JEREMIAH
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52
Chapter 9
Jere | NorSMB | 9:1 | Å, um hovudet mitt var vatn og auga mitt ei tårekjelda! Då skulde eg gråta dag og natt yver deim som er ihelslegne for dotteri, folket mitt! | |
Jere | NorSMB | 9:2 | Å, um eg hadde eit herbyrge i øydemarki! Då skulde eg skiljast med folket mitt og fara burt frå deim. For alle saman er dei horkarar, ein flokk av svikarar. | |
Jere | NorSMB | 9:3 | Og dei spenner tunga som bogen sin til lygn, og ikkje på ærleg vis er dei megtige vortne i landet, men frå vondt til vondt gjeng dei fram, og meg veit dei ikkje av, segjer Herren. | |
Jere | NorSMB | 9:4 | Vara dykk, kvar og ein for sin ven, og lit ikkje på ein bror! for kvar ein bror er ein stor-svikar, og kvar ein ven fer med baktale. | |
Jere | NorSMB | 9:5 | Og kvar og ein svik sin ven, og sanning talar dei ikkje. Dei tem si tunge upp til å tala lygn, dei møder seg ut med meinkrokar. | |
Jere | NorSMB | 9:7 | Difor, so segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg vil smelta deim og røyna deim, for kva anna skulde eg gjera med slik ei som dotteri, folket mitt? | |
Jere | NorSMB | 9:8 | Tunga deira er ei drepande pil, svik talar ho. Med munnen talar dei venleg med grannen sin, men i hjarta set dei upp gildra for honom. | |
Jere | NorSMB | 9:9 | Skulde eg ikkje heimsøkja deim for slikt? segjer Herren; skulde mi sjæl ikkje hemna seg på slikt eit folk? | |
Jere | NorSMB | 9:10 | Yver heidarne vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkerne i audni med eit syrgjekvæde; for dei er avsvidne, so ingen fer der framum, og fe-rauting er ikkje høyrande der. Både himmelens fuglar og dyri er flydde og burtfarne. | |
Jere | NorSMB | 9:11 | Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byarne i Juda vil eg gjera til ei audn so ingen bur i deim. | |
Jere | NorSMB | 9:12 | Kven er so vis ein mann at han skynar dette, og kven hev Herrens munn tala til, so han kann kunngjera dette: Kvifor landet er i øyde lagt, avsvide som ei øydemark der ingen fer framum? | |
Jere | NorSMB | 9:13 | Og Herren sagde: Sidan dei vende seg frå lovi mi, som eg gav deim, og ikkje lydde meg og ikkje ferdast etter henne, | |
Jere | NorSMB | 9:14 | men ferdast etter sitt harde hjarta og etter Ba’alarne som federne deira hadde lært deim, | |
Jere | NorSMB | 9:15 | difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg gjev dette folket malurt å eta og eitervatn å drikka. | |
Jere | NorSMB | 9:16 | Og eg vil spreida deim ut millom folkeslag som dei ikkje kjende, korkje dei sjølve eller federne deira, og eg vil senda sverdet etter deim til dess eg fær tynt deim. | |
Jere | NorSMB | 9:17 | So segjer Herren, allhers drott: Gjev gaum, og kalla på syrgjekvendi, at dei må koma, og send bod til dei kunnige kvinnorne, at dei kann koma! | |
Jere | NorSMB | 9:18 | Og lat deim skunda seg og setja i eit syrgjekvad yver oss, so tåror kann trilla utor augo våre og augneloki våre vatsfljuga. | |
Jere | NorSMB | 9:19 | For frå Sion høyrer ein omen av syrgjesong: «Å, kor øydelagde me er! Me er vortne ovleg til skammar; for landet laut me fly, av di at dei hev brote ned våre bustader.» | |
Jere | NorSMB | 9:20 | Ja, høyr, de kvinnor, Herrens ord, og lat øyra dykkar taka imot ordet frå hans munn, og lær døtterne dykkar syrgjesong, og den eine lære hi syrgjekvæde! | |
Jere | NorSMB | 9:21 | For dauden stig upp i vindaugo våre, er komen inn i hallerne våre. Han vil rydja ut borni på gata og ungmenni frå torgi. | |
Jere | NorSMB | 9:22 | Tala: So segjer Herren: Og manne-liki skal liggja som møk burtyver jordi og som kornband etter skjeraren, og ingen samlar deim upp. | |
Jere | NorSMB | 9:23 | So segjer Herren: Den vise rose seg ikkje av visdomen sin, og den sterke rose seg ikkje av styrken sin, den rike rose seg ikkje av rikdomen sin! | |
Jere | NorSMB | 9:24 | Men den som vil rosa seg, han rose seg av di han er vitug og kjenner meg: at eg er Herren, som gjer miskunn, rett og rettferd på jordi; for i sovore hev eg hugnad, segjer Herren. | |
Jere | NorSMB | 9:25 | Sjå, dei dagar skal koma, segjer Herren, då eg vil heimsøkja alle umskorne som er u-umskorne: | |