NUMBERS
Chapter 2
Numb | NorSMB | 2:2 | «Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke. | |
Numb | NorSMB | 2:3 | På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab; | |
Numb | NorSMB | 2:4 | og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann. | |
Numb | NorSMB | 2:5 | Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar; | |
Numb | NorSMB | 2:9 | Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut. | |
Numb | NorSMB | 2:10 | Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur; | |
Numb | NorSMB | 2:12 | Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai; | |
Numb | NorSMB | 2:15 | og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann. | |
Numb | NorSMB | 2:16 | Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen. | |
Numb | NorSMB | 2:17 | Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana. | |
Numb | NorSMB | 2:18 | Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud; | |
Numb | NorSMB | 2:20 | Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur; | |
Numb | NorSMB | 2:22 | Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni; | |
Numb | NorSMB | 2:24 | Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad. | |
Numb | NorSMB | 2:25 | Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai; | |
Numb | NorSMB | 2:27 | Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran; | |
Numb | NorSMB | 2:31 | Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.» | |
Numb | NorSMB | 2:32 | Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk. | |
Numb | NorSMB | 2:33 | Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera. | |