NUMBERS
Chapter 24
Numb | NorSMB | 24:1 | Men no tyktest Bileam sjå at det var Herrens vilje å velsigna Israel, og han gjekk ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andlitet mot øydemarki, | |
Numb | NorSMB | 24:2 | og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom, | |
Numb | NorSMB | 24:4 | han som høyrer ord i frå Gud, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned: | |
Numb | NorSMB | 24:6 | Som bekkjedalar breider seg, som aldehagar kring ei å, aloetrei Herren ol, og cedrarn’, attmed vatnet veks. | |
Numb | NorSMB | 24:7 | Utor hans byttor strøymer vatn, og vel hans åker vatna er. Hans konge yver Agag gjeng, og høgt hans rike hevjar seg. | |
Numb | NorSMB | 24:8 | Gud leid’ han or Egyptarland, ein urokse med sterke horn. Fiendefolki upp han et, og knokarn’ deira knasar han, med sine kolvar sund deim skyt. | |
Numb | NorSMB | 24:9 | Som løva legg han seg til ro; kven vågar vel å vekkj’ han upp? Gud signe den som signar deg, og banne den som bannar deg!» | |
Numb | NorSMB | 24:10 | Då vart Balak brennande harm på Bileam; han slo i hop henderne, og sagde til honom: «Eg kalla deg hit so du skulde beda vondt yver uvenerne mine, og no hev du velsigna deim tri gonger! | |
Numb | NorSMB | 24:11 | Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å løna deg vel, men Herren hev meinka deg løni.» | |
Numb | NorSMB | 24:13 | «Um Balak gjev meg huset sitt fullt av sylv og gull,» sagde eg, «so kann eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.» | |
Numb | NorSMB | 24:14 | No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.» | |
Numb | NorSMB | 24:15 | So bar han upp spådomen sin, og kvad: «Segjer Bileam, Beors son, mæler mannen med augo att, | |
Numb | NorSMB | 24:16 | han som høyrer ord ifrå Gud, vita fær det den Høgste veit, syner frå den Allsterke ser, med opna augo sigen ned: | |
Numb | NorSMB | 24:17 | Eg skodar han, men ikkje no, eg augnar han, men ikkje nær - ei stjerna som or Jakob stig, eit spir som sprett or Israel! - Moabs tunnvangar trør han sund, og øyder ufredsætti ut. | |
Numb | NorSMB | 24:18 | Edom vert eigedomen hans, og Se’ir slær han under seg, det uvenern’ hans åtte fyrr; stort velde vinn seg Israel. | |
Numb | NorSMB | 24:19 | Av Jakob ris den råda skal; han ryd ut or byarn’ ut deim som frå bardagen hev berga seg.» | |
Numb | NorSMB | 24:20 | So såg han amalekitane. Då kvad han dette verset: «Fyrst utav folk er Amalek, men ein gong gjeng han og til grunns.» | |
Numb | NorSMB | 24:21 | Og han såg kenitarne, og kvad: «Din bustad er ei borg so fast, på nuten hev ditt reir du bygt. | |
Numb | NorSMB | 24:24 | Med skip frå Kittimleidi kjem; dei døyver Assur, døyver deim som burtanfyre elvi bur, so dei og utor heimen kverv.» | |