Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NUMBERS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 3
Numb NorSMB 3:1  No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet:
Numb NorSMB 3:2  Sønerne hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleazar og Itamar.
Numb NorSMB 3:3  Det var namni på Arons-sønerne, dei som vart salva til prestar og innsette i preste-embættet.
Numb NorSMB 3:4  Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar uvigd eld fram for Herren på Sinaiheidi, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleazar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin’s, augo.
Numb NorSMB 3:6  «Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, øvstepresten; dei skal vera honom til hjelp.
Numb NorSMB 3:7  Dei skal syta for det som han og heile lyden treng når dei stend framanfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i gudshuset.
Numb NorSMB 3:8  Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-folket; for det er dei som skal greida alt arbeidet i gudhuset.
Numb NorSMB 3:9  Du skal gjeva levitarne til Aron og sønerne hans: dei skal vera ei gåva til honom frå Israels-folket.
Numb NorSMB 3:10  Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.»
Numb NorSMB 3:12  «Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine.
Numb NorSMB 3:13  For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.»
Numb NorSMB 3:14  Og Herren tala atter til Moses på Sinaiheidi, og sagde:
Numb NorSMB 3:15  «Du skal mynstra Levi-sønerne etter ætter og ættgreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet.»
Numb NorSMB 3:16  So mynstra Moses deim etter Herrens ord, so han var fyresagd.
Numb NorSMB 3:17  Sønerne hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari.
Numb NorSMB 3:18  Og sønerne hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime’i.
Numb NorSMB 3:19  Og sønerne hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.
Numb NorSMB 3:20  Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira.
Numb NorSMB 3:21  Frå Gerson er Libni-ætti og Some’i-ætti; det er dei me kallar Gersons-ætterne.
Numb NorSMB 3:22  Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 3:23  Gersons-ætterne hadde lægret attanfor gudshuset, i vest.
Numb NorSMB 3:24  Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael.
Numb NorSMB 3:25  Det som Gersons-ætterne skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædetæpi og raggetæpi og tekkjet yver deim, og tæpet til møtetjelddøri,
Numb NorSMB 3:26  og lereftsgarden kring tunet, og tæpet i porten til tunet kring gudshuset og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det.
Numb NorSMB 3:27  Frå Kahat er Amrams-ætti komi, og Jishars-ætti, og Hebrons-ætti, og Uzziels-ætti; det er dei me kallar Kahats-ætterne.
Numb NorSMB 3:28  Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og tri hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi.
Numb NorSMB 3:29  Kahats-ætterne hadde lægret sitt på sudsida av gudshuset.
Numb NorSMB 3:30  Hovdingen yver Kahats-ætti og greinerne hennar var Elisafan, son åt Uzziel.
Numb NorSMB 3:31  Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og forhenget, og dei heilage gognerne som dei hadde til gudstenesta, og alt som skulde gjerast med det.
Numb NorSMB 3:32  Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleazar, son åt Aron, øvstepresten. Han hadde tilsynet med deim som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen.
Numb NorSMB 3:33  Frå Merari er Mahli-ætti og Musi-ætti komne; det er dei me kallar Merari-ætterne.
Numb NorSMB 3:34  Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 3:35  Hovdingen yver Merari-ætti og greinerne hennar var Suriel, son åt Abiha’il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av gudshuset.
Numb NorSMB 3:36  Det som Merari-sønerne var sette til, det var å hava umsut med plankarne i huset, og tverstokkarne og stolparne og stabbarne, og all reidskapen, og alt som skulde gjerast med det,
Numb NorSMB 3:37  og stolparne til tungarden, med stabbarne og pålarne og togi som høyrde til.
Numb NorSMB 3:38  Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet.
Numb NorSMB 3:39  Dei som vart talde i Levi-ætti, dei som Moses og Aron talde, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann.
Numb NorSMB 3:40  Og Herren sagde til Moses: «Tel alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle, og skriva deim inn i manntalet,
Numb NorSMB 3:41  og lat so meg, Herren, få levitarne i staden for deim, og feet åt levitarne i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-folket.»
Numb NorSMB 3:42  So talde Moses alle dei frumborne Israels-sønerne, som Herren hadde sagt med honom.
Numb NorSMB 3:43  Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna deim i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti.
Numb NorSMB 3:45  «Tak levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-sønerne, og feet åt levitarne i staden for feet deira; og levitarne skal høyra meg til, meg, Herren.
Numb NorSMB 3:46  Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar,
Numb NorSMB 3:47  skal du taka fem dalar for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren,
Numb NorSMB 3:48  og pengarne skal du gjeva til Aron og sønerne hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet.»
Numb NorSMB 3:49  So fekk Moses løysepengarne for dei som var att av dei frumborne Israels-sønerne, då dei hine var utløyste med levitarne;
Numb NorSMB 3:50  av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengarne - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti dalar i heilag mynt -
Numb NorSMB 3:51  og han gav deim til Aron og sønerne hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt med honom.