Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NUMBERS
Prev Up Next
Chapter 21
Numb NorSMB 21:1  Då den kananitiske kongen som budde i Arad i Sudlandet, høyrde at Israel kom farande etter ålmannvegen, tok han på deim, og fanga nokre av deim.
Numb NorSMB 21:2  Då gjorde Israel ein lovnad til Herren, og sagde: «Gjev du dette folket i våre hender, so skal me bannstøyta byarne deira.»
Numb NorSMB 21:3  Og Herren høyrde bøni, og gav kananitarne i Israels hender, og Israel bannstøytte deim og byarne deira; sidan kalla dei den staden Horma.
Numb NorSMB 21:4  Frå Horfjellet tok dei leidi burt imot Raudehavet, og vilde fara ikring Edomlandet. Men på vegen vart folket utoluge;
Numb NorSMB 21:5  dei lasta Gud og Moses, og sagde: «Kvi hadde de oss burt frå Egyptarland? No lyt me døy her i øydemarki; for her finst det korkje brød eller vatn, og me er hjarteleide av denne veike maten.»
Numb NorSMB 21:6  Då sende Herren eiterormar, som for inn imillom folket og hogg deim, so mange av deim døydde.
Numb NorSMB 21:7  So kom dei til Moses, og sagde: «Me synda då me lasta Herren og deg. Bed Herren at han vil fria oss frå ormarne!» Då bad Moses for folket.
Numb NorSMB 21:8  Og Herren sagde til Moses: «Gjer deg ein eitarorm, og set honom upp på ei stong, so skal kvar ein som er ormhoggen og ser burt på honom få liva.»
Numb NorSMB 21:9  So gjorde Moses ein koparorm, og sette honom på ei stong, og kvar gong ormarne hadde hogge nokon og han såg burt på koparormen, fekk han liva.
Numb NorSMB 21:10  Sidan tok Israels-sønerne i vegen att, og lægra seg i Obot.
Numb NorSMB 21:11  So tok dei ut frå Obot, og lægra seg ved Ijje-ha-Abarim i øydemarki austanfor Moab.
Numb NorSMB 21:12  So for dei derifrå, og slo læger i Zereddalen.
Numb NorSMB 21:13  So for dei lenger, og slo læger på hi sida av Arnonelvi, der som ho kjem utor Amoritarlandet og renn igjenom øydemarki. Arnon er landskilet åt Moab, og byte millom Moab og amoritarne;
Numb NorSMB 21:14  difor stend det i boki um Herrens herferder: «Vaheb vann me snøgge som vinden, åern’ alle, ja sjølve Arnon -
Numb NorSMB 21:15  elvelidi som heldt til Arheim og hallar seg uppåt Moabs-eigni.»
Numb NorSMB 21:16  So for dei til Be’er. Der er den brunnen som Herren tala um då han sagde til Moses: «Kalla i hop folket, so skal eg gjeva deim vatn!»
Numb NorSMB 21:17  Då song Israel denne songen: «Vell upp, du klåre olla! Ein song me vil deg syngja!
Numb NorSMB 21:18  Du brunn som jarlar bora, og hovdingarne hola med styrarstavarn’ sine - frå aude grunn ei gåva.»
Numb NorSMB 21:19  Frå Mattana for dei so til Nahaliel, og frå Nahaliel til Bamot,
Numb NorSMB 21:20  og frå Bamot til den dalen som ligg i Moabmarki, tett med toppen av Pisgafjellet, og hallar ned imot Øydemoen.
Numb NorSMB 21:21  Israel sende bod til Sihon, kongen yver amoritarne, og sagde:
Numb NorSMB 21:22  «Lat meg få fara igjenom landet ditt! Me skal ikkje koma inn på åkrarne eller vingardarne, og ikkje drikka av brunnarne; me skal halda oss etter kongsvegen, til me er komne gjenom landet ditt.»
Numb NorSMB 21:23  Men Sihon vilde ikkje gjeva Israel lov til å fara gjenom landet; han samla alt herfolket sitt, og for ut i øydemarki mot Israel. Då han kom til Jahas, møtte han deim, og rauk på deim.
Numb NorSMB 21:24  Men Israel hogg honom ned med kvasse sverd, og tok landet hans, frå Arnon til Jabbok til Ammonriket; men landskilet åt Ammons-sønerne var tettsett med borger.
Numb NorSMB 21:25  Og Israel lagde under seg alle byarne åt amoritarne, og vart buande der, i Hesbon og alle dei byarne som høyrde til.
Numb NorSMB 21:26  For Hesbon var hovudstaden åt Sihon, amoritarkongen; han hadde slegest med den fyrre kongen i Moab, og teke frå honom alt landet heilt til Arnon.
Numb NorSMB 21:27  Difor segjer skalden: «Kom hit, kom hit til Hesbon, bygg upp att Sihons borg!
Numb NorSMB 21:28  For eld for ut frå Hesbon, frå Sihons stad ein loge, som øydde Ar i Moab og herja deim som hyste på Arnonhøgdene.
Numb NorSMB 21:29  Ai ei, no er det ute med ætti åt Kamos! Han sønern’ sine sender som rømingar or riket, og sine døtter driv han til amoritardrotten Sihon i fangeferd.
Numb NorSMB 21:30  Me skot på skot deim sende; Hesbon vart lagd i grus og heile landet herja med odd og egg, til Dibon. Me øydde alt ikring oss, og kveikte ufredselden alt burt åt Medeba.»
Numb NorSMB 21:32  og Moses sende njosnarar til Jazer; siden lagde dei under seg alle bygderne der ikring, og dreiv ut amoritarne som budde der.
Numb NorSMB 21:33  So tok dei på ei onnor leid, og for uppetter til Basan; og Og, kongen i Basan, for i mot deim til Edre’i med alt herfolket sitt, og baud ufred.
Numb NorSMB 21:34  Men Herren sagde til Moses: «Du treng ikkje vera rædd honom! Eg gjev honom i dine hender med alt folket og landet hans, og du kann gjera med honom som du gjorde med Sihon, kongen yver amoritarne, som budde i Hesbon.»
Numb NorSMB 21:35  So hogg dei honom ned, både honom og sønerne og folket hans, so ingen vart att eller slapp undan, og sidan eigna dei åt seg landet.