Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ISAIAH
Prev Up Next
Chapter 56
Isai NorSMB 56:1  So segjer Herren: Tak vare på rett og gjer rettferd! For mi frelsa er alt i kjømdi, og mi rettferd skal syna seg snart.
Isai NorSMB 56:2  Sæl er den mann som gjerer dette, den menneskja som held fast på det, som held kviledagen utan vanhelging og varar si hand frå vonde verk.
Isai NorSMB 56:3  Den framande må ikkje segja, han som held seg til Herren: «Herren vil skilja meg frå sitt folk!» Og gjeldingen må ikkje segja: «Sjå, eg er eit turka tre!»
Isai NorSMB 56:4  For so segjer Herren: Dei gjeldingar som held mine kviledagar, som vel det som er min vilje, og som held fast på mi pakt,
Isai NorSMB 56:5  åt deim skal eg i mitt hus og innanfor mine murar gjeva eit namn og eit minne som er betre enn søner og døtter; eit æveleg namn gjev eg deim, eit namn som aldri øydest.
Isai NorSMB 56:6  Og dei framandfødde som held seg til Herren og vil tena honom og elska Herrens namn, og vil vera hans tenarar, kvar som held kviledagen utan vanhelging, og held fast på mi pakt,
Isai NorSMB 56:7  deim vil eg føra til mitt heilage berg og gleda deim i mitt bønehus, deira brennoffer og slagtoffer skal vera til hugnad på altaret mitt! For mitt hus skal kallast eit bønehus for alle folk.
Isai NorSMB 56:8  So segjer Herren, Herren, som samlar dei spreidde av Israel: Endå fleire samlar eg til han attåt deim som er samla.
Isai NorSMB 56:9  Alle villdyr i marki, kom og et, ja, alle villdyr i skogen!
Isai NorSMB 56:10  Vaktmennerne her er alle blinde, dei skyner ingen ting. Alle er dei mållause hundar som ikkje kann gøy, dei ligg og drøymer, likar å sova;
Isai NorSMB 56:11  dei er hækne hundar, vert aldri mette, og slike folk er hyrdingar, som ikkje veit å gjeva gaum! Dei vender seg alle sin eigen veg, kvar til si eigi vinning, alle som ein.
Isai NorSMB 56:12  «Kom, eg skal henta vin, so vil me drikka rusdrykk; som i dag skal morgondagen vera, me skal hava det herlegt.»