EXODUS
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
Chapter 14
Exod | NorSMB | 14:2 | «Seg med Israels-folket at dei skal snu um og lægra seg framanfor Pi-Hakhirot, millom Migdol og havet; beint for Ba’al-Sefon, midt imot, skal de lægra dykk utmed havet. | |
Exod | NorSMB | 14:3 | Då kjem Farao til å segja um Israels-folket: «Dei hev kome på villstig, og finn ikkje ut or heidi att.» | |
Exod | NorSMB | 14:4 | Og eg vil herda hugen åt Farao, so han set etter deim; då skal eg syna magti mi på Farao og heile heren hans, og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» So gjorde dei som Herren sagde. | |
Exod | NorSMB | 14:5 | Då kongen i Egyptarland fekk vita at Israels-folket hadde rømt landet, då skifte han hug, både han og mennerne hans, og dei sagde: «Kva hev me gjort, som slepte Israel utor tenesta?» | |
Exod | NorSMB | 14:7 | Seks hundrad utvalde vogner tok han, og sidan kvar vogn som fanst i Egyptarland, og kjempor var det på alle. | |
Exod | NorSMB | 14:8 | For Herren herde hugen åt Farao, egyptarkongen, so han sette etter Israels-folket. Israels-mennerne tok ut med verja i hand, | |
Exod | NorSMB | 14:9 | men egyptarane sette etter, alle vognhestarne åt Farao og riddarane og hermagti hans, og nådde deim att utmed havet, der dei hadde lægra seg, tett innmed Pi-Hakhirot, midt for Ba’al-Sefon. | |
Exod | NorSMB | 14:10 | Farao kom næmare og næmare, og då Israels-folket skulde sjå til, då såg dei egyptarane kom setjande etter deim. Då vart Israels-folket fælande rædde, og ropa til Herren. | |
Exod | NorSMB | 14:11 | Og dei sagde med Moses: «Fanst det då ikkje graver i Egyptarland, med di du laut hava oss hit og lata oss døy i villmarki? Kvi gjorde du oss dette og lokka oss burt frå Egyptarland? | |
Exod | NorSMB | 14:12 | Var det ikkje det me sagde med deg i Egyptarland! «Lat oss vera i fred!» sagde me, «me vil tena egyptarane; det er betre for oss, det, enn å døy i ville heidi.»» | |
Exod | NorSMB | 14:13 | Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Statt no her og sjå den hjelpi som Herren vil senda dykk i dag; for likso visst som de ser egyptarane i dag, likso visst skal de aldri sjå deim meir i all æva. | |
Exod | NorSMB | 14:15 | Og Herren sagde til Moses: «Kvi kallar du på meg? Seg med Israels-folket at dei skal taka i vegen! | |
Exod | NorSMB | 14:16 | Og du skal lyfte staven din, og retta handi ut yver havet og kløyva det, so Israels-folket kann ganga midt igjenom havet på turre botnen. | |
Exod | NorSMB | 14:17 | Men eg vil herda hugen åt egyptarane, so dei set etter deim. Då skal eg syna magti mi på Farao og heile hans her, på vognerne og riddarane hans. | |
Exod | NorSMB | 14:18 | Og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg brukar veldet mitt på Farao og vognerne og riddarane hans.» | |
Exod | NorSMB | 14:19 | Og Guds engel, som gjekk fyre Israels-heren, tukka seg og steig attum deim: skystopulen, som var framanfor deim, flutte seg og vart standande attanfor, | |
Exod | NorSMB | 14:20 | so han kom imillom egyptarane og Israels-heren; på den eine sida var han skum og myrk, og på hi sida lyste han upp natti, og herarne kom ikkje innåt kvarandre heile natti. | |
Exod | NorSMB | 14:21 | Då rette Moses handi si ut yver havet, og Herren sende ei strid austanvind, som bles heile natti, so vatnet dreiv undan: han gjorde havet til turt land, og vatnet kløyvde seg. | |
Exod | NorSMB | 14:22 | Og Israels-folket gjekk tvert gjenom havet på turre grunnen, og vatnet stod som ein mur både på høgre og vinstre sida. | |
Exod | NorSMB | 14:23 | Men egyptarane sette etter, og fylgde til midt ut i havet, alle hestarne åt Farao og vognerne og riddarane hans. | |
Exod | NorSMB | 14:24 | So hende det fyrstundes i otta at Herren såg ned på egyptarheren frå eld- og skystopulen og forvilla egyptarheren. | |
Exod | NorSMB | 14:25 | Han slo hjuli undan vognerne deira, so det gjekk tungt for deim å koma fram. Då sagde egyptarane: «Lat oss røma for Israel! For Herren er med deim og strider mot egyptarane!» | |
Exod | NorSMB | 14:26 | Og Herren sagde til Moses: «Rett handi di ut yver havet, so skal vatnet fløyma attende yver egyptarane, yver vognerne og riddarane deira!» | |
Exod | NorSMB | 14:27 | So rette Moses handi ut yver havet, og då det leid imot morgonen, kom havet veltande attende i det gamle romet sitt, men egyptarane rømde beint imot bårorne, og Herren støytte deim midt ut i havet. | |
Exod | NorSMB | 14:28 | Vatnet flødde i hop att, og gøymde vognerne og riddarane i heile Farao-heren, som hadde fylgt etter deim ut i havet; det vart ikkje att ein einast ein. | |
Exod | NorSMB | 14:29 | Men Israels-folket gjekk tvert igjenom havet på turre sanden, og vatnet stod som ein mur på både sidorne, både den høgre og den vinstre. | |
Exod | NorSMB | 14:30 | Soleis berga Herren den dagen Israel for egyptarane, og Israel skoda egyptarane korleis dei låg daude på havstrandi. | |