Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NUMBERS
Prev Up Next
Chapter 1
Numb NorSMB 1:1  So var det den fyrste dagen i den andre månaden året etter dei hadde fare frå Egyptarlandet, då tala Herren til Moses på Sinaiheidi, i møtetjeldet, og sagde:
Numb NorSMB 1:2  «De skal taka tal på heile Israels-lyden etter ætter og ættgreiner, og skriva upp namni på alle karar, ein for ein,
Numb NorSMB 1:3  alle våpnføre menner i Israel som er tjuge år gamle eller meir, skal de mynstra, flokk for flokk, du og Aron.
Numb NorSMB 1:4  Og med dykk skal det vera ein mann av kvar ætt, den som er hovdingen for alle greinerne i ætti.
Numb NorSMB 1:5  So heiter dei mennerne som skal vera dykk til hjelp: av Rubens-ætti: Elisur, son åt Sede’ur;
Numb NorSMB 1:6  av Simeons-ætti: Selumiel, son åt Surisaddai;
Numb NorSMB 1:10  av Josefs-sønerne: Elisama, son åt Ammihud, av Efraims-ætti, og Gamliel, son åt Pedasur, av Manasse-ætti;
Numb NorSMB 1:16  Dette var dei som var kalla til formenner for lyden, dei høgste i fedreætterne sine, hovdingarne yver Israels-folket.
Numb NorSMB 1:17  So henta Moses og Aron dei mennerne som var namngjevne,
Numb NorSMB 1:18  og fyrste dagen i andre månaden kalla dei lyden i hop til eit ålmannamøte; og alle som var yver tjuge år, vart innskrivne i manntalet med namn, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:19  soleis som Herren hadde sagt; og Moses mynstra deim på Sinaiheidi.
Numb NorSMB 1:20  Fyrst mynstra han Rubens-sønerne - deim som var ætta frå Ruben, eldste son åt Israel - og då alle våpnføre menner av Rubens-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:21  so var det seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 1:22  So mynstra han Simeons-sønerne og ætterne deira, og då alle våpnføre menner av Simeons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:23  so var det ni og femti tusund og tri hundrad mann.
Numb NorSMB 1:24  So mynstra han Gads-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Gads-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:25  so var det fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
Numb NorSMB 1:26  So mynstra han Juda-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Juda-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:27  so var det fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
Numb NorSMB 1:28  So mynstra han Issakars-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Issakars-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:29  so var det fire og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:30  So mynstra han Sebulons-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Sebulons-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:31  so var det sju og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:32  So mynstra han Josefs-sønerne og ætterne deira: Då alle dei våpnføre av Efraims-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:34  og då alle dei våpnføre av Manasse-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:35  so var det tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 1:36  So mynstra han Benjamins-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Benjamins-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:37  so var det fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:38  So mynstra han Dans-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Dans-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:39  so var det tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
Numb NorSMB 1:40  So mynstra han Assers-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Assers-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:41  so var det ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 1:42  So mynstra han Naftali-sønerne og ætterne deira, og då alle dei våpnføre av Naftali-folket, frå tjugeårsalderen og uppetter, var innskrivne i manntalet, ein for ein, etter ætter og ættgreiner,
Numb NorSMB 1:43  so var det tri og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 1:44  Dette var dei som vart mynstra, dei som Moses og Aron og Israels hovdingar mynstra; og hovdingarne var tolv i talet, ein for kvar ætt.
Numb NorSMB 1:45  Og talet på deim som vart mynstra av Israels-sønerne og ætterne deira, alle dei våpnføre av Israel, frå tjugeårsalderen og uppetter,
Numb NorSMB 1:46  var seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti; so mange var det som vart mynstra.
Numb NorSMB 1:47  Levitarne og ætterne deira vart ikkje mynstra i hop med dei hine.
Numb NorSMB 1:49  «Levi-ætti skal du ikkje mynstra eller taka tal på saman med hitt Israels-folket.
Numb NorSMB 1:50  Set levitarne til å stella med huset som lovi er gøymd i, og med all bunaden i det og alt som høyrer til. Dei skal føra huset og all bunaden, og dei skal taka vare på huset, og lægra seg rundt ikring det.
Numb NorSMB 1:51  Når huset skal flytjast, so skal levitarne taka det ned, og når det skal reisast, skal levitarne setja det upp; kjem nokon framand innåt, lyt han døy.
Numb NorSMB 1:52  Israels-sønerne skal lægra seg flokk i flokk, kvar i sitt eige læger og under sitt eige hermerke,
Numb NorSMB 1:53  men levitarne skal lægra seg kringum gudshuset, so det ikkje skal koma vreide yver Israels-lyden; for det er levitarne som skal taka vare på gudshuset.»
Numb NorSMB 1:54  Og Israels-borni gjorde so; dei gjorde i alle måtar som Herren hadde sagt med Moses.