Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NUMBERS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 35
Numb NorSMB 35:1  Og Herren tala atter til Moses på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
Numb NorSMB 35:2  «Seg til Israels-sønerne: «De skal gjeva levitarne byar til bustad i det landet de kjem til å eiga, og utmarki som ligg ikring, skal de og lata levitarne få.
Numb NorSMB 35:3  Byarne skal dei hava til å bu i, og utmarki som høyrer til, skal vera til beite for klyvdyri og feet og all buskapen deira.
Numb NorSMB 35:4  Utmarki som de gjev levitarne, skal nå tusund alner ut ifrå bymuren rundt ikring.
Numb NorSMB 35:5  Utanfor byen skal de mæla upp tvo tusund alner på austsida, og tvo tusund alner på sudsida, og tvo tusund alner på vestsida, og tvo tusund alner på nordsida, og byen skal liggja midt i; det skal vera bymarkerne deira.
Numb NorSMB 35:6  Dei byarne som de gjev levitarne, skal vera dei seks fredstaderne, som dråpsmenner kann røma til, og attåt deim skal de gjeva tvo og fyrti andre byar.
Numb NorSMB 35:7  I alt skal de gjeva levitarne åtte og fyrti byar med beitemarkerne som høyrer til.
Numb NorSMB 35:8  Og av dei byarne som de gjev deim av eigedomen åt Israels-sønerne, skal dei taka fleire frå den som hev mykje land, og færre frå den som hev lite. Kvar skal gjeva levitarne byar etter som han hev fenge land til.»»
Numb NorSMB 35:10  «Tala til Israels-sønerne og seg til deim: «Når de fer yver Jordan og til Kana’ans-landet,
Numb NorSMB 35:11  so lyt de velja dykk ut nokre byar som de skal hava til fredstader, so ein dråpsmann som uviljande hev drepe nokon, kann røma dit.
Numb NorSMB 35:12  Dei byarne skal vera dykk til ei trygd mot den som vil hemna dråpet, so dråpsmannen ikkje skal lata livet, fyrr han hev stade til doms for lyden.
Numb NorSMB 35:13  Dei byarne som de tek til fredstader, skal vera seks i talet.
Numb NorSMB 35:14  Tri av deim skal vera på austsida av Jordan og tri i Kana’ans-landet; fredstader skal dei vera.
Numb NorSMB 35:15  Både for Israels-borni og for dei framande og innflutte som bur millom deim, skal desse seks byarne vera til ei livd, so den som uviljande hev drepe nokon, kann søkja dit.
Numb NorSMB 35:16  Den som slær ein med eit jarnhandyvle, so han døyr, han er ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numb NorSMB 35:17  Tek nokon ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og slær ein med so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numb NorSMB 35:18  Tek nokon eit trehandyvle som dei kann drepa folk med, og slær ein med det, so han døyr, då er han ein manndråpar, og manndråparen skal lata livet.
Numb NorSMB 35:19  Det er blodhemnaren kann slå manndråparen i hel; so snøgt som han finn honom, skal han slå honom i hel.
Numb NorSMB 35:20  Dersom nokon støyter til ein av hat, eller kastar noko på honom med vilje, so han døyr,
Numb NorSMB 35:21  eller av fiendskap slær ein med neven, so han døyr, so skal den som gjorde det lata livet; han er ein manndråpar: og blodhemnaren skal slå honom i hel so snøgt han finn honom.
Numb NorSMB 35:22  Men dersom nokon støyter til ein av vanvare, utan fiendskap, eller kastar einkvar tingen på honom mot sin vilje,
Numb NorSMB 35:23  eller råmar honom med ein stein, stor nok til å drepa ein mann, og ikkje ser honom, og han døyr av det, men dråpsmannen ikkje var hans uven eller vilde honom vondt,
Numb NorSMB 35:24  då skal lyden døma millom dråpsmannen og blodhemnaren etter desse loverne.
Numb NorSMB 35:25  Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren, og føra honom attende til fredstaden som han hadde søkt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.
Numb NorSMB 35:26  Men kjem han utum fredstaden som han hev tydt til,
Numb NorSMB 35:27  og blodhemnaren råkar honom der - utanfor fredstaden - so kann hemnaren slå honom i hel, og det skal ikkje reknast for manndråp;
Numb NorSMB 35:28  for dråpsmannen lyt halda seg i fredstaden sin, til øvstepresten er avliden; då fyrst kann han fara heim att til si eigi bygd og sin eigedom.
Numb NorSMB 35:29  Dette skal gjelda for lov og rett hjå dykk alle tider og alle stader.
Numb NorSMB 35:30  Hev nokon gjort manndråp, so skal han lata livet, so framt det er meir enn eitt vitne mot honom; etter ein manns vitnemål må ingen dømast frå livet.
Numb NorSMB 35:31  De må ikkje taka imot løysepengar for ein som er saka i manndråp og dømt til dauden, han skal lata livet.
Numb NorSMB 35:32  Og de må ikkje taka imot løysepengar for ein som hev tydt til ein fredstad, og lata honom koma ut att og bu ein annan stad i landet, fyrr øvstepresten er avliden.
Numb NorSMB 35:33  De skal ikkje vanhelga det landet de bur i; for blodet vanhelgar landet, og landet fær ikkje soning for blodet som hev runne der utan med blodet av den som rende det ut.
Numb NorSMB 35:34  Difor skal du ikkje sulka det landet de bur i, og som eg hev min bustad i; for eg Herren, hev bustaden min millom Israels-folket.»»