GALATIANS
Chapter 4
Gala | NorSMB | 4:1 | Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på honom og trælen, endå han er herre yver alt saman; | |
Gala | NorSMB | 4:2 | men han er under uppsynsmenner og rådsmenner til den tidi faren fyreåt hev fastsett. | |
Gala | NorSMB | 4:6 | Men av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin sons Ande, som ropar: «Abba, Fader!» | |
Gala | NorSMB | 4:8 | Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar. | |
Gala | NorSMB | 4:9 | Men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda atter til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter å nyo træla under honom? | |
Gala | NorSMB | 4:12 | Vert liksom eg, for eg er liksom de; brør! eg bed dykk; de hev ingen urett gjort meg. | |
Gala | NorSMB | 4:13 | Men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet, at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet, | |
Gala | NorSMB | 4:14 | og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og støytte meg ikkje burt; men de fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus. | |
Gala | NorSMB | 4:15 | Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk, at um det hadde vore mogelegt, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg. | |
Gala | NorSMB | 4:17 | Dei syner ein ihuge for dykk som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for deim. | |
Gala | NorSMB | 4:18 | Men det er godt å vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk. | |
Gala | NorSMB | 4:20 | Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde brigda mi røyst; for eg er i vanråd med dykk. | |
Gala | NorSMB | 4:22 | For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna. | |
Gala | NorSMB | 4:23 | Men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, men son åt den frie kvinna etter lovnaden. | |
Gala | NorSMB | 4:24 | I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnorne er tvo pakter: den eine frå Sinaifjellet, som føder til trældom, dette er Hagar; | |
Gala | NorSMB | 4:25 | for «Hagar» er Sinaifjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine. | |
Gala | NorSMB | 4:27 | For det stend skrive: «Ver glad, du barnlause, som ikkje føder; kved i og ropa, du som ikkje hev barnerider! for borni hennar som er einsleg, er mange fleire enn hennar som hev mannen.» | |
Gala | NorSMB | 4:29 | Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde honom som var fødd etter åndi, soleis er det no og. | |
Gala | NorSMB | 4:30 | Men kva segjer Skrifti? «Driv ut trælkvinna og son hennar; for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.» | |