Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
NUMBERS
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 2
Numb NorSMB 2:1  Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
Numb NorSMB 2:2  «Israels-sønerne skal lægra seg kringum møtetjeldet, eit stykke ifrå, kvar innmed si fana og under sitt ættar-hermerke.
Numb NorSMB 2:3  På framsida, mot aust, skal Juda-heren liggja, flokk i flokk, kring fana si. Hovdingen yver Juda-sønerne er Nahson, son åt Amminadab;
Numb NorSMB 2:4  og flokken hans, dei som er mynstra i Juda-ætti, er fire og sytti tusund og seks hundrad mann.
Numb NorSMB 2:5  Jamsides med deim skal Issakars-ætti lægra seg. Hovdingen yver Issakars-sønerne er Netanel, son åt Suar;
Numb NorSMB 2:6  og flokken hans, dei som er mynstra, er fire og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:7  Like eins Sebulons-ætti. Hovdingen yver Sebulons-sønerne er Eliab, son åt Helon;
Numb NorSMB 2:8  og flokken hans, dei som er mynstra, er sju og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:9  Heile hermagti som er mynstra i Juda-lægret, er hundrad og seks og åtteti tusund og fire hundrad mann. Dei skal vera fremst i ferdi, når de tek ut.
Numb NorSMB 2:10  Rubens-heren med fana si skal lægra på sudsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Rubens-sønerne er Elisur, son åt Sede’ur;
Numb NorSMB 2:11  og flokken hans, dei som er mynstra, er seks og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 2:12  Jamsides med dei skal Simeons-ætti liggja. Hovdingen yver Simeons-sønerne er Selumiel, son åt Surisaddai;
Numb NorSMB 2:13  og flokken hans, dei som er mynstra, er ni og femti tusund og tri hundrad mann.
Numb NorSMB 2:14  Like eins Gads-ætti. Hovdingen yver Gads-sønerne er Eljasaf, son åt Re’uel;
Numb NorSMB 2:15  og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og fyrti tusund og seks hundrad og femti mann.
Numb NorSMB 2:16  Heile hermagti som er mynstra i Rubens-lægret, er hundrad og ein og femti tusund og fire hundrad og femti mann; dei skal vera i andre fylkingi, når de tek på vegen.
Numb NorSMB 2:17  Møtetjeldet og Levi-flokken skal vera midt imillom herarne kvar gong de tek ut; som dei lægrar seg, so skal dei fara i veg, kvar på sin stad og under si fana.
Numb NorSMB 2:18  Efraims-heren med fana si skal lægra seg på vestsida, flokk i flokk. Hovdingen yver Efraims-sønerne er Elisama, son åt Ammihud;
Numb NorSMB 2:19  og flokken hans, dei som er mynstra, er fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 2:20  Jamsides med deim skal Manasse-ætti liggja. Hovdingen yver Manasse-sønerne er Gamliel, son åt Pedasur;
Numb NorSMB 2:21  og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og tretti tusund og tvo hundrad mann.
Numb NorSMB 2:22  Like eins Benjamins-ætti. Hovdingen yver Benjamins-sønerne er Abidan, son åt Gideoni;
Numb NorSMB 2:23  og flokken hans, dei som er mynstra, er fem og tretti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:24  Heile hermagti som er mynstra i Efraims-lægret, er hundrad og åtte tusund og eitt hundrad mann. Dei skal vera i tridje fylkingi, so ofte de fer av stad.
Numb NorSMB 2:25  Dans-heren med fana si skal lægra seg mot nord, flokk i flokk. Hovdingen yver Dans-sønerne er Ahiezer, son åt Ammisaddai;
Numb NorSMB 2:26  og flokken hans, dei som er mynstra, er tvo og seksti tusund og sju hundrad mann.
Numb NorSMB 2:27  Jamsides med deim skal Assers-ætti liggja. Hovdingen yver Assers-sønerne er Pagiel, son åt Okran;
Numb NorSMB 2:28  og flokken hans, dei som er mynstra, er ein og fyrti tusund og fem hundrad mann.
Numb NorSMB 2:29  Like eins Naftali-ætti. Hovdingen yver Naftali-sønerne er Ahira, son åt Enan;
Numb NorSMB 2:30  og flokken hans, dei som er mynstra, er tri og femti tusund og fire hundrad mann.
Numb NorSMB 2:31  Heile hermagti som er mynstra i Dans-lægret, er hundrad og sju og femti tusund og seks hundrad mann. Dei skal vera attarst i ferdi med fanorne sine kvar gong de tek i veg.»
Numb NorSMB 2:32  Dette var dei av Israels-sønerne som vart mynstra, kvar etter si ætt; i alt var det seks hundrad og tri tusund og fem hundrad og femti mann som var mynstra i lægri, flokk etter flokk.
Numb NorSMB 2:33  Men levitarne vart ikkje mynstra saman med hitt Israels-folket; for det hadde Herren sagt med Moses at han ikkje skulde gjera.
Numb NorSMB 2:34  Og Israels-sønerne gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt med Moses; soleis lægra dei seg under fanorne sine, og soleis drog dei fram, kvar etter si ætt og med sine frendar.