Site uses cookies to provide basic functionality.

OK
II CORINTHIANS
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13
Prev Up Next Toggle notes
Chapter 11
II C NorSMB 11:1  Gjev de vilde tola ein grand dårskap av meg! Jau, de skal tola meg.
II C NorSMB 11:2  For eg er åbryen på dykk med Guds åbryskap. For eg trulova dykk med ein mann, so eg kunde framstella ei rein møy for Kristus.
II C NorSMB 11:3  Men eg ottast for, at liksom ormen dåra Eva med si svikråd, soleis skal og dykkar tankar verta skadde og snudde burt frå den einfalde truskapen mot Kristus.
II C NorSMB 11:4  For um det kjem ein og forkynner ein annan Jesus, som me ikkje hev forkynt, eller de fær ein framand ande, som de ikkje fyrr hev fenge, eller eit framandt evangelium, som de ikkje fyrr hev motteke, so vil de tola det godt!
II C NorSMB 11:5  For eg tenkjer at eg ikkje i nokon ting er mindre mann enn dei ovstore apostlarne;
II C NorSMB 11:6  men um eg enn er ulærd i talen, er eg det då ikkje i kunnskapen; me hev tvert imot alltid synt dykk honom i alle stykke.
II C NorSMB 11:7  Eller gjorde eg synd, då eg audmykte meg sjølv so de kunde verta upphøgde, med di eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje?
II C NorSMB 11:8  Andre kyrkjelydar hev eg skattlagt, med di eg tok løn til dykkar tenesta, og då eg var hjå dykk og noko vanta meg, var eg ingen til tyngsla;
II C NorSMB 11:9  for når eg vanta noko, hjelpte brørne som kom frå Makedonia, og i alt vara eg meg for å falla dykk til tyngsla.
II C NorSMB 11:10  So visst som Kristi sanning er i meg, so skal denne ros ikkje takast frå meg i Akaia-bygderne!
II C NorSMB 11:11  Kvifor då? av di eg ikkje elskar dykk? Det veit Gud!
II C NorSMB 11:12  Men det eg gjer, det vil eg og gjera sidan, so eg kann avskjera deim tilhøve, som søkjer tilhøve, so dei må verta funne liksom me i det som dei rosar seg av.
II C NorSMB 11:13  For desse er falske apostlar, svikfulle arbeidarar, som skaper seg til liksom dei var Kristi apostlar.
II C NorSMB 11:14  Og det er ikkje underlegt, for Satan sjølv skaper seg um til ein ljosengel;
II C NorSMB 11:15  difor er det ikkje noko stort um hans tenarar og skaper seg um til rettferds tenarar; men deira ende skal høva til deira verk.
II C NorSMB 11:16  Atter segjer eg: Ingen halde meg for å vera uvitug, men um de gjer det, so tak då imot meg, um og som ein uvitug, so eg og må kunna rosa meg ein grand!
II C NorSMB 11:17  Det eg her talar, talar eg ikkje etter Herrens vilje, men liksom i dårskap i denne tillitsame ros.
II C NorSMB 11:18  Sidan mange rosar etter kjøtet, so vil eg og rosa meg.
II C NorSMB 11:19  For de toler gjerne uvitingarne, de som er so kloke.
II C NorSMB 11:20  For de toler det, um nokon gjer dykk til trælar, um nokon et dykk upp, um nokon fangar dykk, um nokon upphøgjer seg yver dykk, um nokon slær dykk i andlitet.
II C NorSMB 11:21  Med skam segjer eg det, av di me hev vore veike; men det som nokon er djerv i - eg talar i dårskap - det er eg og djerv i.
II C NorSMB 11:22  Er dei hebræarar? eg og. Er dei israelitar? eg og. Er dei Abrahams ætt? eg og.
II C NorSMB 11:23  Er dei Kristi tenarar? - eg talar som ein galen mann -: eg er det endå meir. Eg hev havt større stræv, fenge fleire slag, vore oftare i fengsel, ofte i livsfåre.
II C NorSMB 11:24  Av jødarne hev eg fem gonger fenge fyrti slag so nær som eitt.
II C NorSMB 11:25  Tri gonger vart eg hudflengd, ein gong steina, tri gonger leid eg skipbrot; eg hev vore eit døger i djupet.
II C NorSMB 11:26  Ofte var eg på ferder, i fårar i elvar, i fårar millom røvarar, i fårar millom landsmenner, i fårar millom heidningar, i fårar i by, i fårar i øydemark, i fårar på hav, i fårar millom falske brør,
II C NorSMB 11:27  i strev og møda, ofte i nattevoka, i svolt og torste, ofte fastande, frosen og naken;
II C NorSMB 11:28  umfram alt det andre hev eg endå det daglege tillaup, umsuti for alle kyrkjelydarne.
II C NorSMB 11:29  Kven er veik utan at eg vert veik? Kven vert avstygd utan at det brenn i meg?
II C NorSMB 11:30  Um eg endeleg skal rosa meg, so vil eg rosa meg av det som høyrer mi vanmagt til.
II C NorSMB 11:31  Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader, som er velsigna i all æva, han veit at eg ikkje lyg!
II C NorSMB 11:32  I Damaskus let kong Aretas’ landshovding vakta damaskenarbyen, då han vilde gripa meg;
II C NorSMB 11:33  og gjenom ein glugg i muren vart eg fira ned i ei korg og slapp ut or hans hender.