Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
ROMANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Prev Up Next
Chapter 2
Roma NorSMB 2:1  Difor er du, menneskje, ikkje orsakande, kven du so er som dømer. For med di du dømer den andre, fordømer du deg sjølv, for du som dømer, gjer sjølv det same;
Roma NorSMB 2:2  men me veit at Guds dom, som sanning krev, er yver deim som gjer slikt.
Roma NorSMB 2:3  Men trur du det, du menneskje som dømer deim som gjer slikt og sjølv gjer det same, at du skal sleppa undan Guds dom?
Roma NorSMB 2:4  Eller vanvyrder du hans rikdom på godleik og tolmod og langmod, og veit ikkje at Guds godleik driv deg til umvending?
Roma NorSMB 2:5  Men med ditt hardlynde og ditt utbotferdige hjarta hopar du vreide yver deg på vreidens dag då Guds rettferdige dom vert openberr;
Roma NorSMB 2:6  for han skal gjeva kvar etter gjerningarne hans:
Roma NorSMB 2:7  deim som med trott i god gjerning søkjer herlegdom og æra og uforgjengelegdom, skal han gjeva ævelegt liv;
Roma NorSMB 2:8  men deim som er stridsame og ikkje lyder sanningi, men lyder urettferdi, skal timast vreide og harm.
Roma NorSMB 2:9  Naud og trengsla skal koma yver kvar menneskjesjæl som gjer det vonde, både jøde fyrst og so grækar.
Roma NorSMB 2:10  Men herlegdom og æra og fred skal timast kvar den som gjer det gode, både jøde fyrst og so grækar.
Roma NorSMB 2:12  Alle som synda utan lovi, dei skal og verta fortapte utan lovi, og alle som synda under lovi, dei skal og verta dømde ved lovi.
Roma NorSMB 2:13  For ikkje dei som høyrer lovi, er rettferdige for Gud, men dei som gjer etter lovi, skal verta rettferdiggjorde.
Roma NorSMB 2:14  For når heidningarne som ikkje hev lovi, gjer av naturi det som lovi byd, so er dei seg sjølve ei lov, endå dei ikkje hev lovi.
Roma NorSMB 2:15  Dei syner at lovgjerningi er skrivi i hjarto deira, med de samvitet deira gjev sitt vitnemål, og tankarne seg imillom sakar eller orsakar deim
Roma NorSMB 2:16  - på den dagen då Gud skal døma det dulde hjå menneski, etter mitt evangelium ved Jesu Kristus.
Roma NorSMB 2:17  Men um du heiter jøde og lit på lovi og rosar deg av Gud
Roma NorSMB 2:18  og veit hans vilje og dømer um dei ymse ting med di du lærer av lovi,
Roma NorSMB 2:19  og trøyster deg til å vera vegvisar for blinde, ljos for deim som er i myrker,
Roma NorSMB 2:20  uppsedar for dårar, lærar for umynduge, då du hev den rette form for kunnskap og sanning i lovi:
Roma NorSMB 2:21  Du som soleis lærer ein annan, lærer du ikkje deg sjølv? Du som preikar at ein ikkje skal stela, stel du?
Roma NorSMB 2:22  Du som segjer at ein ikkje skal driva hor, driv du hor? Du som styggjest ved avgudar, ranar du avgudstempel?
Roma NorSMB 2:23  Du som rosar deg av lovi, du vanærar Gud med di du bryt lovi!
Roma NorSMB 2:24  For «Guds namn vert spotta millom heidningarne for dykkar skuld,» som skrive stend.
Roma NorSMB 2:25  For umskjeringi gjer vel gagn um du held lovi; men bryt du lovi, då hev di umskjering vorte til fyrehud.
Roma NorSMB 2:26  Um då ein u-umskoren liver etter lovbodi, skal ikkje då hans fyrehud verta rekna for umskjering?
Roma NorSMB 2:27  Og den som hev den naturlege fyrehud, men uppfyller lovi, skal døma deg som med bokstav og umskjering bryt lovi.
Roma NorSMB 2:28  For ikkje den er jøde som er det i synom, og ikkje heller er det umskjering som er det i synom, på kjøtet.
Roma NorSMB 2:29  Men den som er jøde i løyndom, han er jøde, og umskjering er hjarteumskjering i ånd, ikkje i bokstav. Ein slik hev ros, ikkje av menneskje, men av Gud.