMB | 16:15 | Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas og alle dei heilage som er hjå deim. | |
Roma | NorSMB | 16:17 | Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de hev augo med deim som veld usemja og støytarne mot den læra som de hev lært, og haldt dykk ifrå deim. | |
Roma | NorSMB | 16:18 | For slike folk tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sine fagre ord og sin smeikjande tale dårar dei hjarto på dei godtrugne. | |
Roma | NorSMB | 16:19 | For ordet um dykkar lydnad er kome utyver til alle; difor gled eg meg yver dykk, men eg ynskjer at de skal vera vise til det gode og reine for det vonde. | |
Roma | NorSMB | 16:20 | Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føterne dykkar! Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk! | |
Roma | NorSMB | 16:21 | Timoteus, min medarbeidar, og Lukius og Jason og Sosipater, skyldingarne mine, helsar dykk. | |
Roma | NorSMB | 16:23 | Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, og broderen Kvartus. | |
Roma | NorSMB | 16:25 | Men han som er megtig til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider, | |
Roma | NorSMB | 16:26 | men no er komen til synes, og i profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru, | |