NUMBERS
Chapter 23
Numb | NorSMB | 23:1 | So sagde Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju uksar og sju verar!» | |
Numb | NorSMB | 23:2 | Balak gjorde som Bileam sagde, og Balak og Bileam ofra ein ukse og ein ver på kvart altar. | |
Numb | NorSMB | 23:3 | So sagde Bileam til Balak: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng burt eit bil; kann henda Herren kjem til møtes med meg; kva han då let meg sjå, det skal eg segja med deg.» So gjekk han burt på ei treberr høgd; | |
Numb | NorSMB | 23:4 | der kom Gud til møtes med honom, og Bileam sagde til honom: «No hev eg stelt til sju altar, og ofra ein ukse og ein ver på kvart altar.» | |
Numb | NorSMB | 23:5 | Då lagde Herren eit ord i munnen på honom, og sagde: «Gakk attende til Balak, og tala so som eg no hev lært deg.» | |
Numb | NorSMB | 23:6 | Då han kom attende, såg han Balak stod ved brennofferet sitt med alle Moabs hovdingar. | |
Numb | NorSMB | 23:7 | Då bar han fram spådomsordet sitt, og kvad: «Or Aram Balak hit meg baud, or austerfjelli Moabs drott: «Kom! Yver Jakob våbøn lys, og vreide vond yv’ Israel!» | |
Numb | NorSMB | 23:8 | Koss kann eg beda vondt yv’ den som Gud vil vel og ikkje vondt, og lysa heitan harm yv’ ein som Herren ikkje harmast på? | |
Numb | NorSMB | 23:9 | Frå høgste nuten ser eg han, frå haugarn’ eg augna kann: Ein lyd som liver for seg sjølv. Med heidningfolk held han ’kje lag. | |
Numb | NorSMB | 23:10 | Kven kann upprekna Jakobs ætt, og taka tal på Israel? Det vøre telja sand i strand og gyvet som på jordi fyk. Mått’ eg som desse gode døy, og få ei endelykt som dei!» | |
Numb | NorSMB | 23:11 | «Kva er det du gjer?» ropa Balak. «Til å banna fiendarne mine fekk eg deg hit, og so velsignar du deim!» | |
Numb | NorSMB | 23:12 | «Lyt eg ikkje halda meg etter dei ordi som Herren legg meg i munnen?» svara Bileam. | |
Numb | NorSMB | 23:13 | Då sagde Balak: «Kjære, kom og ver med meg til ein annan stad, so du kann sjå deim betre - her ser du berre enden av lægret; heile lægret ser du ikkje - og bed so ei våbøn yver deim der.» | |
Numb | NorSMB | 23:14 | So tok han Bileam med seg til vardehaugen på toppen av Pisga; der bygde han sju altar og ofra ein ung ukse og ein ver på kvart altar. | |
Numb | NorSMB | 23:15 | Og Bileam sagde til honom: «Statt her innmed brennofferet ditt, med eg gjeng der burt til eit møte.» | |
Numb | NorSMB | 23:16 | So kom Herren til møtes med Bileam, og lagde eit ord i munnen hans, og sagde: «So skal du tala når du kjem attende til Balak!» | |
Numb | NorSMB | 23:17 | Då han kom attende, stod Balak endå ved brennofferet, og Moabs hovdingar med honom. «Kva sagde Herren?» spurde han. | |
Numb | NorSMB | 23:18 | Då bar Bileam upp spådomsordet sitt, og kvad: «Kom, Balak, og mitt kvede høyr, lyd på min song, son åt Sippor! | |
Numb | NorSMB | 23:19 | Rett aldri munde Gud sitt ord mishalla som eit menneskje ell’ angra som eit mannebarn. Det han hev sagt, set han i verk det han hev lova, held han og. | |
Numb | NorSMB | 23:21 | Aldri hjå Jakob naud du såg, ell’ ulukka hjå Israel; Herren, hans Gud, er med han stødt, og kongeluren hjå han læt. | |
Numb | NorSMB | 23:23 | Jakob treng ingi trolldomskunst, og ingen spådom i Israel; når stundi er der, vert det sagt åt Jakob og åt Israel kva Gud vil gjera til kvar tid. | |
Numb | NorSMB | 23:24 | Sjå, lyden som ei løva ris, som løva lyfter seg til sprang, og ikkje lyster leggja seg, fyrr ho hev metta seg med rov og drukke blod av deim ho drap.» | |
Numb | NorSMB | 23:25 | Då sagde Balak til Bileam: «Um du ikkje vil banna deim, so tarv du då ikkje velsigna deim.» | |
Numb | NorSMB | 23:26 | «Hev eg ikkje sagt deg at eg i eitt og alt lyt gjera som Herren segjer med meg?» svara Bileam. | |
Numb | NorSMB | 23:27 | «Kjære, kom,» sagde kongen, «so skal eg fylgja deg til ein annan stad; kann henda Herren ikkje hev noko imot at du bannar deim der.» | |
Numb | NorSMB | 23:28 | So tok han Bileam med seg upp på toppen av Peorfjellet, som skodar ned på Øydemoen. | |
Numb | NorSMB | 23:29 | Då sagde Bileam til honom: «Bygg sju altar for meg her, og få meg hit sju unge uksar og sju verar!» | |