LEVITICUS
Chapter 21
Levi | NorSMB | 21:1 | Og Herren sagde til Moses: «Tala til prestarne, Arons-sønerne, og seg med deim: «Ein prest må ikkje gjera seg urein for landsmennerne sine med å røra noko lik, | |
Levi | NorSMB | 21:2 | minder det er ein av hans næmaste skyldfolk, anten mor eller far eller son eller dotter eller bror, | |
Levi | NorSMB | 21:3 | eller ei syster som var møy og endå høyrde til ætti, med di ho ikkje var burtgift; henne kann han koma nær, um ho ligg lik; | |
Levi | NorSMB | 21:4 | men ei som var gift kona, må han ikkje røyva; for då gjer han seg urein for landsfolket sitt, og vanhelgar seg. | |
Levi | NorSMB | 21:5 | Prestane må ikkje raka seg snaude i kruna, og ikkje stytta skjegget sitt, og ikkje skjera seg i holdet. | |
Levi | NorSMB | 21:6 | Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; di skal dei vera heilage. | |
Levi | NorSMB | 21:7 | Ingen av deim må gifta seg med ei skjøkja eller ei kvinna som er utskjemd, heller ikkje med ei som er skild frå mannen sin; heilag skal presten vera for sin Gud, | |
Levi | NorSMB | 21:8 | og du skal halda honom heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud: heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk. | |
Levi | NorSMB | 21:9 | Og dersom ei prestedotter skjemdar seg med ulivnad, so vanhelgar ho far sin: ho skal brennast på bål. | |
Levi | NorSMB | 21:10 | Den presten som er yver alle brørne sine, han som fær salvingsoljen på hovudet sitt, og vert vigd til øvsteprest og klædd i den heilage bunaden, han må ikkje ganga med uflitt hår, og ikkje riva sund klædi sine. | |
Levi | NorSMB | 21:11 | Han må ikkje ganga inn til noko lik; ikkje far eller mor di heller må han koma nær, etter dei hev andast; for då vert han urein. | |
Levi | NorSMB | 21:12 | Han må ikkje ganga ut or det heilage huset, so han vanhelgar heilagdomen åt sin Gud; for vigsla av Guds salvingsolje er yver honom. Eg er Herren! | |
Levi | NorSMB | 21:14 | Ei enkja, eller ei kvinna som er fråskild eller utskjemd, eller ei skjøkja, slik ei må han aldri gifta seg med. Berre ei møy av folket sitt må han egta; | |
Levi | NorSMB | 21:15 | elles vanhelgar han ætti si millom folket. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga honom!»» | |
Levi | NorSMB | 21:17 | «Tala til Aron og seg: «Er det nokon av ætti di no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud. | |
Levi | NorSMB | 21:18 | Ingen som det er noko lyte på, må ganga innåt, ingen som er blind eller halt eller haremynt, eller hev ein vanskapt lem | |
Levi | NorSMB | 21:20 | eller som er krylryggja eller skinnturr, eller som hev ein kvit flekk på augnesteinen, eller hev skabb eller gardorm eller slit i pungarne. | |
Levi | NorSMB | 21:21 | Ingen etterkomar av Aron, presten, som hev noko lyte, må ganga innåt og bera fram eldofferi åt Herren; det er lyte på honom: han må ikkje ganga innåt og bera fram maten for sin Gud. | |
Levi | NorSMB | 21:23 | men etter di det er lyte på honom, må han ikkje ganga fram til forhenget, og ikkje koma innåt altaret; for då vanhelgar han heilagdomarne mine. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga deim.»» | |