Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
JEREMIAH
Prev Up Next
Chapter 10
Jere NorSMB 10:1  Høyr det ord som Herren talar til dykk, Israels hus!
Jere NorSMB 10:2  So segjer Herren: Ven dykk ikkje til vegen åt heidningfolki, og ræddast ikkje himmelteikni, endå um heidningarne ræddast deim.
Jere NorSMB 10:3  For dei seder folkeslagi hev, er fåfengd; for dei høgg eit tre i skogen, og treskjeraren lagar det til med øksi,
Jere NorSMB 10:4  med sylv og med gull pryder han det, med naglar og hamar fester han det, so det ikkje skal stupa.
Jere NorSMB 10:5  Dei er som ei svarva trelurk, og kann ikkje tala. Ein lyt bera deim, for dei kann ikkje ganga. Ikkje ottast deim! for dei kann ikkje skada, og å ganga hev dei heller ikkje magt til.
Jere NorSMB 10:6  Ingen er din like, Herre! Du er stor, og namnet ditt er stort i velde.
Jere NorSMB 10:7  Kven skulde ikkje ottast deg, du folkekonge! For det sømer deg, for millom alle vise hjå folki og i heile deira rike er ingen din like.
Jere NorSMB 10:8  For alle saman er uvituge og vitlause; ei fåfengleg læra! Tre er det,
Jere NorSMB 10:9  sylvplator, førde frå Tarsis, gull frå Ufaz, eit verk av ein treskjerar og av gullsmed-hender. Klædnaden deira er av blått og raudt purpur, eit verk av hage kunstmenner er dei alle.
Jere NorSMB 10:10  Men Herren er Gud i sanning; han er ein livande Gud og ein æveleg konge. For hans vreide bivrar jordi, og folkeslagi herder ikkje å standa for hans harm.
Jere NorSMB 10:11  So skal de segja med deim: Dei gudar som ikkje hev gjort himmel og jord, dei skal kverva burt frå jordi og under himmelen.
Jere NorSMB 10:12  Han hev gjort jordi med si kraft, skapt heimen med sin visdom og spana ut himmelen med sitt vit.
Jere NorSMB 10:13  Når han let røysti si ljoma, svarar dyn av vatn i himmelen, og han let skodda stiga upp frå enden av jordi, let eldingar laga regn, og sender vind ut or gøymslorne sine.
Jere NorSMB 10:14  Klumsa stend kvar ein mann og hev ikkje vit på det, skjemmast lyt kvar ein gullsmed av sitt bilæte; for dei støypte bilæti hans er berre lygn, det er ingi ånd i deim.
Jere NorSMB 10:15  Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.
Jere NorSMB 10:16  Jakobs arvlut er ikkje deim lik, for det er han som hev skapt alt, og Israel er hans odelsætt. Herren, allhers drott, er namnet hans.
Jere NorSMB 10:17  Sanka godset ditt utor landet, du lyd som sit umlægra!
Jere NorSMB 10:18  For so segjer Herren: Sjå, eg vil slengja burt deim som bur i landet denne gongen, og trengja deim so dei skal få kjenna det.
Jere NorSMB 10:19  Eie meg, kor sundbroten eg er! Ulækjande er mitt sår. Men eg segjer: «Dette er då ei liding som eg lyt bera.»
Jere NorSMB 10:20  Tjeldet mitt er øydelagt, og alle tjeldtogi mine er avslitne. Borni mine er frå meg farne og er ikkje lenger til, ingen er til som heretter kann reisa tjeldet mitt og festa upp tjelddukarne mine.
Jere NorSMB 10:21  For hyrdingarne var uvituge og søkte ikkje Herren. Difor for dei ikkje viseleg åt, og all hjordi deira vart spreidd.
Jere NorSMB 10:22  Høyr, ein ljom! sjå, det kjem, og ein stor dyn frå Norderlandet - for å gjera Juda-byarne til ei audn, til sjakal-bøle.
Jere NorSMB 10:23  Eg veit, Herre, at menneskja ikkje sjølv råder for sin veg, og at gangande mann ikkje hev magt til å styra sine stig.
Jere NorSMB 10:24  Refs meg, Herre, men med måte, ikkje i din vreide, so du ikkje skal gjera meg reint til inkjes.
Jere NorSMB 10:25  Renn harmen din ut yver heidningfolki som ikkje kjenner deg, og yver ætter som ikkje påkallar namnet ditt! For dei hev ete på Jakob, ja, ete honom upp og gjort ende på honom, og bustaden hans hev dei lagt i øyde.