JOHN
Chapter 2
John | NorSMB | 2:6 | Etter di no jødarne hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vats-kjer av stein; kvart av deim tok tvo eller tri anker. | |
John | NorSMB | 2:7 | «Fyll kjeri med vatn!» segjer Jesus til bordsveinarne. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt barden. | |
John | NorSMB | 2:9 | men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinarne visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen, og sagde til honom: | |
John | NorSMB | 2:10 | «Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no!» | |
John | NorSMB | 2:11 | Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilæa, og let sin herlegdom skina fram; og læresveinarne hans trudde på honom. | |
John | NorSMB | 2:12 | Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinarne sine, og der vart dei verande nokre få dagar. | |
John | NorSMB | 2:14 | I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar. | |
John | NorSMB | 2:15 | Då gjorde han seg ei svepa av reimar og dreiv deim alle ut or templet, og sauerne og uksarne med; småpengarne åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira, | |
John | NorSMB | 2:16 | og til duvekræmarane sagde han: «Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambud!» | |
John | NorSMB | 2:17 | Og læresveinarne kom i hug at det stend skrive: «Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.» | |
John | NorSMB | 2:18 | Då tok jødarne til ords og sagde til honom: «Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?» | |
John | NorSMB | 2:20 | «I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet,» sagde dei då, «og du vil reisa det upp att på tri dagar!» | |
John | NorSMB | 2:22 | Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinarne hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt. | |
John | NorSMB | 2:23 | Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde. | |